20.luke.Politisk julekalender

 Torsdag før jul er den store handledagen. Mange får bøker til jul, Klassekampen melder om «Klondyke i bokbransjen» . Bransjebladet Bok og samfunn meldte allreie i November om rekordår i bokbransjen. Det auka salet skjer både i bokhandlarane og via nettsal. Til og med bokklubbane er på veg oppover igjen på grunn av nettsalet.
(meir…)

Advertisements

desember 20, 2007 at 4:03 pm Kommenter innlegget

19.luke.Politisk julekalender

Rekk handa i veret alle som har brukt den statlig finansierte nettportalen Norge/Noreg.no. Det har tidligare i haust stått strid om kor mykje ressursar som brukast på dei statlige nettsatsingane Miside og Noreg.no. Nå har den statlege nettsatsinga Noreg.no funne ut at dei statlege nettstadene kjem betre ut enn andre offentlege nettenester. Sa nokon noko om bukken og havresekken? Min kjende bloggkollega, Plinius undersøkte tidligare i haust ein del av det som finnes av statlege portalar på utdanningssida (+ fleire artiklar same nettstad). Han blei ikkje imponert.
(meir…)

desember 18, 2007 at 10:07 pm Kommenter innlegget

18.luke. Politisk julekalender

Rogaland fylkesbibliotek får ny fylkesbiblioteksjef. Rogaland fylkeskommune har gitt stillinga som ny fylkesbiblioteksjef i Rogaland til Merete Nese Vinningland.
(meir…)

desember 17, 2007 at 5:22 pm 1 kommentar

17.luke. Politisk julekalender

Siste nummer i av tidskriftet Bibliotekaren har eit stort oppslått intervju med underteikna i samband med at eg snart skiftar jobb . Bloggkollega Plinius har allreie laga ein kommentar til både tidsskriftet og oppslaget. Sidan dette er to svært viktige kanalar for bibliotekpolitisk ordskifte blir oppfordringa i dag å lese disse.
(meir…)

desember 16, 2007 at 9:09 pm Kommenter innlegget

16.luke. Politisk julekalender

Folkebiblioteka var nokon av dei første kommunale tenestene som tok i bruk dataverktøy i det daglege. Frå tidleg i 80åra blei EDB-katalogar innført i biblioteka i stor fart først ute var Stavanger, med sin MEDIA-katalog. Omtrent samstundes blei heimedatamaskinen lansert. På midten av 80-talet hugsar eit fjernsynsinnslag som handlar om Hå bibliotek som har starta med utlån av heimedatamaskinar. Eit av dei mest mislukka forsøka eg har vore med på sa dåverande biblioteksjef i Hå, Kurt Kristensen til meg i ein samtale nokre år seinare.
(meir…)

desember 15, 2007 at 9:09 pm 1 kommentar

15.luke.Politisk julekalender

E-boka har vore ein attergangar i mange år. Av ulike grunnar har ikkje konseptet tatt heilt av sjølv om svært mange av oss i det daglege leser meir på skjerm enn på papir. Det skyldes både dei tekniske løsningane,  men og striden om dei økonomiske rettane for forfattarane.
(meir…)

desember 15, 2007 at 3:45 pm Kommenter innlegget

14.luke. Politisk julekalender

Fornyingsministar Heidi Grande Røys vil lære ungane i barnehagen å bruke datamaskiner . Departementet hennar ønskjar òg å lære eldre menneskjer å bruka digitale verktøy. I eit samfunn der det som kan digitaliserast blir digitalt er det sjølvsagt viktig at alle får opplæring og tilgang.
(meir…)

desember 14, 2007 at 8:25 pm Kommenter innlegget

Eldre innlegg Nyare innlegg


kategoriar

  • Blogroll

  • Feeds