Posts filed under ‘Sjølvskryt’

18.luke. Politisk julekalender

Rogaland fylkesbibliotek får ny fylkesbiblioteksjef. Rogaland fylkeskommune har gitt stillinga som ny fylkesbiblioteksjef i Rogaland til Merete Nese Vinningland.
(meir…)

desember 17, 2007 at 5:22 pm 1 kommentar

17.luke. Politisk julekalender

Siste nummer i av tidskriftet Bibliotekaren har eit stort oppslått intervju med underteikna i samband med at eg snart skiftar jobb . Bloggkollega Plinius har allreie laga ein kommentar til både tidsskriftet og oppslaget. Sidan dette er to svært viktige kanalar for bibliotekpolitisk ordskifte blir oppfordringa i dag å lese disse.
(meir…)

desember 16, 2007 at 9:09 pm Kommenter innlegget

November

Økonomi
Nå har den raudgrøne regjeringa lagt fram sitt tredje statsbudsjett, sjølv om ikkje alle er like nøgde med budsjettet, har kritikken vært relativt dempa.
(meir…)

oktober 31, 2007 at 7:40 pm 1 kommentar

Kanon

(Lagt ut i mai 2007, men endra på grunn teknisk problem)

Under Sigrid Undsetdagane på Lillehammer blei den norske litterære kanon kåra. Ei liste på 25 litterære verk blei dratt fram som dei viktigaste verka i Norge gjennom 1100 år. Nå kan ein sjølvsagt spørje seg kor stor verdi ei slik kåring vil ha, men det som er heilt sikkert ho vekkjer debatt og interesse for litteraturen. For oss som har arbeida med ulike litterære satsingar i Rogaland dei siste åra så registrer me med glede at vårt fylke er tungt representert på lista.

(meir…)

september 18, 2007 at 8:36 am Kommenter innlegget

Valekstra – kunnskapspolitikk

Det er i grunn rart at ikkje utdanning kjem høgare på agendaen i valkampen. I kommunane går trass alt kvar tredje krone til skulen. Ein av grunnane er nok heilt klart at innhaldet i skulen stort sett er bestemd sentralt. Valdebattar om utdanningspolitikken blir derfor lett ei litt absurd førestilling, der lokaldemokrati, sentral styring, pedagogikk, frukt og fagforeiningskrav blir blanda inn i ei stor røre.
(meir…)

september 2, 2007 at 12:51 pm 1 kommentar

Nokre refleksjonar ved overgangen til eit nytt år

Etter siste utgåva av Politisk kalender på biblioteklista så har eg på lista fått mange reaksjonar frå lesarar som skryt av kalenderen, Anders Ericsson, Kari Frodesen, Britt Ellingsdalen, Frode Bakken, i tilegg har Chris Erichsen og Kari Frodesen (igjen) offentleg oppmoda meg om å fortsette med å lage kalenderen. På toppen av det heile så har leiaren i NBF Anne Hustad tatt kontakt for å sjå om det noko bibliotekforeininga kan gjere for at kalenderen skal fortsette. (meir…)

desember 29, 2006 at 2:28 pm 1 kommentar

Desember

Reformer
ABM-utvikling valte å kalle bibliotekutgreiinga for
«Bibliotekreform 2014». Svært mykje av debatten om reforma har vært knytte til forslaga om konsolidering av folkebiblioteka. I fylgje forskar Jørund Nilsen ved ECON-analyse så vil bibliotekreforma svekka lokaldemokratiet. Det einaste(?) konsoliderte folkebiblioteket i Norge nemleg Tønsberg og Nøtterøy bibliotek er òg dratt inn i debatten.

Kulturlovforslaget er lagt fram, i utgangspunktet handlar denne lova ikkje om biblioteka. Det kan likevel vere verdt å få med seg det høyringsnotatet drøftar om grunnlova si paragraf 100. Nå er det ikkje alle som er like nøgde med lova. I Nationen ønskjer leiaren seg ei konkretisering av lovteksten.

Fredag den 8.12 kom endeleg den etterlengta stortingsmeldinga om forvaltningsreform på bordet.Det er vel verdt å merke seg at verken Kulturministeren eller Kunnskapsministeren fant det naudsynt å gå ut med eigen pressemelding om reforma. Ingen av disse reformforslaga får meg til å miste nattesvevnen, men eg trur det kan vere viktig at folkebiblioteka deltar i ordskiftet om kva slags bibliotekstell me ønskjer oss og korleis det skal vere organisert. (meir…)

desember 10, 2006 at 3:37 pm 1 kommentar

Eldre innlegg


Kalender

juli 2017
M T O T F S S
« Okt    
 12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31  

Posts by Month

Posts by Category