Posts filed under ‘Regionreforma’

Restar frå jula

Fram til julaftan lagde eg politisk julekalender med oppslag kvar einaste dag. Nå etter jul er det på tide å presentere alle dei oppslaga på nettet som eg hadde samla inn til julekalenderen som eg ikkje brukte.
(meir…)

Advertisements

desember 30, 2007 at 4:31 pm 2 kommentarar

23.luke.Politisk julekalender

Ordskiftet etter bibliotekutgreiinga frå ABM-utvikling har i stor grad handla om bibliotekstruktur. Ikkje så rart når utredninga foreslår å opprette eit eige forvaltningsnivå etter kor mange bibliotektilsette det er i kvar enkelt eining.
(meir…)

desember 23, 2007 at 1:22 pm Kommenter innlegget

Tilbake til start?

Då er det klart for «siste» runde i debatten om regionar. Fylka har tatt storleiken på dei nye regionane til vurdering. Mange regiontilhengarar var skuffa over oppgåvene som stortingsmelding 12 og den seinare handsaminga i kommunalkomiteen, dette ser og ut til å prege debatten om samanslåing av fylker til større regionar. (meir…)

juni 16, 2007 at 7:38 pm Kommenter innlegget

Omkamp om regionane?

Stortinget handsama innstillinga frå kommunalkomiteen om regionreforma gjekk det ikkje heilt som det pleier i slike saker. Stortinget opna nemleg for ein ny omkamp når det gjeld kva oppgåver dei nye regionane skulle få. (meir…)

mai 20, 2007 at 1:17 pm Kommenter innlegget

Kommunalkomiteen om regionreforma

I dag føreligg kommunalkomiteen si innstilling om regionreforma . For dei som hadde ønskja seg sterke regionar i retning det som Per Selle la fram i si utgreiing for KS er dette eit klart nederlag. Det er sjølvsagt òg eit nederlag for dei som ønskjer seg ei to-nivå modell. Men høgresida har allreie lova omkamp om dette i neste stortingsperiode om dei vinn valet. Når ein ser på innstillinga frå komiteen blir det i så fall utan støtte frå Kristeleg folkeparti som går langt i vilja til å flytte makt til regionane.
(meir…)

april 17, 2007 at 7:50 pm Kommenter innlegget

Stortingshandsaming av forvalningsreforma

Nå nærmar det seg stortingshandsaminga av regionalmeldinga. Dermed er blir første runde i arbeidet med forvaltningsreforma avslutta.
(meir…)

mars 17, 2007 at 8:11 pm Kommenter innlegget

Desember

Reformer
ABM-utvikling valte å kalle bibliotekutgreiinga for
«Bibliotekreform 2014». Svært mykje av debatten om reforma har vært knytte til forslaga om konsolidering av folkebiblioteka. I fylgje forskar Jørund Nilsen ved ECON-analyse så vil bibliotekreforma svekka lokaldemokratiet. Det einaste(?) konsoliderte folkebiblioteket i Norge nemleg Tønsberg og Nøtterøy bibliotek er òg dratt inn i debatten.

Kulturlovforslaget er lagt fram, i utgangspunktet handlar denne lova ikkje om biblioteka. Det kan likevel vere verdt å få med seg det høyringsnotatet drøftar om grunnlova si paragraf 100. Nå er det ikkje alle som er like nøgde med lova. I Nationen ønskjer leiaren seg ei konkretisering av lovteksten.

Fredag den 8.12 kom endeleg den etterlengta stortingsmeldinga om forvaltningsreform på bordet.Det er vel verdt å merke seg at verken Kulturministeren eller Kunnskapsministeren fant det naudsynt å gå ut med eigen pressemelding om reforma. Ingen av disse reformforslaga får meg til å miste nattesvevnen, men eg trur det kan vere viktig at folkebiblioteka deltar i ordskiftet om kva slags bibliotekstell me ønskjer oss og korleis det skal vere organisert. (meir…)

desember 10, 2006 at 3:37 pm 1 kommentar

Eldre innlegg


Kalender

november 2017
M T O T F S S
« Okt    
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
27282930  

Posts by Month

Posts by Category