Posts filed under ‘Medieval’

Utsyn over Skandinavia

I samband med at det igjen er tid for den Nordiske Bok og bibliotekmessa i Gøteborg, vil nytta høvet til å sjå på kva som rører seg på bibliotekfronten i våre skandinaviske granneland. Sjølv om me har felles språk og står kvarandre nært både geografisk og kulturelt så er det eigentleg liten kontakt mellom dei nordiske biblioteka. Offisielt samarbeider dei nordiske landa i Nordisk råd og gjennom dette rådet er det mogleg å få støtte til nordiske kulturelle samarbeidsprosjekt. Foreningen Norden står for det frivillige nordiske samarbeidet og arbeidar m.a. samen med nordiske bibliotek om nordisk bibliotekveke. Ei anna viktig nordisk bibliotekhending er Den nordiske barne- og ungdomslitteraturkonferansen som blir arrangert i Stavanger i februar til neste år.
(meir…)

Advertisements

september 23, 2007 at 7:48 pm Kommenter innlegget

Innkjøpsordningane, medieval og bibliotek

Det viktigaste enkeltelementet i norsk litteraturpolitikk er innkjøpsordningane for litteratur. Disse ordningane skal sikre at det er mogleg å gje ut litteratur i eit lite språkområde som det norske. Ordninga har ei firedelt målsetjing: 1. å betre dei økonomiske vilkåra for forfattarane, 2. å få ned utsalsprisen på norsk skjønnlitteratur, 3. å tryggje forleggjarane mot tap ved at dei er garanterte sal av eit visst minimumsopplag også av litteratur som tradisjonelt har synt seg å vere tungtseljeleg, og 4. å få fleire til å lese bøker, dels ved å redusere utsalsprisen, dels ved å gjere bøkene tilgjengelege i biblioteka over heile landet. For biblioteka er det sjølvsagt det siste punktet som er det viktigaste. Innkjøpsordningane fungerar derfor som ein del av folkebiblioteka si eigen innkjøpspolitikk. I ein kronikk i Aftenposten i vår gjekk den kjende forleggar og anarkist Syphilia Morgenstierne til åtak på heile ordninga. Noko som ho seinare følgde opp i form av ein sommarserie på bloggen sin der ho skreiv meldingar om dei fleste bøkene som blei kjøpt inn i ordninga førre året. Ho meinte at dei fleste ikkje skulle vært kjøpt inn under ordninga.
(meir…)

oktober 28, 2006 at 7:51 pm 4 kommentarar

Innkjøpsordinga under debatt

Syphilia Morgenstierne har satt i gang ein debatt om innkjøpsordninga gjennom ein kronikk i Aftenposten denne våren. Nå følgjer ho opp med å anmelda halvparten av bøkene som blei kjøpt inn gjennom innkjøpsordninga for skjønnlitteratur i 2005.

Tidligare artiklar i diskusjonen om innkjøpsordninga er kommentert i politisk kalender frå juli, juni og mai.

Ordskiftet om innkjøpsordninga (og biblioteka) innheld mange ulike sider: Ville ordninga vært naudsynt for å sikre norsk litteratur om ein auka bibliotekbudsjetta så mykje at biblioteka faktisk vart i stand til å kjøpe inn det som kom ut av norsk litteratur? Er innkjøpsordninga er nasjonalpaternalistisk overkjøyring av biblioteka sitt frie bokval?  Eg har ikkje svaret men synes at det er bra at ordningar som me tar som ei selvfølge blir diskutert.

juli 12, 2006 at 2:52 pm Kommenter innlegget

Debatten held fram

Debatten om USA-avtala i Stavanger held fram i media og på postlista. Trond Lie svarar på innlegget frå Ragnar Audunson, svaret har komme både i Stavanger Aftenblad og på nettstaden til Norsk bibliotekforening. I Aftenbladet er det også intervju med den amerikanske ambassadøren i Norge.

I Bibliotekaren 3/06 har Erling Bergan ein lengre artikkel om sponsinga av biblioteka. denne artikkelen fekk biblioteksjef Trond Lie til å svara med eit opent brev til Bibliotekaren og Bibliotekarforbundet. Noko som har resultert i at redaktøren og svarar på brevet frå Trond Lie.

Rogaland fylkesbibliotek har i samarbeid med Sølvberget KF og Norsk bibliotekforening, avd Rogaland invitert til eit seminar under Kapittel 06 der debatten vil bli fylgt opp.

mars 19, 2006 at 4:31 pm Kommenter innlegget

Meir om USA-avtale i avisene

Saka om Stavanger bibliotek si USA-avtale er stadig godt stoff i avisene. Spesielt har Stavanger Aftenblad valt å køyre saka i mange oppslag. I tilegg til det som finnes i nettutgåva av avisa finnes det ennå meir i papirutgåva. Den 3.mars var det oppslag i Stavanger Aftenblad om at leiaren for Stavanger2008 Mary Miller seier at ho har full tillit til Stavanger kulturhus. Same dag utrykkte og Kulturminister Trond Giske at han var positiv til avtala. Dagen etter fortalte Anne Liv Tønnessen som er programsjef på Sølvberget at ho vil bruka nokre av USA-pengane til eit 2008 prosjekt. Den 6. mars er det kulturredaktør Sven Egil Omdal sin tur til å svare på bibliotek- og kulturhussjef Trond Lie sitt innlegg. Same dag skriv Trond Lie eit svar på kritikken som blei framførd på leiarplass i Rogalands avis. 9.mars har Aftenbladet intervju med Petter Næss frå den amerikanske ambassaden om denne avtalen. Den 11.mars har professor på bibliotekutdanninga Ragnar Audunsson eit innlegg i Aftenbladet der avtalen blir tatt opp eit større bibliotekperspektiv.

mars 11, 2006 at 8:13 pm Kommenter innlegget

Offentleg ordskifte om medieval

Ordskiftet om avtala mellom Stavanger bibliotek og USA sin ambassade har prega bibliotekNorge-lista den siste tida. Også aviser og andre massemedium har tatt opp saka, spesielt har lokale medium i Stavanger fylgt opp denne avtala. 1.mars meldte Stavanger aftenblad at det var "Flertall for dollar i Sølvberget". Same dag hadde Klassekampen eit oppslag med tittelen "For en neve dollar". Ting tyder på at journalistane ikkje har spesielt god fantasi for dagen etter fylgjer kulturredaktøren i Stavanger Aftenblad opp med ein kommentar med den slåande tittelen "For en neve dollar". Same dag lager avisa også ein reportasje der dei etterlyser brukarreaksjonar "Usikre brukarar". Usemja er også stor blant dei tilsette på kulturhuset viser reportasjen "Harde frontar på Sølvberget". Dagen etter har Rogalands Avis ein leiar artikkel under tittelen "Prinsippløst på Sølvberget". Laurdag 4.3 svarar bibliotek- og kulturhussjef Trond Lie på ein del av kritikken fyrst og fremst den som kjem frå Omdahl i aftenbladet i eit brev til kulturen i same avis. Brevet har tittelen "Vill vest på Sølvberget?" 

I tilegg til dei oppslaga eg har ramsa opp her finnes det og oppslag i Klassekampen og Stavanger Aftenblad som ikkje er lagt ut på nettstadene deira. Den mest oppsiktsvekkjande av disse er oppslaget den 3.3 om at kulturminister Trond Giske støttar avtalen.  

For fyrste gang på lange tider er eit ordskifte om medieval i biblioteket flytta ut av våre eigne vurderingsmøtar og bokvalsmøtar. Det trur eg folkebiblioteka har hatt godt av.

mars 4, 2006 at 6:06 pm Kommenter innlegget

USA i folkebiblioteka?

Stavanger Kulturhus Sølvberget  med m.a. Stavanger bibliotek  ønskjer å inngå ein avtale med USA sin ambassade om sponsormidlar  noe som har førd til omtale i Stavanger Aftenblad. Bibliotekarforbundet har reagert sterkt på dette m.a. i form av et opent brev til Sølvberget.

Eg har ved fleire høve, t.d. i samband med mitt innlegg om Biblioteka og ytringsfridomen i Bibliotekaren 10/2004 satt spørjeteikn med kva signal gåver til biblioteket gjer til brukarane. Når det gjeld støtta frå USA til norske folkebibliotek har Dag Stavenes i eit innlegg på BibliotekNorgelista 27.2.06 klart å overtyde meg om at ei slik støtte er å oppfatta som støtte til USA i biblioteka. Sjølv om ingen har argumentert ut i frå si haldning til USA og dette landet sin politikk, klarer Stavenes på ein svært god måte å visa korleis ei slik støtte blir oppfatta. Eg trur derfor det vert riktig slik som Silje Skjold gjer i sitt innlegg same dag å skilje mellom innpass i folkebiblioteket og støtte til andre sider av kulturformidlinga. Det vil vere forskjell på å støtte enkeltarrangement, utstillingar osb. og det å ha eit USA-støtta folkebibliotek. Nettopp med å vere frie og sjølvstendige institusjonar som lar ulike tankeretningar komme til syne har folkebiblioteka svært høg trugverd som eit tilbod som er opent for alle. Dette må me halde fast med. Så sjølv om folkebiblioteka ikkje direkte blir styrd i sitt medieval av ein avtale med USA sin ambassade, så kan folkebiblioteka sitt opparbeida omdøme bli svekka av ein slik avtale. Det veit eg ikkje om ein slik avtale vil vere verdt.

Vidar Lund spør i eit innlegg  om korfor det blir ordskifte om dette nå og ikkje i fjor når dei gjorde ein slik avtale i Kirkenes. Eg trur det skyldes den same mekanismen som gjer at det blir stort oppstyr om bruk av frivillige når forslaget kom i Oslo og i Bærum, men ikkje når det blei gjennomførd i Stavanger. Det skyldes rett og slett lokalt engasjement. Blir det eit ordskifte om slika avgjerder lokalt, så forplantar dei seg. Er det ikkje ordskifte lokalt, så kjem det heller ikkje nokon annan plass. 

februar 27, 2006 at 7:11 pm Kommenter innlegget


Kalender

november 2017
M T O T F S S
« Okt    
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
27282930  

Posts by Month

Posts by Category