Posts filed under ‘Kulturpolitikk’

Takk for meg!

I denne aller siste utgåva av «Politisk kalender» vil eg nytta høvet til å takke alle mine lesarar gjennom dei tri og eit halvt åra som er gått sidan eg publiserte nyhendebrevet fyrste gong på biblioteklista. Sidan den gongen har eg minst ein gong i månaden publisert kalenderen. Formålet med kalenderen har heile tida vore å gje bibliotekfolk (og andre) innblikk i politiske prosessar som påverkar folkebiblioteka. Prosessar som bibliotekfolk kan være med å påverke gjennom aktiv deltaking i debattar og organisasjonar. For å påverke må me vise kva rolle me vil ha i samfunnet og ikkje kor fælt me har det og me må tørre å prioritera. Julaftan skreiv eg 4 ting som eg meiner må prioriterast i ei kommande stortingsmelding om bibliotek, dette meiner eg er det viktigaste me kan krevje for folkebiblioteka i dag. I tilegg er me avhengige av at kommunane får økonomiske rammevilkår som gjer at det er mogleg og halde høg standard på tenestene.

Med dette vil eg takke for meg og ønskje alle lesarane lukke til i 2008.

Advertisements

januar 1, 2008 at 3:21 pm 1 kommentar

Restar frå jula

Fram til julaftan lagde eg politisk julekalender med oppslag kvar einaste dag. Nå etter jul er det på tide å presentere alle dei oppslaga på nettet som eg hadde samla inn til julekalenderen som eg ikkje brukte.
(meir…)

desember 30, 2007 at 4:31 pm 2 kommentarar

22.luke.Politisk julekalender.

Utgiftene til kommunane aukar langt meir enn berekna. Kommunal Rapport melder at kommunane sine utgifter ligg ca. 7 milliardar høgare enn det regjeringa har lagt til grunn i sitt statsbudsjett. Og at skatteinntektene er lågare enn berekna.
(meir…)

desember 22, 2007 at 8:05 pm Kommenter innlegget

21.luke.Politisk julekalender

«Folk i Rogaland låner mest bøker, filmer og musikk fra folkebibliotekene. Oslofolk går mest i operaen, og trøndere og vestlendinger går mest på festival«. Slik blir SSB sin kulturstatistikk presentert i Kommunal Rapport.
(meir…)

desember 21, 2007 at 8:17 pm Kommenter innlegget

20.luke.Politisk julekalender

 Torsdag før jul er den store handledagen. Mange får bøker til jul, Klassekampen melder om «Klondyke i bokbransjen» . Bransjebladet Bok og samfunn meldte allreie i November om rekordår i bokbransjen. Det auka salet skjer både i bokhandlarane og via nettsal. Til og med bokklubbane er på veg oppover igjen på grunn av nettsalet.
(meir…)

desember 20, 2007 at 4:03 pm Kommenter innlegget

15.luke.Politisk julekalender

E-boka har vore ein attergangar i mange år. Av ulike grunnar har ikkje konseptet tatt heilt av sjølv om svært mange av oss i det daglege leser meir på skjerm enn på papir. Det skyldes både dei tekniske løsningane,  men og striden om dei økonomiske rettane for forfattarane.
(meir…)

desember 15, 2007 at 3:45 pm Kommenter innlegget

13.luke. Politisk julekalender

fylkestinget i Rogaland (sak 95/07) blei det i går vedtatt at fylkeskommunen skulle satse vidare på utviklinga av NDLA som er ei felles digital læremiddelsatsing frå fylkeskommunane. Dette er frå fylket si side ei viktig satsing for å kunne tilby elevane gode gratis digitale læremidlar.
(meir…)

desember 12, 2007 at 9:14 pm Kommenter innlegget

Eldre innlegg


Kalender

november 2017
M T O T F S S
« Okt    
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
27282930  

Posts by Month

Posts by Category