23.luke.Politisk julekalender

desember 23, 2007 at 1:22 pm Kommenter innlegget

Ordskiftet etter bibliotekutgreiinga frå ABM-utvikling har i stor grad handla om bibliotekstruktur. Ikkje så rart når utredninga foreslår å opprette eit eige forvaltningsnivå etter kor mange bibliotektilsette det er i kvar enkelt eining.

Dette innspelet frå det statlige direktoratet skal sjølvsagt ikkje takast alvorleg, det er meint som eit innspel for å seie noko om at biblioteka må styrkast. Så lenge me har den kommunestrukturen me har vil det være svært uklokt å gå inn for ein struktur som ikkje seier at det skal være folkebibliotek i alle kommunar.

I Danmark føregår det endringar i oppgåvene og strukturen til sentralbiblioteka . Dette er mogleg fordi staten gjennom bibliotekstyrelsen i stor grad finansierar drifta av disse biblioteka. Det er sikkert òg ønskjeleg, 16 sentralbibliotek i «litle» Danmark høyres mykje ut når me har 19 fylke i Norge. Slik er det ikkje i Norge og det gjer at ein må sjå på fylkesbiblioteka på ein annan måte. Dei norske fylkesbiblioteka er fylkeskommunane sine kompetanseorgan for bibliotek. I tilegg har dei oppgåver knytta til fjernlånet som er omtala i biblioteklova. Staten har berre i liten grad lagt nasjonale oppgåver over til nokon av dei norske fylkesbiblioteka. Dette gjer at dei norske fylkesbiblioteka er svært ulike i storleik og organisering.

Det finnes ikkje noko rett svar på korleis den regionale bibliotekkompetansen skal vere organisert og korleis dei skal arbeide. Regional tradisjon og satsing vil vere utslagsgjevande. Skal framtidas regionar være regionale utviklingsaktørar så er det viktig at bibliotekpolitikken finn sin plass innafor dette feltet. Dette har m.a. fylkesbiblioteksjefkollegiet peika på både i sitt høyringssvar til bibliotekutgreiinga og i sitt brev til partia om regionalisering. Stortinget bør derfor i samband med handsaminga av regionalpolitikken sjå på kva oppgåver som skal ligge til dei nye «fylkeskommunane» òg når det gjeld bibliotek. I eit grisgrendt land som Norge med relativt mange små bibliotekeiningar vil det være naudsynt med sterk regional bibliotekkompetanse.

Advertisements

Entry filed under: Bibliotekpolitikk, Regionreforma.

22.luke.Politisk julekalender. 24.luke.Politisk julekalender

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Kalender

desember 2007
M T O T F S S
« Nov   Jan »
 12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31  

Most Recent Posts


%d bloggarar likar dette: