19.luke.Politisk julekalender

desember 18, 2007 at 10:07 pm Kommenter innlegget

Rekk handa i veret alle som har brukt den statlig finansierte nettportalen Norge/Noreg.no. Det har tidligare i haust stått strid om kor mykje ressursar som brukast på dei statlige nettsatsingane Miside og Noreg.no. Nå har den statlege nettsatsinga Noreg.no funne ut at dei statlege nettstadene kjem betre ut enn andre offentlege nettenester. Sa nokon noko om bukken og havresekken? Min kjende bloggkollega, Plinius undersøkte tidligare i haust ein del av det som finnes av statlege portalar på utdanningssida (+ fleire artiklar same nettstad). Han blei ikkje imponert.

Eg er langt frå sikker på om biblioteka skal satse på å lage fleire portalar eller andre «gode» nettløysningar. Eg trur at bibliotekmiljøet må kunne eksperimentera digitale løysningar både når det gjeld innhald og form, me skal òg tørre å prøve og feile. Det er likevel svært viktig at spesielt folkebiblioteka arbeider for å gjere nettet tilgjengelige for alle. Det handlar ikkje berre om alle dei som faktisk ikkje har nettilgang heime. Sjølv om biblioteket er viktige for dei òg. I biblioteklova står det: «Folkebibliotekene skal ha til oppgave å fremme opplysning, utdanning og annen kulturell virksomhet gjennom informasjonsformidling og ved å stille bøker og annet egnet materiale gratis til disposisjon for alle som bor i landet«. Anna egna materiale må òg bety at ulike digitale tenester skal stillast gratis til disposisjon for alle som bur i landet.

Advertisements

Entry filed under: Bibliotekpolitikk.

18.luke. Politisk julekalender 20.luke.Politisk julekalender

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Kalender

desember 2007
M T O T F S S
« Nov   Jan »
 12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31  

Most Recent Posts


%d bloggarar likar dette: