16.luke. Politisk julekalender

desember 15, 2007 at 9:09 pm 1 kommentar

Folkebiblioteka var nokon av dei første kommunale tenestene som tok i bruk dataverktøy i det daglege. Frå tidleg i 80åra blei EDB-katalogar innført i biblioteka i stor fart først ute var Stavanger, med sin MEDIA-katalog. Omtrent samstundes blei heimedatamaskinen lansert. På midten av 80-talet hugsar eit fjernsynsinnslag som handlar om Hå bibliotek som har starta med utlån av heimedatamaskinar. Eit av dei mest mislukka forsøka eg har vore med på sa dåverande biblioteksjef i Hå, Kurt Kristensen til meg i ein samtale nokre år seinare.

Sjølv om MEDIA døydde ut med weben og Commandoren blei bytta ut med PCen så var det nok nødvendig for biblioteka å finne ut korleis dei skulle nyttiggjera seg av og korleis dei skulle kunna tilby den nye teknologien til brukarane. Slik er det sjølvsagt ennå.
I samband med bibliotekutgreiinga seier ABM-utvikling noko om digitale tenester og innhald i biblioteka. Det er likevel viktig å stille spørsmål om dette er riktig. Bloggkollega Plinius seier heilt klart frå om at det er feil å satsa på ein ABM-portal  . Når det gjeld Nasjonalbiblioteket sin digitaliseringsstrategi så har m.a. forfattaren Eirik Newth kritisert delar av denne og  han får støtte frå NBF som krev dialog med Nasjonalbiblioteket. Eg meiner òg at det vil vere riktig å stilla spørsmål med satsingane med finn innafor programmet «Norsk digitalt bibliotek«. Og det vil være all grunn til å lure på kor mykje pengar biblioteksektoren skal leggje i nettenester som «ønskebok» og ikkje minst i det sentrale «kulturnettet«.

Mykje har skjedd med verdsveven sidan eg første gong var ute på nettet og mykje vil skje framover. Samstundes er det slik at det som var svært gode idear til kva biblioteka skulle gjere på nettet har i dag er gått ut på dato. Dette gjer at ein sentral strategi for kva me ønskjer at biblioteka skal «få» av digitale tenester heile tida må revurderast.

«Folkebibliotekene skal ha til oppgave å fremme opplysning, utdanning og annen kulturell virksomhet gjennom informasjonsformidling og ved å stille bøker og annet egnet materiale gratis til disposisjon for alle som bor i landet.» Dette seier biblioteklova at er folkebiblioteka si oppgåve. Dette gjelder sjølvsagt òg når det gjeld digitale tenester. Derfor skal alle bibliotek gjere det mogleg for brukarane og nytte tenestene på verdsveven. Det skjer først og fremst gjennom at biblioteka stiller utstyr til disposisjon. Det andre punktet vil vere å stille til disposisjon tenester som ikkje er tilgjengelege sjølv om du har tilgang til internett. Dette gjeld sjølvsagt ulike betalingstenester. På lik line med innkjøpsordninga for litteratur, trur eg det vil vere viktig å få til ei innkjøpsordning for digitale tenester. Av tenester som er av allmenn interesse kan eg sjå for meg både Store Norske leksikon, avisdatabasen (a-tekst), ulike elektroniske tidsskrift m.m. Det er lett å sjå seg blind på alt som er bra og ha, men folkebiblioteka si primære oppgåve må likevel være å stille til rådvelde for publikum dei tenestene dei ikkje kan få andre plassar utan å måtte betale for dei. Samtidig må biblioteka sjølv vise igjen på nettet på ein måte som gjer at brukarane finn fram til dei gode bibliotektenestene.

Advertisements

Entry filed under: Bibliotekpolitikk.

15.luke.Politisk julekalender 17.luke. Politisk julekalender

Éin kommentar Add your own

  • 1. plinius  |  desember 15, 2007 ved 9:44 pm

    Hei Svein Arne,

    Jeg er svært enig i at det er viktig å stille spørsmål – konstruktivt kritiske spørsmål – ved alle digitale satsinger som blir foreslått. Vi må tillate feilslåtte eksperimenter, men samtidig sørge for at vi evner å snu før TTT – tingenes tradisjonelle treghet – tar overhånd.

    Det jeg har sett av sammenraskede kråkereir på pedagogikksiden i høst er ganske skremmende.

    Det viktigste bidrag til rasjonelle avgjørelser på dette feltet er løpende måling – og åpenhjertige diskusjoner – av faktisk bruk. Hvis du kan få noen politikere og departementsfolk med på det, er mye vunnet.

    Jeg er litt skeptisk til å fokusere mye på tilgang i og for seg. Det er den faktiske bruken som teller. Den må måles jevnlig – på enkle og rimelige måter.

    Denne oppgaven bør i det store og hele ikke overlates til konsulentfirmaer. Jeg tror det lønner seg både faglig og økonomisk å bygge opp litt metodekapasitet – slik at vi kan drive kunnskapsbasert praksis – innenfor sektoren.

    Svar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Kalender

desember 2007
M T O T F S S
« Nov   Jan »
 12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31  

Most Recent Posts


%d bloggarar likar dette: