9. luke. Politisk julekalender

desember 9, 2007 at 9:55 am 1 kommentar

9. luke. Nye lokalar. «Nye bibliotek gir nye muligheter» var tittelen på ein artikkel eg skreiv i Rogaland fylkeskommune sitt meldingsblad i 2003. I artikkelen fokuserte eg på at kommunar som satsar på biblioteka og får nye moglegheiter til å satsa på kultur, utdanning og møteplass i lokalsamfunnet. Samtidig viste eg i artikkelen til at det statlege tilskottet til nye biblioteklokalar var borte og at ein derfor trengte nye måtar å «lokke» kommunane til å byggje nye bibliotek.

Nå viste seg at fråfallet av eit tilskott på 550 000kr. ikkje stoppa kommunane frå å byggje nye bibliotek. Det er klart. Når kommunen først har bestemt at dei ønskjer seg et kulturhus til 30 millionar så er det ikkje 550tusen som hindrar dei. Likevel var det eit signal til kommunane som at bibliotekbygg ikkje var viktige.
I 2003 la dåværane kulturminister fram kulturmeldinga Stortingsmelding 48 «Kulturpolitikk fram mot 2014«. Der opna dei for at det dei kalla «bibliotekbussane» kunne få tilskot frå potten til lokale kulturbygg. Det gjorde at fylkar som t.d. Rogaland la inn bibliotekbygg som ein del av denne ordninga. Problemet med denne ordninga er sjølvsagt manglande midlar til formålet. For heile landet gjer ein 50 millionar til lokale kulturbygg, berre i Rogaland har ein 60millionar til idrettsanlegg. Sjølv om det er forskjell på disse tinga så er det likevel eit misforhold mellom desse tala. Det er sjølvsagt grunnen at ABM-utvikling i si bibliotekutgreiing «Bibliotekreform 2014» foreslår at det blir laga ei eigen ordning for støtte til bibliotekbygg, med tittelen «Investeringsprogram for biblioteklokaler». Ein av grunnane til at ABM-u gjekk inn for dette var fordi dei meinte at ordninga med felles midlar med kulturhusa ikkje verka for biblioteka sin del. Derfor foreslo dei 50millionar nye kroner over heile landet, denne gangen øyremerka bibliotek denne gongen disponert av staten og styrt ut frå føringane om at bibliotek skulle lokkast til å konsolidera seg.Sjølv om dette ved første augekast kan sjå ut som eit spanande forslag så blei det likevel ikkje berre møtt med jubel i sentrale høyringsframlegg frå bibliotekmiljøet som

NBF sin høyring og i svaret frå Fylkesbiblioteksjefane. Så er ikkje forslaget spesielt godt fundert heller, ingen har 50 millionar liggande som dei vil gje til ABM for at dei skal støtta dei kommunane som byggjer på den måten det passar ABM.Ingen skal eller må vera i tvil om at det er rett å bruke meir pengar på folkebibliotekbygg både for å få betre bygg og bygg som klarer å oppfylle dei krava og forventningane samfunnet bør ha til bibliotek. Det vil derfor være viktig at ein i den kommande stortingsmeldinga om bibliotek legg vekt på at ordninga med tippemidlar til kulturhus må utvidast monaleg fordi han og skal gjelde bibliotek. Då blir ikkje dette berre ei kampsak for ABM-utvikling men for norske kommunar, fylkeskommunar, kulturlivet og det friviljuge organisasjonslivet. Det er ein allianse som blir vanskeleg og oversjå.

Advertisements

Entry filed under: Bibliotekpolitikk, Kulturpolitikk.

8.luke. Politisk julekalender 10.luke. Politisk julekalender

Éin kommentar Add your own

  • 1. Vidar  |  desember 9, 2007 ved 8:40 pm

    godt sagt. Poenget må vera jamstelling mellom idrett og kultur! Like mykje må gå til lokal aktivitet og anlegg på kultursida som på idrettssida. I dag veit ein ikkje kor mykje av speleoverskotet på kultur som går kvar – om det endar i pressestønad, opera eller kyrkjebygg… mesteparten går faktisk i det store sluket som heiter KKD!

    Svar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Kalender

desember 2007
M T O T F S S
« Nov   Jan »
 12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31  

Most Recent Posts


%d bloggarar likar dette: