10.luke. Politisk julekalender

desember 9, 2007 at 8:16 pm Kommenter innlegget

I førre veke var eg med på styremøtet til Rasmus Løland markeringa. Føremålet med markeringa er todelt, både å gjøre barnebokforfattaren Rasmus Løland kjend, men ikkje minst auka interessa for barnelitteraturen i dag. Langt på veg har markeringa etter mitt syn lukkast med å nå disse måla. Nå har fleirtalskoalisjonen i Rogaland fylkesting vedtatt at dei vil ha eit nasjonalt senter for barne- og ungdomslitteratur på Sand.

Nå er det slik kvar einaste bygd med ein kjend diktar ønskjer seg eit «nasjonalt senter». I Time har det vore harde diskusjonar rundt etablering av eit nasjonalt
Garborgsenter før politikarane landa samrøystes på å gå vidare. Dei ventar at og staten stiller opp på dette. Det same gjer sjølvsagt det nyopna Petter Dass museet og det planlagde Hamsunsenteret. Eg har stor sans for at det blir satsa på ulike litterære prosjekt rundt om i heile landet. Eg er likevel ikkje sikker på at alle prosjekta som pretenderar til å vere nasjonale verkeleg kan vere det. Det er mogleg at eit nærare samarbeid mellom dei ulike satsingane ville kunne vore med på å gi alle et lyft slik at litteraturen verkeleg blei synleg.

Advertisements

Entry filed under: Bibliotekpolitikk, Kulturpolitikk.

9. luke. Politisk julekalender 11.luke. Politisk julekalender

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Kalender

desember 2007
M T O T F S S
« Nov   Jan »
 12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31  

Most Recent Posts


%d bloggarar likar dette: