6.luke. Politisk julekalender

desember 6, 2007 at 8:38 am Kommenter innlegget

6.Luke. Mangfald. Ei undersøking frå SSB viser at folket er meir positive til innvandrar enn tidligare målingar viser. Samstundes viser undersøking frå EU at Norge har lukkast relativt godt i sitt integreringsarbeid .

I kultursektoren er det likevel langt igjen, derfor har kulturminister Trond Giske skipa til eit «Magfoldsår» i 2008. Trond Giske seier i pressemeldinga at han ønskjer å styrke det kulturelle mangfaldet i kulturlivet. Det kan det være grunn til, det er ikkje store variasjonen i publikum på dei norske teatera og norske konserthus. Likevel er det grunn til å stille spørsmål med delar av mangfaldsåret sin ideologi, snakkar me berre om «etnisk» mangfald i kulturen, eller skal mangfaldet utvidast til og å gjelde mangfald på andre områder. På pressekonferansen på måndag var det tydeleg at det var viktig å få til ei større breidde i mangfaldet. Utan å vere alt for «dogmatisk» så etterlyser eg i det minste eit snev av klasse/sosiale analysar i omgrepet, mangfald.
Folkebiblioteka må sjå på si rolle i det fleirkulturelle samfunnet, framleis er det slik at dei fleste bibliotekbrukarane liknar på teater og konsertgjengarane, det flest frå middelklassen med høgare utdanning som brukar tilbodet . Bibliotekleiarane (i Danmark) er heller ikkje opptatt av fleirkulturell rekruttering til stillingane i biblioteket. Samtidig er folkebiblioteka langt på veg det «kultur»tilbodet som blir hyppigast nytta av folk med innvandrarbakgrunn. Folkebiblioteka har derfor fleire plassar, med «Det flerspråkelige bibliotek» på Deichman i spissen bygd opp tenester til disse gruppene. I NBF er det òg ei eiga gruppe – FLERKULT som jobbar med disse felta. Dette arbeidet er viktig i dag det blir viktig i 2008 og det blir viktig framover. Skal biblioteka oppretthaldast som demokratiske, opne og integrerande møteplassar så må dei i eit fleirkulturelt samfunn vere mangfaldige.

Advertisements

Entry filed under: Bibliotekpolitikk, Kulturpolitikk.

5.luke. Politisk julekalender 7. luke. Politisk julekalender

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Kalender

desember 2007
M T O T F S S
« Nov   Jan »
 12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31  

Most Recent Posts


%d bloggarar likar dette: