Kommentar: Trond Giske på glattisen

desember 4, 2007 at 4:53 pm Kommenter innlegget

Eg tok i politisk julekalender på sundag opp litteraturen sin plass i «Den kulturelle skulesekken«. Bakgrunnen var at departementet ikkje varsla at dei ville ha ei sentral satsing på litteratur i samanheng med denne stortingsmeldinga. I staden valte departementet å skyve ei eventuell sentral satsing på litteraturformidling inn i ei kommande stortingsmelding om bibliotek. På måndagen tok eg opp den nye leseundersøkinga som viste at norske skulebarn ikkje har blitt flinkare til å lese sida førre undersøking.

I dag blei desse sakene satt saman i et oppslag i kulturnytt på NRK med tittelen «Svikter litteraturen» seier både Ine Marit Torsvik Bertelsen som er prosjektleiar for den store nordiske barne- og ungdomslitteraturkonferansen og Aslak Sira Myhre frå litteraturhuset at det er viktig at satsinga kjem i gang nå, ikkje minst på grunn av at ungane treng meir og betre littaraturformidling for å styrke lesedugleiken.
Svaret til Trond Giske skræmar. I meldinga frå NRK står det.: Kulturminister Trond Giske sier at det ikke er «Den kulturelle skolesekkens» mål å bedre leseferdighetene til barn og unge.
– Den kulturelle skolesekken skal ikke inn å dekke opp for skolen når det gjelder lesing og andre ferdigheter, men den kan helt sikkert bedre interessen for litteratur og leseferdighetene, sier han.

Om det verkeleg er slik at litteraturaktiviteten i skulesekken ikkje skal fremme lesedugleiken så bør han skrive det i meldinga og seie klart frå om at òg litteraturaktivitet berre skal vere knyta til kunstnarlege opplevingar. For han kan vel ikkje på fullt alvor meine at han i ei stortingsmelding som handlar om bibliotek og språk skal leggje inn tiltak som ikkje skal vere med på å fremme lesedugleik og språkforståing.

Advertisements

Entry filed under: Bibliotekpolitikk, Kulturpolitikk, Kunnskapspolitikk, Subjektivt.

4. luke. Politisk julekalender 5.luke. Politisk julekalender

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Kalender

desember 2007
M T O T F S S
« Nov   Jan »
 12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31  

Most Recent Posts


%d bloggarar likar dette: