5.luke. Politisk julekalender

desember 4, 2007 at 9:47 pm Kommenter innlegget

Det er ikkje alle brukarane våre som fortel om like gode bibliotekopplevingar kvar gang dei er på biblioteket. Om dette ikkje var god reklame for biblioteket så er skribent Stian Bromark ennå meir redd for reklame biblioteka.
 
Etter mitt syn heng desse to sakene saman, det handlar om korleis biblioteka tar i mot sine brukarar og det handlar om korleis biblioteka skal kunne auke sine inntekter. På epostlista
BibliotekNorge  debatterer ein for tida «gebyr til barn».  I ei tid der mange er opptatte av å gjere biblioteka tilgjengelege for fleire brukarar  er det viktig at denne debatten kjem opp. Utestegning frå bibliotek handlar om meir enn universell tilrettelegging, sjølv om det er òg eit svært viktig emne.
 
I Norge har vi ikkje hatt nokon stor diskusjon om det som vert kalla sosial utestegning. I Sverige har m.a. bibliotekorganisasjonen
BIS hatt ein diskusjon om dette emnet. Kan gebyra på enkelttenester som manglande lånekort (som er bakgrunnen for diskusjonen på postlista), og overdagspengane der kommunane stadig har blitt ivrigare med å sende krava til inkasso vere eit hinder for at folk vil bruke folkebiblioteka? Det er grunn til å stille spørsmål med biblioteka sin praksis på dette feltet. I ei tid der fattigdom er eit viktig politisk spørsmål, så må biblioteka sjå på om denne gebyrpraksisen er i strid med dei intensjonane som ligg bak gratisprinsippet i biblioteklova. Sjølv om desse gebyra ikkje er ulovlege så må me sjå på kva denne praksisen gjer med biblioteka si sosiale slagside. God service er det i alle fall ikkje.

Advertisements

Entry filed under: Bibliotekpolitikk.

Kommentar: Trond Giske på glattisen 6.luke. Politisk julekalender

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Kalender

desember 2007
M T O T F S S
« Nov   Jan »
 12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31  

Most Recent Posts


%d bloggarar likar dette: