3. Luke. Politisk julekalender

desember 2, 2007 at 10:00 pm 2 kommentarar

3. luke. Om lesing. I førre veke kom blei den store internasjonale leseundersøkinga PIRLS offentleggjort. Det var ikkje lystig lesing for å seie det slik.

Lesesenteret som har ansvaret for den norske delen av undersøkinga har med følgjande uttale i si pressemelding : Resultatene er ikke tilfredsstillende for norsk skole. På alle nivåer i opplæringen må vi nå jobbe hardt for å øke kvaliteten på leseopplæringen. Det å beherske lesing er viktig for all annen læring og dårlige leseferdigheter kan være grunnlaget for svake prestasjoner senere i opplæringsløpet, sier direktør i Utdanningsdirektoratet, Petter Skarheim.

Dette er sjølvsagt svært alvorleg og kunnskapsministar Bård Vegar Solhjell er ikkje nøgd med stoda  samstundes som han og ser nokre positive endringar sidan førre måling. I forlenginga av PIRLS og den nyleg offentleggjorte PISA (Programme for International Student Assessment) undersøkinga vil derfor ministaren sette i gang ei rekkje tiltak og det er sjølvsagt naudsynt. Biblioteka må sjølvsagt melde seg på den nasjonale idedugnaden og komme med eigne innspel i kunnskapspolitikken.Leksehjelp på biblioteka kan vere eit verkemiddel. Sjølv om undersøkinga frå SINTEF viser at leksehjelpa heller ikkje treff dei som treng det mest.

Manglande lesekunnskap er eit stort problem i samfunnet vårt. Gjennom Program for basiskompetanse i arbeidslivet  er det satt i gang tiltak på fleire arbeidsplassar. Det er likevel ikkje nok, eg har i tidligare artiklar og på møter tatt opp kva rolle biblioteka skal ha i høve til dette problemet. Om biblioteka ikkje meiner at dette er deira oppgåve er det fare for at dei definerer seg ut av kunnskapspolitikken.

Advertisements

Entry filed under: Bibliotekpolitikk, Kalender, Kunnskapspolitikk.

2. luke. Politisk julekalender 4. luke. Politisk julekalender

2 kommentarar Add your own

  • 1. Kommentar: Trond Giske på glattisen « Politisk kalender  |  desember 4, 2007 ved 4:54 pm

    […] sentral satsing på litteraturformidling inn i ei kommande stortingsmelding om bibliotek. På måndagen tok eg opp den nye leseundersøkinga som viste at norske skulebarn ikkje har blitt flinkare til å lese sida […]

    Svar
  • 2. Ellen Skaadel  |  desember 5, 2007 ved 10:07 am

    Den forrige utdanningsministeret startet en prosess for å lage et program for skolebibliotekutvikling. Dette står det lite om i taltaka for å bedre lesekompetansen som Solhjell ramser opp. Her må bibliotekene på banen – ikke minst Skolebibliotekløftet. Vi trenger å se skolebiblioteket som en del av læringsmiljøet på skolen – mer bemanning, mange bøker, og større kompetanse for de som har skolebibliotekansvaret

    Svar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Kalender

desember 2007
M T O T F S S
« Nov   Jan »
 12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31  

Most Recent Posts


%d bloggarar likar dette: