2. luke. Politisk julekalender

desember 2, 2007 at 4:38 pm 1 kommentar

2. luke. Den kulturelle skulesekken. Fredag la kulturminister Trond Giske fram ei stortingsmelding om «Den kulturelle skulesekken»  . Eg har tidligare kommentert den politiske kampen rundt denne satsinga her på politisk kalender . Stortingsmeldinga om Den kulturelle skulesekken råker innom mange politikkområder, kulturpolitikken, regionpolitikken, skulepolitikken, oppvekstpolitikk, sosial utjamning m.m. Nokre av disse punkta vil eg komme tilbake til ved seinare høve. I dag vil eg konsentrere meg om eit område som har vore forsømt i dei sentrale satsingane i skulesekken, nemleg litteraturformidlinga.

I spelet om «Den kulturelle skulesekken» som gjekk føre seg i den førre regjeringa blei litteraturen tatt ut av dei sentrale satsingsområda og overlate til fylka og kommunane. Det blei ikkje lagt inn pengar til at det skulle være noko organ for littaraturproduksjonar eller til eit felles nettverk for denne kunstforma. Denne mangelen med ordninga blei tatt opp i ABM-utvikling si bibliotekutgreiing «Bibliotekreform 2014» og seinare følgd opp av Littnett som er den friviljuge «organisasjonen» av litteraturprodusentar i fylka, av Rogaland fylkeskommune som meinte at ein slik satsing kunne leggast til dette fylket og av Norsk bibliotekforening i deira møte med departementet den 11.10.07 .
For biblioteka er dette ei særs viktig sak. I følgje stortingsmeldinga er folke- og fylkesbiblioteka dei aller viktigaste samarbeidspartnarane til skulane når det gjeld litteraturformidling. For biblioteka og for litteraturen er skulesekken viktig fordi det er den einaste satsinga på dette feltet som når alle, absolutt alle ungar i heile landet. Derfor er det sjølvsagt skuffande at meldinga ikkje foreslår endringar på dette feltet. Så når meldinga skriv følgjande:
«Også på litteraturfeltet er det trong for ein sentral aktør som kan danne nettverk, samordne og medverke til kompetanseheving og kvalitetsutvikling. Ved å gje ansvaret til ein institusjon eller eit miljø vil ein kunne styre ressursane betre og styrkje kompetansen hjå litteraturformidlarar. Det vil vere viktig å sikre breidda i arbeidet, styrkje nettverk og samarbeid mellom aktørane, og styrkje kompetansen i å utvikle tilbod i samarbeid med andre kunstuttrykk.
Kultur- og kyrkjedepartementet arbeider for tida med ei stortingsmelding om bibliotek. Meldingsarbeidet har utgangspunkt i utgreiinga Bibliotekreform 2014, utarbeidd av ABM-utvikling. I bibliotekutgreiinga er det gjort framlegg til fleire tiltak for born og unge som kan sjåast i samanheng med arbeidet i Den kulturelle skulesekken. Det er likevel for tidleg å seie noko om i kva grad desse tiltaka vil bli gjennomført. Departementet vil vurdere nærare i bibliotekmeldinga kva aktør som bør få eit samordningsansvar for formidling av litteratur i Den kulturelle skulesekken

Så flytter dei ei sentral satsing i skulesekken ut frå stortingsmeldinga om skulesekk og inn i meldinga om bibliotek. Dette verkar for meg som ein måte å la vere å ta stilling til spørsmålet med å skyve det framfor seg frå statsråden si side, det er synd. Samtidig gjer det oss sjølvsagt ein moglegheit til å få lyfta dette fram som eit sentralt punkt i den kommande stortingsmeldinga om bibliotek, og det er bra.

Advertisements

Entry filed under: Bibliotekpolitikk, Kulturpolitikk, Kunnskapspolitikk.

1. luke: Politisk julekalender 3. Luke. Politisk julekalender

Éin kommentar Add your own

  • 1. Kommentar: Trond Giske på glattisen « Politisk kalender  |  desember 4, 2007 ved 4:53 pm

    […] 4, 2007 Eg tok i politisk julekalender på sundag opp litteraturen sin plass i “Den kulturelle skulesekken“. Bakgrunnen var at departementet ikkje varsla at dei ville ha ei sentral satsing på […]

    Svar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Kalender

desember 2007
M T O T F S S
« Nov   Jan »
 12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31  

Most Recent Posts


%d bloggarar likar dette: