Biblioteka må sjølv prioritere

november 18, 2007 at 9:04 pm 5 kommentarar

Eg har i tidligare artiklar på bloggen diskutert både sjølvbildet til folkebiblioteka i Norge og biletet me har gitt av oss sjølv ut til omverda. Biletet er trist og det er eigentleg synd på biblioteka. Me liker å tro at det er politikarane som har skylda for alt det elendige i norske bibliotek. «Politikarane skjønar ingenting» seier me til kvarandre når me møtast. Det er sjølvsagt ikkje sant, her i landet har me verdast beste politikarar. Me har jo sjølv valt dei.

Det er ikkje politikarane som styrer norske folkebibliotek. Politikarane har gitt oss rammene i form av ei lov om folkebibliotek og i form av økonomiske vilkår. Innanfor denne rama det biblioteksjefane si oppgåve å skape gode bibliotektilbod.

Nå har eg aldri vore nokon tilhengjar av sporten «sjølvpisking» som mange i bibliotekmiljøet har stått for. Denne sjølvpiskinga kjem gjerne frå personar som kom seg opp i dei kommunale hierarkia på 80-talet, då sjølve samfunnet var blitt «umoderne». Nå går dei rundt og latar som dei sett lyset der framme og oppgåva deira er å fortelje at bibliotekarane og biblioteka er håplaust gamaldagse. Denne forma for sjølvpisking verkar på meg som ein del av merkevarebygginga «Me har så dårlege bibliotek».Derfor vil eg ikkje gje meg inn på den typen kritikk.Eg meiner likevel at når det gjeld biblioteka si tilstand så må søkelyset rettast mot oss sjølv som biblioteksjefar. Biblioteksjefane er kommunalt tilsette leiarar som er ansvarlege for at kommunane har eit godt bibliotektilbod. Det ansvaret kan me ikkje springa vekk frå. I ei undersøking me gjorde i samband med hovudoppgåva på bibliotekutdanninga i 1989 kom me over eit funn som gjorde at me blei kalla inn på møte med dåverande bibliotekdirektør Else Granheim. Ho hadde nemleg lest i oppgåva at biblioteksjefane ikkje ville prioritere(!). Det fant ho svært urovekkjande. Nå snart 20 år seinare har eg fullt ut skjønt kor viktig denne oppdaginga var.

Denne manglande evna til å prioritere har om mogleg gjort umåteleg skade på heile sektoren, og ikkje minst på sektoren sitt omdømme. Kva dette gjer med biblioteksektoren fekk me eit klart svar på då statsråd Trond Giske utalte seg om bibliotekutgreiinga: «Fordi de 200 millionene de har foreslått ville utgjort omtrent halvparten av økningen på hele kulturbudsjettet. Det er summer som rett og slett ikke finnes på kulturdepartementets budjsett. Dessuten er det slik at kommunene har ansvaret, ikke staten.» Dette var klar tale frå politikaren som har ansvaret for bibliotekpolitikken. Biblioteka har ikkje prioritert, dei har laga ei ønskjeliste av det slaget Tommy i «Tommy og tigeren» sender til julenissen kvart år. Kvart år blir Tommy like skuffa over at julenissen ikkje sender han det han ber om. I 1972 song den svenske gruppa Hoola Bandoola Band: «Man måste veta vad man önskar sej, för att få vad man vill ha.» Det same gjelder sjølvsagt også i dag.

Advertisements

Entry filed under: Bibliotekpolitikk, Subjektivt.

Meir om bibliotekstatistikken 1. luke: Politisk julekalender

5 kommentarar Add your own

  • 1. Vidar Lund  |  november 18, 2007 ved 9:54 pm

    Dette er særs viktig og rett, Svein Arne. Neste spørsmål då blir: korleis skal vi få gjennomført dei viktigaste momenta frå Bibliotekreform 2014??

    Eg trur det er viktig at vi i NBF ikkje berre masar på staten om pengar, men at vi i større grad gjer det same som andre fagfelt: arbeider for at staten fastset krav som så kommunane må løyse innanfor sine rammeløyvingar. Folkebibliotek er (og etter mi meining: bør vera) eit kommunalt ansvar. Som for skular, helse og barnehagar: staten seier kva folk har krav på, kommunane utfører det. Så kan somme kommunar sjølvsagt gå ut over det om dei vil (det vil seie: kommunar som har biblioteksjefar som jobbar bra).

    Svar
  • 2. Thomas  |  november 19, 2007 ved 1:04 pm

    Her må jeg bare si meg hjertens enig med både Svein Arne og Vidar. Viljen til prioritering og vanskelige valg er særdelse liten i det norske biblioteksvesenet. Valg som fører til kontroverser ville i seg selv være med på å sette lys på bibliotekene, men ville også føre med seg et ubehagelig søkelys på den/de som må gjøre valgene. Selv om bibliotekene er et politisk ansvar, kan ikke bibliotekarene løpe fra den unnfallenheten som har ført oss dit vi er i dag. (Undertegnede inkludert)

    Skulle ønske vi kunne sette oss ned og rett og slett stille oss selv spørsmålet: Hva er det vi vil med virksomheten, og hvordan skal vi få det til?
    Det er selvfølgelig vanskelig å nullstille seg helt, men det kan være en nyttig øvelse for oss alle.

    Svar
  • 3. Runar Eggen  |  november 20, 2007 ved 7:41 am

    Ett av de vanskelige valgene folkebibliotekene står overfor er om de skal prioritere personale eller samlinger. For publikum er det ofte samlingene de har mest å utsette på. Samlingene kan man med små midler gjøre svært mye bedre. Likevel velger mange biblioteksjefer å satse på personale og unngå de rasjonaliseringene som er mulige å få til uten store konsekvenser for kundene (eierne). Hvorfor? Er det fordi biblioteklederne ikke er virkelige ledere?

    Svar
  • 4. olava  |  november 20, 2007 ved 7:49 am

    Jeg vil ikke være helt og hjertens enig med dere i at bibliotekene ikke prioriterer.

    Det finnes gode eksempler på bibliotekledere som har gått inn og gjort noen klare veivalg, både i folke- og fagbiblioteksektoren. På folkebiblioteksida ser du det best der bibliotekene (gjerne i samarbeid med andre) har gått løs på prosjekter som for eksempel i Oppland. Der har et prosjekt vist seg som veiviser både på nett og praktisk i arbeidshverdagen. Det har hatt noe å si for veivalget videre i fylkets ulike bibliotek. Universitets- og høgskolebibliotekene gjorde et stort veivalg for noen år siden, da mange valgte å kutte mye i trykte tidsskrifter og satse på elektroniske. Ingen lett vei å velge på daværende tidspunkt, men nødvendig. Det hadde også noe å si for hvordan bibliotektjenestene fremstår i dag.

    Jeg tror allikevel at mange bibliotek i større grad må tørre å kjenne på og gjøre noe med spennet mellom nettopp det overordnete, politiske og budsjettmessige og det praktiske, hverdagen og utførelsen.

    Svar
  • 5. Svein Arne  |  november 20, 2007 ved 7:12 pm

    Sjølvsagt generaliserar eg, men eg synes dette intervjuet med leiaren i BF i avisa kan stå som eit døme på det eg prøver å få fram:

    http://tb.no/article/20071119/NYHETER/711190004

    Her er ei generell syting over manglanda pengar på statsbudsjettet. Ikkje eit spørsmål kva disse pengane skulle brukast til og kva for nokre bibliotek staten skulle gje pengar til.
    Ikkje eit einaste konkret eksempel.

    Mitt poeng er: Skal me få noko me ønskjer oss må me vita kva me vil ha. Biblioteknorge må i forkant av at kulturministaren legg fram si stortingsmelding om bibliotek vite kva dei ønskjer at staten skal gjere for biblioteka. Då må dei prioritera!

    Svar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Kalender

november 2007
M T O T F S S
« Okt   Des »
 1234
567891011
12131415161718
19202122232425
2627282930  

Most Recent Posts


%d bloggarar likar dette: