Meir om bibliotekstatistikken

november 15, 2007 at 9:23 pm 1 kommentar

Til dagleg lar heller min gode bloggkollega Plinius kommentera bibliotekstatistikken. Gjennom arbeidet han gjer når det gjelder lage betre statistikk for biblioteka har han vært med på å setje søkelyset på eit av våre viktigaste verktøy. Han er òg utdanna statistikar. Sjølv klarte eg så vidt å komme meg gjennom statistikkfaget etter å ha stroke til eksamen to gangar.

Når eg likevel gir meg utpå så skyldast det reaksjonar eg har fått etter mitt førre innlegg på kalenderen der eg skriv «Heldigvis for reportaren er ABM-direktør Østby på pletten og ilar til med at nå det står dårleg til, og at tilbodet er minkande. Han får òg fram at før i tida då stod det bra til med biblioteka. Den statlege direktøren på feltet velgjer altså å fortelje kor ille det nå går med folkebiblioteka sjølv om den som vil, lett kan finne prov på det motsette i bibliotekstatistikken.» Korleis kan eg prove det motsette når ABM-utvikling sjølv i si pressemelding om statistikken for 2006 seier «Bevilgningene til kjøp av bøker og andre medier har gått ned de siste 10 åra, og tallene viser at bibliotekenes ressurser er for små til at folk kan få et godt bibliotektilbud i alle kommuner».
Det er mogleg at midlane som kommunane bruker på bøker andre medium i biblioteka har gått ned dei siste åra, men sanninga er tilveksten på biblioteka aukar. Slik er tala for tilvekst i dei statistikkhefta eg har funne fram til på ABM-utvikling sin nettstad:

Tilvekst pr. 1000 innb.2006: 265,9
2005: 256,9
2004: 242,2
2003: 228,5
2002: 229,9

Som tala her syner det blir ikkje kjøpt inn færre medium på biblioteka, med unntak av 2003 har det vore jamn vekst dei siste åra. Dette kan skyldast at prisane på filmar, plater og bøker har falle dei siste åra og at talet innkjøpte bøker på innkjøpsordningane har vore i vekst, ikkje minst med innføringa av nye innkjøpsordningar for fagbøker og for oversatt litteratur.

Ein annan ting som eg vil peke på i denne samanhengen er utlånet. Utlånet i Norge har hatt ein fantastisk vekst og er historisk høg. Som denne enkle figuren frå statistisk sentralbyrå visar er fjorårets fall i utlånet berre ei krusing på eit berg av vekst. Og denne statistikken seier ikkje alt. Eg ønskjer å sjå ein statistikk der ein faktisk ser på utlånet i kommunane og til befolkninga under eit. Om skulane rustar opp skulebiblioteka så fell nok utlåna på folkebiblioteka. Isolert statistikk frå folkebiblioteka viser ikkje kor mykje folk brukar biblioteka det visar kor mykje folk brukar folkebiblioteka. Isolert statistikk frå folkebiblioteka visar ikkje kva kommunane brukar på bibliotektenesta si, kommunane har òg ansvaret for bibliotektenesta i grunnskulane. Sjølv ikkje ein samla statistikk frå kommunane gjer oss heile biletet, elevar i vidaregåande skular og folk som studerer blir og gitt bibliotektenester dei blir heller ikkje talt med når tala blir presentert.

Advertisements

Entry filed under: Bibliotekpolitikk, Subjektivt.

Kommentar: Folkebibliotek i media Biblioteka må sjølv prioritere

Éin kommentar Add your own

  • 1. P 281/07: Utlånet gjennom ti år « Plinius  |  november 26, 2007 ved 7:50 am

    […] Filed under: Danmark, statistikk — plinius @ 12:54 am Bloggkollega Svein Arne Tinnesand har kommentert utlånsstatistikken slik: Utlånet i Norge har hatt ein fantastisk vekst og er historisk høg. Som […]

    Svar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Kalender

november 2007
M T O T F S S
« Okt   Des »
 1234
567891011
12131415161718
19202122232425
2627282930  

Most Recent Posts


%d bloggarar likar dette: