Kommentar: Folkebibliotek i media

november 6, 2007 at 4:44 pm 4 kommentarar

Ein del artiklar og innlegg om bibliotek i ulike aviser og blader den siste tida har fått meg til å undre meg litt over korleis blir biblioteka framstilt av andre. Eit av dei mest hardtslåande innlegga om bibliotek den siste månaden sto debattredaktøren i Aftenposten Knut Olav Åmås for under overskrifta «Blålys for biblioteket» uttaler han relativt friskt: – Norge er i ferd med å skusle bort folkebibliotekene. – Iallfall så lenge folkebibliotekarenes hverdag er at de ikke lenger har råd til å kjøpe Post it-lapper og bare kan abonnere på enkelte tidsskrifter annethvert år (!) – eller kanskje må velge mellom det og å kjøpe én ny stol til lesesalen.

Bibliotekfolk pleier å elska denne typen artiklar ut frå ei sjølvforståinga som seier; endeleg snakkar nokon om oss og endeleg er det nokon som har sett kor grusomt fælt me har det og endeleg ser nokon kor neglisjerte me er av alle. Likevel verkar det som Åmås si faktiske kunnskap om folkebiblioteka er relativ svak. Han kan vise til eit besøk på Odda bibliotek der golvet visstnok er det same som for tretti år sidan og til  pressemeldinga frå ABM-utvikling om bibliotekstatistikken frå 2006. Åmås sitt innlegg er meir til skade enn til gagn for biblioteka, artikkelen gjer eit inntrykk av at folkebiblioteka er i samanbrot og at deira rolle som samfunnsaktørar er marginalisert på ein slik måte at dei ikkje lenger er noko å satse på.
I siste nummer av LO sitt blad LO-aktuelt blir dagliglivet på eit folkebibliotek framstilt i arbeidsplassreportasjen «Folk og fe på biblioteket» . Reportasjen startar med å fortelje oss at nå går det nedover med biblioteka i Norge, med unntak av Trondheim der reportasjen er frå. Der går det i alle fall delvis rett veg. Det viser seg og at brukarar og tilsette langt på veg er nøgde med tilbodet som biblioteket kan by på. Heldigvis for reportaren er ABM-direktør Østby på pletten og ilar til med at nå det står dårleg til, og at tilbodet er minkande. Han får òg fram at før i tida då stod det bra til med biblioteka. Den statlege direktøren på feltet velgjer altså å fortelje kor ille det nå går med folkebiblioteka  sjølv om den som vil, lett kan finne prov på det motsette i bibliotekstatistikken.

Aftenposten sin artikkel søndag den 4.11 om dataspel på biblioteka «Leseplasser ut – PS3 inn» er fri for «stakkars oss» syndromet. Her handlar det om nye medier og om korleis biblioteka og spesielt skulebiblioteka handsame uttrykk som t.d. dataspel. Skal ein kritisere journalisten for å ha med seg eit spesielt inntrykk av biblioteket inn i artikkelen så kjem det fram i setninga: «Plutselig er dataspill i ferd med å få innpass i bibliotekene, den oppbyggelige litteraturens høyborg». Ei setning som nok skal sette dataspel (som er moderne og tøft) opp mot litteratur (som er gamaldags og kjedeleg).

Medan kjende debattredaktørar og ABM-direktørar gir seg hen til ei allmenn sutring over tilstanden i biblioteka ser det ut som dei som er ute i biblioteka opplever dette annleis. Lånarane i Trondheim har eg allreie vore inne på men òg på eit av dei aller minste biblioteka i Sør-Trøndelag er tonen annleis enn hos opinionsdannarane i hovudstaden. I den vesle vekeavisa Selbyggen som har ei opplag på 3200 og kjem ut kvar fredag så toppar biblioteksjefen i Tydal kommune denne veka framsida (på nettutgåva). Her er den viktigaste nyheita at Tydalingane er flinke til å bruke biblioteket sitt. Som forklaring på dette seier biblioteksjefen «God tilgjengelighet, romslig økonomi og effektiv drift og kombinasjon mellom skole- og folkebibliotek mener Mari Aas er de viktigste forklaringene på at tydalingene er særs flinke til å bruke biblioteket sitt.»

Kva viser denne kjappe gjennomgangen oss. Biblioteka i Norge er dårlege og dei blir bare dårlegare og dårlegare. Snart er biblioteka like dårlege som den norske skulen og det norske helsestellet. Strategien frå ABM-utvikling og ei rekkje med folk som meiner å bry seg om biblioteka er at det er elendig og snart er det så elendig at folke biblioteka prioriterast framfor det elendige helsestellet og den elendige skulen. Dette er etter mi meining berre pinleg, bibliotekfolk høyres ut som ein gjeng skipsreiarar som stadig er ute etter å fortelje kor fælt me har det i landet.

Gjennomgangen visar òg at den verkelegheita som bibliotekfolk med ABM-utvikling i spissen nå går ut og presenterar,  ikkje er den same verkelegheita som journalistar opplever ute i dei verkelege biblioteka. I Trondheim finn LO-aktuelt ut at brukarane er svært nøgde med biblioteket, i reportasjen i Aftenposten 4.11 kjem det fram at det går føre seg ei storstilt nytenking og fornying av bibliotektilbodet til ungdom. Frå Tydal får biblioteksjef Mari Aas tydeleg fram bodskapen, biblioteket er bra og biblioteket i min kommune er veldig bra.

Eg trur at biblioteka verken kan leve med eller overleva når me stadig terpingar på at me er så dårlege. Eg har sagt noko om dette tidligare i artikkelen «Gje oss pengar, det er synd på oss!«. Skal biblioteka ut av elendigheita og bli viktige i samfunnet så må ut av dvalen me har lulla oss inn i, der me velgjer å skulde på politikarane, rektorane og alle andre utanfor biblioteka for korleis det står til. Norske folkebibliotek blir i det daglege styrt av tilsette biblioteksjefar, og dei er nøkkelen til ei endra sjølvforståing og dermed samfunnsforståing av biblioteka. Akkurat det vil eg komme tilbake til i ein eigen artikkel.

Advertisements

Entry filed under: Bibliotekpolitikk, Subjektivt.

November Meir om bibliotekstatistikken

4 kommentarar Add your own

  • 1. Morten Haugen  |  november 9, 2007 ved 11:28 am

    Dette var et meget betimelig poeng, og en grundig underbygging av et moment jeg selv har vært innom noen ganger: biblioteket vinner flere venner og flere trygge og stole brukere ved å fortelle suksesshistoriene våre, og det er ikke lett å bygge allianser, verken med politiikere eller andre, når vi fremstiller oss som et synkende skip

    Svar
  • 2. Meir om bibliotekstatistikken « Politisk kalender  |  november 15, 2007 ved 9:24 pm

    […] to gangar. Når eg likevel gir meg utpå så skyldast det reaksjonar eg har fått etter mitt førre innlegg på kalenderen der eg skriv “Heldigvis for reportaren er ABM-direktør Østby på pletten og ilar til med at […]

    Svar
  • 3. Biblioteka må sjølv prioritere « Politisk kalender  |  november 18, 2007 ved 9:04 pm

    […] Eg har i tidligare artiklar på bloggen diskutert både sjølvbildet til folkebiblioteka i Norge og biletet me har gitt av oss sjølv ut til omverda. Biletet er trist og det er eigentleg synd på biblioteka. Me liker å tro at det er […]

    Svar
  • 4. Takk for meg! « Politisk kalender  |  januar 1, 2008 ved 3:21 pm

    […] å påverke gjennom aktiv deltaking i debattar og organisasjonar. For å påverke må me vise kva rolle me vil ha i samfunnet og ikkje kor fælt me har det og me må tørre å prioritera. Julaftan skreiv eg 4 ting som eg meiner må prioriterast i ei […]

    Svar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Kalender

november 2007
M T O T F S S
« Okt   Des »
 1234
567891011
12131415161718
19202122232425
2627282930  

Most Recent Posts


%d bloggarar likar dette: