November

oktober 31, 2007 at 7:40 pm 1 kommentar

Økonomi
Nå har den raudgrøne regjeringa lagt fram sitt tredje statsbudsjett, sjølv om ikkje alle er like nøgde med budsjettet, har kritikken vært relativt dempa.

Det store spørsmålet for folkebiblioteka er sjølvsagt korleis kommuneøkonomien vil utvikle seg framover. KS har fått laga ein rapport med den megetseiande tittelen «Kommunene renner ikke over av penger«, noko organisasjonen og påpeiker i si uttale om statsbudsjettet. Ikkje minst er det eit enormt etterslep på vedlikehald av offentlege bygningar. Så medan regjeringa seier seg nøgde med utviklinga varslar kommunane om kutt og krise neste år. Skilnadene mellom regjeringa si oppfatting av verkelegheita og KS sin kan føre til et samanbrot i konsultasjonsordninga mellom staten og kommunane.

Sørheimutvalet som skulle sjå på inntektssystemet for kommunane har lagt fram si innstilling. Det å laga eit rettferdig inntektssystem som alle blir nøgde med er sjølvsagt ei umogleg oppgåve. Kommunal Rapport kan allreie nå melde at 289 kommunar kjem til å stø framlegget og 142 vil vere i mot.

Nett nå
Medan ABM-utvikling satsar på nettstaden ønskebok (nei, den verkar ikkje når du skriv ø) viser det seg at dei tunge statlege nettsatsingane Miside og Norge.no har blitt eit pengesluk som ikkje står i forhold til bruken av nettstadene. Nå lovar statsråden at staten skal ta lærdom av dei «nye» nettfenomena som Youtube, Facebook og Myspace.
Nokon som tydeleg har lært av 2.0 tenkinga er satsinga på Nasjonal digital læringsarena (NDLA) som er eit samarbeid mellom fylkeskommunane og støtta av Kunnskapsdepartementet. Nå har bloggkollega Plinius den siste tida vist at det er ikkje alle nettsatsingane frå utdanningssida som er like gode.Medan breibanda blir breiare og breiare og fleire og fleire har tilgang så klagar den såkalla opposisjonen på regjeringa at berre 99% av folket har breibandsdekning innan utgangen av 2007.

Kulturdepartementet
Trond Giske får kritikk for manglande bibliotekpolitikk og i NRK sitt program «kulturnytt» gravleggjar han òg langt på veg dei økonomiske løysningane som blir lagt fram i bibliotekutgreiinga frå ABM-utvikling. Samstundes så lovar han at det skal komme ei eiga stortingsmelding om bibliotek noko som han stadfesta på departementet si konferanse om kulturløftet.

Departementet har satt ned eit utval som skal sjå nærare på tilskottsordningane på kulturfeltet. Eg registrer at ABM-utvikling sine utviklingsmidlar ikkje er spesielt nemnt i utvalet sitt mandat.

Litteratursenter
Denne månaden blei det nye Petter Dass museet åpna i Nordland. Snart står Hamsunsenteret for tur i same fylke. Ved Norsk folkemuseum planlegg dei eit Anne-Cath. Vestly-senter. I Rogaland ser det derimot ut til at planane om Garborgsenterbremser opp. Venen til Garborg, forfattaren Rasmus Løland har derimot nyleg fått sin eigen nettstad.

Biblioteka
ABM-utvikling og Høgskulen i Oslo har oppretta eit Biblioteklaboratorium, det kan bli spanande. På Sølvberget i Stavanger i dei i ferd med å gjennomføra eit svært radikalt eksperiment i biblioteket eg håper for vår del at brukarane faktisk merker noko til eksperimentet. Om eksperimentet kan vurderast som eit sosialt inkluderingstiltak er uklart, sosial inkludering er i eit av emna som blir drøfta i siste utgåve av det skandinaviske bibliotektidsskriftet Scandinavian Public Library Quarterly. Kva med gebyra, eller redsla for at gebyr vil dei verka sosialt ekskluderande på bibliotekbruken. I Tønsberg der biblioteket har ein stolt historie som inkluderande, har bibliotekgebyra nå blitt ei sak i lokalpressa.

Kampanjen Skolebibliotekløftet har nytta den «internasjonale skolebibliotekdagen» (utroleg!) til å gje ein blome til politikaren Lena Jensen (SV) for hennar engasjement for skolebiblioteka.

Ny jobb
I desember 2006 skreiv eg at eg ikkje ville fortsette med Politisk kalender i si nåverande form. Dei blei ikkje slik etter utallige oppfordringar frå elleville tilhengjarar har eg fortsett i eit år til. Nå går det likevel mot slutten. På nyåret går eg over til ein ny jobb i Stortingsekretariatet til SV. Der skal eg være politisk rådgjevar for våre representantar i Familie- og kulturkomiteen og i Kommunal- og forvaltningskomiteen. Kva arbeidsoppgåver dette vil innebere finn ein på Stortinget sine nettsider: Familie- og kulturkomiteen og Kommunal- og forvaltningskomiteen. Men før eg kjem så langt reknar med å levere kalender òg i desember.

Er det nokon som kjenner til ein hybel i Oslo-området som eg kan leige, så er det berre å ta kontakt: Svein Arne Tinnesand.

Advertisements

Entry filed under: Bibliotekpolitikk, Kalender, Kulturpolitikk, Sjølvskryt.

Oktober Kommentar: Folkebibliotek i media

Éin kommentar Add your own

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Kalender

oktober 2007
M T O T F S S
« Sep   Nov »
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
293031  

Most Recent Posts


%d bloggarar likar dette: