Oktober

september 30, 2007 at 12:19 pm Kommenter innlegget

Kommunane
Det har vore lokalval og valresultatet vil sjølvsagt føre til endringar i samansettingen av kommunestyrar over heile landet. For første gang i nyare historie har òg kommunevalet ført til at kommunalministaren blir skifta ut. Magnhild Meltveit Kleppa frå Rogaland overtar og partifellen hennar frå same fylke KS-nestleiar Odd Arild Kvaløy har høge forventningar. Førebels kan det sjå ut som at kommuneøkonomien framleis går den rette vegen.

Etter at den raudgrøne regjeringa valte å leggje lokk på debatten om kommunestruktur har det vore stille eit par år, nå ser det ut til at debatten på nytt kan blusse opp igjen. Ikkje berre i høgrekretsar men òg i blader som står den sitjande regjeringa nær. Skal ein slå seg saman med nabokommunen er det vel greit at det finnes ei eiga Lov og ei nemd som skal handtere usemje om det økonomiske oppgjeret i samband med samanslåingar.

Våre vener liberalistane er så glade for at rådmannen i Lier leggje ned ein bibliotekfilial av økonomiske grunnar. Det skal tydleg ikkje så mykje til for å glede disse aller minste blant oss. For biblioteka er det like vel ei utfordring å få fram at dei kan skaffe tilgang til all verdas litteratur sjølv på dei minste biblioteka og at breidda i utvalet alltid er større enn på bokhandlarane si bestseljarliste.

Sosiale skilnader
Skolen forsterkar sosiale skilnader seier forskarane, dette er òg er tema i Stortingsmelding 16. I Vidaregåande opplæring fell 30% av elevane frå, før dei har sluttført utdanninga. Nasjonal digital læringsarena er nå lansert, og det er store forventningar til at dette på sikt kjem til å endre skulekvardagen. NOU om studieforbunda sine framtidige oppgåver og roller er overlevert til kunnskapsministaren.
To av tri har breiband heime viser tal frå SSB. Samtidig avslørar undersøkinga store skilnader i tilgang på IKT. Dei digitale skiljelinene følgjer i stor grad dei økonomiske og sosiale skiljelinene i samfunnet. Digitale skilnader utgjer eit demokratisk problem skriv aftenposten, medan kommentatoren Svein-yngve Madssen i LO-Aktuelt konkluderar med at biblioteka kan være ein arena for å utjamne skilnadene på dette området. Medan Fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys ikkje nemner bibliotek i si tale om digital inkludering. Sosiale skilnader er og eitt av emna som blir tatt opp i siste utgåva av SSB-magasinet «Samfunnsspeilet«.

Pengar
Det er regjeringa sitt privilegium og strø om seg med pengar frå kommande statsbudsjett i valkampen. Dette året var ikkje noko unntak nå veit me at distriktsbokhandlarane skal få fem millionar kronar i statsstøtte fordi bransjen har laga ei bransjeavtale som favoriserar dei store. Kommunane skal få pengar til fleire kulturtiltak for dei eldre gjennom den kulturelle spaserstokken. I tilegg ha det norskleda fribyprosjektet fått pengar frå EU sitt kulturprogram.

Litteraturhuset treng 10 millionar kroner i støtte melder NTB. Kopinor har rekordutbetaling på 86,4 millionar kroner til opphavsmenn (ikkje kvinner?) og utgjevarar. Staten og skribentorganisasjonane har ikkje blitt samde om bibliotekvederlaget for neste år, vederlaget var i 2006 på 72 millionar kroner. 

På torsdag kjem statsbudsjettet, og dei borgarlege «ekspertane» og «opposisjonspolitikarane» spår allreie økonomien og SV si undergang, me ventar i spenning.

Advertisements

Entry filed under: Bibliotekpolitikk, Kalender, Kunnskapspolitikk.

Utsyn over Skandinavia November

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Kalender

september 2007
M T O T F S S
« Aug   Okt »
 12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930

Most Recent Posts


%d bloggarar likar dette: