Utsyn over Skandinavia

september 23, 2007 at 7:48 pm Kommenter innlegget

I samband med at det igjen er tid for den Nordiske Bok og bibliotekmessa i Gøteborg, vil nytta høvet til å sjå på kva som rører seg på bibliotekfronten i våre skandinaviske granneland. Sjølv om me har felles språk og står kvarandre nært både geografisk og kulturelt så er det eigentleg liten kontakt mellom dei nordiske biblioteka. Offisielt samarbeider dei nordiske landa i Nordisk råd og gjennom dette rådet er det mogleg å få støtte til nordiske kulturelle samarbeidsprosjekt. Foreningen Norden står for det frivillige nordiske samarbeidet og arbeidar m.a. samen med nordiske bibliotek om nordisk bibliotekveke. Ei anna viktig nordisk bibliotekhending er Den nordiske barne- og ungdomslitteraturkonferansen som blir arrangert i Stavanger i februar til neste år.

Sverige
I Sverige er det for tida eit heller kraftig ordskifte om medieval etter at enkelte
skulebibliotekarar ikkje ønska å ta inn i samlinga (sjå s.33) ei bok som skulle dokumentera kommuneismen sin brottsverk. Skribentar frå høgresida skuldar biblioteka for å ljuge medan skribentane på venstresida skuldar høgresida for å driva hetskampanje.

Den svenske bibliotekforeininga meiner at satsing på bibliotek vil vere lønsamt for Sverige. Det får Aftonbladet i artikkelen Biblioteken och profiten å gjere narr av denne typen tenking. Det som er meir oppsiktsvekkjande, er at dei nyliberale spøkelsa frå 80-talet på nytt dukkar opp i bibliotekdebatten «Bibliotek på entrepenad» blir på ny utreda og i prinsippet kan alt konkurranseutsetjast.

I Stockholm satsar politikarane på bibliotek og bibliotekforeininga har merka seg eit auka politisk fokus på bibliotek. Lisa De Souza frå länsbiblioteket inviterer til debatt om kommunal bibliotekplan i Smedjebacken. I nabokommunen Ludvika stiller ikkje partia opp på folkemøte om bibliotek. I Malmø har forfattaren Bjarne Stenquist starta ein debatt om kva biblioteket skal være. Han får svar frå kulturpolitikarane som seier at dei vil styrka biblioteket.

Svenske bibliotek er populære og gjer det bra på brukarundersøkingar samtidig opplever stadig fleire at utlånet og besøkstala fell. I Nacka prøver biblioteket i Dieselverkstaden å skapa eit heilt nytt bibliotektilbod til ungdom.

Danmark
Den danske Biblioteksstyrelsen har presentert bibliotekstatistikken og Danmarks bibliotekforening konkluderar med at det er
meir elektronisk bruk av biblioteket . Dette blir òg stadfesta ved biblioteket i Århus. Elektronikken kan og nyttast på andre måtar i Ringkøbing vil dei teste ut å fingeravtrykk i staden for lånekort.
 
Skal biblioteka ha plass til ekstremistisk propaganda? Ordskiftet går i Storbritannia og den danske bibliotekforeininga
blir utfordra om tilstandande i danske bibliotek. I Danmark pågår stadig ein debatt om nedlegging av filialar. Mange meiner at nedleggingane har negative konsekvensar i lokalsamfunna,  medan andre visar til at nedlegginga ikkje fører til færre utlån .

15. september blei den nye danske terrorlova sett i kraft, bibliotekstyrelsen presiserar at biblioteka er unntatt frå lova, i USA har delar av den tilsvarande USA PATRIOT ACT blitt erklært som ulovleg . Sjølv om den amerikanske terrorlovgivinga ikkje er noko som vi bør kopiere så har vi mykje å lære av amerikanske bibliotek i følgje Casper Hvenegaard Rasmussen og Henrik Jochumsen.

Medan direktøren på Gyldendal ottast for litteraturformidlinga på danske bibliotek, testar biblioteka ut nye måtar for formidling på nettet. Gladsaxe bibliotek med si eiga side på My space, og ikkje minst barnbiblioteka si fellessatsing på Dotbot – dit børnebibliotek på nettet .

Advertisements

Entry filed under: Bibliotekpolitikk, Kulturpolitikk, Medieval.

Kanon Oktober

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Kalender

september 2007
M T O T F S S
« Aug   Okt »
 12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930

Most Recent Posts


%d bloggarar likar dette: