Kanon

september 18, 2007 at 8:36 am Kommenter innlegget

(Lagt ut i mai 2007, men endra på grunn teknisk problem)

Under Sigrid Undsetdagane på Lillehammer blei den norske litterære kanon kåra. Ei liste på 25 litterære verk blei dratt fram som dei viktigaste verka i Norge gjennom 1100 år. Nå kan ein sjølvsagt spørje seg kor stor verdi ei slik kåring vil ha, men det som er heilt sikkert ho vekkjer debatt og interesse for litteraturen. For oss som har arbeida med ulike litterære satsingar i Rogaland dei siste åra så registrer me med glede at vårt fylke er tungt representert på lista.

Både Arne Garborg og Sigbjørn Obstfelder er vel ganske opplagte val i ein slik samanheng som dette. Kjartan Fløgstad er vel heller ikkje den heilt store overraskinga. Den store overraskinga er sjølvsagt Øyvind Rimbereid med diktsamlinga «Solaris korrigert» frå 2004. Rimbereid si samling var god då ho kom ut og sjølv oppmoda eg lesarane av «politisk kalender» i desember 2004 å gje vekk boka i julepresang ved å vise til denne meldinga i Dagsavisen. Øyvind Rimbereid var den første forfattaren som i 1995 mottok Rogaland fylkeskommune sitt litteraturstipend. Stipendet blei oppretta som eit resultat av ein vilje til å satse gjere litteratur til ei politisk satsing i fylkeskommunen. Samstundes opna fylket for at forfattar og kunstnarar frå heile landet kunne komme til Rogaland og ta inn i fylkeskommunen sine kunstnarbustader. Allreie i 1993 hadde Rogaland fylkesbibliotek arrangert den første store Nordiske barne- og ungdomslitteraturkonferansen, den vil til neste år bli arrangert for 8. gang med tittelen mangfold2008.I 2004 følgde fylkesutvalet opp litteratursatsinga og vedtok å arrangere eit eige møte mellom den politiske leiinga og forfattarane. «Solaris korrigert» var òg fylkesordføraren si julegåve til medlemmene i fylkestinget i 2004. Litteraturmøtet blei følgd opp av nytt vedtak i fylkesutvalet i februar 2005 om å auka Rogaland fylkeskommune sitt litteraturstipend frå 75.000kr til 100.000kr og arbeida vidare med satsinga på litteratur i fylket. Resultatet av dette arbeidet har vore at fylkeskommunen har oppretta eit heilt nytt stipend for barne- og ungdomslitteratur, med namnet Rasmus Løland stipendet . Første mottakar av stipendet var Finn Øglænd som fekk stipendet overrakt den 24.mai i år i samband med Rasmus Løland markeringa i Suldal.Fylkeskommunen sin leseplan «Les for livet», der det kvart år blir brukt nye midlar på lese- og litteraturtiltak i fylket kan sjås på som ein del av litteraturpolitikken. Litteraturformidlinga i Den kulturelle skulesekken der det kvart år blir gitt litteraturproduksjonar til nesten 20.00 born kan sjås som ei realisering av litteraturpolitikken. Deltakinga i arbeidet med å oppretta eit Garborgsenter på Jæren, engasjementet i samband med markeringa av Rasmus Løland og løyvinga til Kiellandutgreiinga er òg ein del av fylkeskommunen si litteratursatsing. Fylkeskommunen sin tildeling av kulturpris til Kjartan Fløgstad dette året føyer seg òg inn i rekkja av litterære tiltak.Eg skal ikkje sei at det er fylkeskommunen sin litteraturpolitikk som har gitt oss dei litterære kanonane, men denne politikken har saman med ein rekkje med aktivitetar rundt om i kommunane, ikkje minst på Sølvberget (med troll i ord, litteraturfestival, fribysenter m.m.) har vore med på å gjere litteraturen synleg i Rogaland.

Advertisements

Entry filed under: Kulturpolitikk, Sjølvskryt, Subjektivt.

Valekstra – val Utsyn over Skandinavia

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Kalender

september 2007
M T O T F S S
« Aug   Okt »
 12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930

Most Recent Posts


%d bloggarar likar dette: