Valekstra – kommunalt sjølvstyre

september 6, 2007 at 7:39 pm Kommenter innlegget

Lokalvalet handlar om lokaldemokratiet og om det lokale sjølvstyret. Lokalt sjølvstyre er noko som alle snakkar varmt om, men som mange ønskjer å kvitta seg med.
I løpet av valkampen har Framstegspartiet fått merksemd fordi dei vil tømme kommunane for sju av ti kommunale kroner. Alle veit at Frp meiner at avgjerder skal ut av politikken og over til jussen. Det ser ein ikkje minst når det gjeld den kommunale eigedomskatten som mange plassar er eit svært fornuftig reiskap, denne vil partiet rett og slett forby. Det er likevel ikkje berre Frp som tryner når det gjeld sjølvstyret vår lokale Senterpartirepresentant vil gjerne satse på kommunal kultur, men ber staten om å betala. Dette er ei haldning ein ofte ser i lokalpolitikken, politikarane nektar å prioritere og endar op som misnøgde ungar som gjerne vil at staten skal komme springande med alt dei ber om. Den andre varianten er sjølvsagt sentrale politikarar som har eit sterkt ønske om at ting dei vil skal skje blir gjennomførde. Derfor truger SV sin ministar og med å straffe kommunane som ikkje gjennomfører barnehagesatsinga nett som han og departementet hans har bestemt. Sist har vi oppslaget i siste nummer av Bibliotekforum der representanten frå Raudt ønskjer å statleggjere folkebiblioteka. Noko som sjølvsagt ikkje kjem av at vedkommande har kunnskap om kva som tener folkebiblioteka.

Dise eksempla er sjølvsagt bare ein del av biletet. VG sin kommentator Hanne Skartveit seier i ein kommentar at lokalt sjølvstyre skaper forskjellar. Nå røper Skartveit at ho på lik line med dei fleste Oslo-journalistar ikkje veit noko om fylkespolitikken, berre så det er sagt. Lokal ulikskap er sjølvsagt eit problem for dei som meiner like tenester over heile landet er svaret på alle politiske spørsmål. Samtidig er det ei stor politisk og pedagogisk utfordring å fortelja at lokalpolitikk og inneber val mellom ulike moglegheiter.

Advertisements

Entry filed under: Bibliotekpolitikk, Kalender, Subjektivt.

Valekstra – arbeidsgjevarar Valekstra – val

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Kalender

september 2007
M T O T F S S
« Aug   Okt »
 12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930

Most Recent Posts


%d bloggarar likar dette: