Valekstra – bibliotekstatistikken

september 3, 2007 at 8:13 pm 2 kommentarar

Bibliotekstatistikken er lagt fram. I samband med framlegging av statistikken sendte ABM-utvikling ut ei pressemelding med følgjande overskrift: Bekymringsfull nedgang i folkebibliotekbruken.Det blir sjølvsagt fanga opp i andre media og Nationen har det nøkterne oppslaget Nedgang for folkebiblioteka medan Klassekampen har den meir dramatiske vinklinga med Aksjon Redd biblioteket. Nå kan ein ein stilla store spørsmål med desse tala som dei m.a. gjer i Midtre Gauldal der dei meiner at ikkje alle utlåna blir talt i statistikken. Eg stiller sjølv nokon spørsmål kring tolkinga av tala for mitt eige fylke. Dette vil eg komme tilbake til i ein lengre artikkel seinare.

Det eg vil følgje opp her, er innspelet frå min kollega Randi Nilsen i Aust-Agder. Korleis kan ein bruke statistikken til å synleggjera biblioteka og kva ønskjer ein med denne synleggjeringa. Det siste er ikkje minst viktig nå i samband med valet.

Skal ein komme i avisa treng ein ein konflikt eit offer eller ei krise. Derfor hjelp det gjerne at at ein svartmalar og griner, dette likar journalistane og dei populistiske politikarane i alle parti. I ein tidligare artikkel her på bloggen går eg inn på nokre sider av denne tenkinga og konkluderar på følgjande måte: Denne “offerframstillinga” blir gjerne tatt godt i mot i pressa, men tener saka på at ein framstiller seg sjølv som offer? Ved å framstilla seg som offer vil ein alltid konkurrera med “dei som har det verre” når dei politiske prioriteringa skal tas. Konkurransen om kven som har det “verst” i verdas rikaste land bidrar berre til fragmentering og fordumming av politikken samtidig som han minkar det demokratiske handlingsrommet, den fremjar òg høgrepopulismen slik han framstår hos det såkalla Framstegspartiet. Det tener verken kulturlivet eller me som samfunn på.

Eg er heilt sikker på om at dei politikarane me ønskjer at skal gje oss meir pengar ikkje fell for denne typen retorikk når det gjeld biblioteka. Det de treng er å få synleggjort er kor viktige og gode biblioteka kan vere i det lokalsamfunnet dei skal styre.

Advertisements

Entry filed under: Bibliotekpolitikk, Kalender, Subjektivt.

Valekstra – kunnskapspolitikk Valekstra – Framstegspartiet satsar på kultur

2 kommentarar Add your own

  • 1. plinius  |  september 3, 2007 ved 9:31 pm

    Jeg har sans for Randi Nilsens pressemelding for Aust-Agder, med overskriften: «Fra bokutlån til formidlingsarena». Folk låner mindre enn før – og det gjelder over hele Norden – men vi vet ikke om de bruker bibliotekene mindre enn før. Dagens statistikk klarer ikke å fange opp den totale b ruken.

    ABM-utvikling har endelig satt i gang arbeidet med å revidere statistikken – og det er svært viktig at miljøet følger med og stiller krav, slik at revisjonen gir oss den statistikken vi faktisk har bruk for.

    Les mer om dette på bloggen til
    Samstat.

    Svar
  • 2. P 212/07 « Plinius  |  september 3, 2007 ved 9:37 pm

    […] — plinius @ 11:36 pm Svein Arne Tinnesand kommenterer bibliotekstatistikken på Politisk kalender i dag – og viser til Randi Nilsens kloke brev på biblioteknorge. […]

    Svar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Kalender

september 2007
M T O T F S S
« Aug   Okt »
 12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930

Most Recent Posts


%d bloggarar likar dette: