Valekstra SV vs Framstegspartiet

august 25, 2007 at 6:45 pm Kommenter innlegget

Blir me klokare av all statistikken som presenterast under valkampen spør dei i siste nummer av LO-aktuelt. Det kan for så vidt vere nyttig å lese den artikkelen før ein gjer seg opp for bastante meiningar om dagens Politisk kalender.

Spørsmålet eg vil gje svaret på i dag er kven er best på bibliotek, SV eller Frp? Med utgangspunkt i dei to partia si historie og program på saksfeltet kunne ein tru at svaret var gitt. Eg har tidligare vist til Framstegspartiet sin snuoperasjon i bibliotekpolitikken her på bloggen. SV har blant anna denne glimrande fråsegna frå landsmøtet i 2003 å vise til.
Talla er henta frå bibliotekstatistikken 2003 og 2006. Dei to talla som er brukt for å få fram satsinga på bibliotek er utgifter til drift av bibliotek pr. innbyggjar (utgifter) og utlån pr. innbyggjar (utlån) for på det viset å syne fram både innsatsen og resultatet.

SV – kommunar.
SV kommunar er definert som kommunar der SV har ordføraren same kva type allianse dette er et resultat av.
Hurdal – Akershus: 2003 Utgifter: 138,89 Utlån:4,03 – 2006 Utgifter:178,86 Utlån: 3,91
Nesodden – Akershus: 2003 Utgifter: 194,51 Utlån: 5,26 – 2006 Utgifter: 192,39 Utlån: 3,74
Klæbu – Sør-Trøndelag: 2003 Utgifter: 222,5 Utlån: 4,96 – 2006 Utgifter: 263,03 Utlån: 4,85
Namsos – Nord-Trøndelag: 2003 Utgifter: 118,74 Utlån: 1,93 – 2006 Utgifter: 119,02 Utlån: 1,94
Beiarn – Nordland: 2003 Utgifter: 298,95 Utlån: 7,35 – 2006 Utgifter: 298,85 Utlån: 5,93
Lødingen – Nordland: 2003 Utgifter:304,51 Utlån: 7,84 – 2006 Utgifter: 334,83 Utlån: 6,98
Rana – Nordland: 2003 Utgifter: 222,5 Utlån: 6,07 – 2006 Utgifter: 264,51 Utlån: 6,04
Berlevåg – Finnmark: 2003 Utgifter: 211,65 Utlån: 2,01 – 2006 Utgifter: 491,42 Utlån: 1,57

Frp – Kommunar
Frp kommunar er definert som kommunar der Frp har ordføraren same kva type allianse dette er et resultat av. I løpet av den tida eg jobba med dette stoffet fekk partiet òg ordføraren i Oslo. Heldig òg i denne samanhengen er at både Tønsberg og Nøtterøy har Frp-ordførar sidan dei har felles bibliotekteneste.
Ullensaker – Akershus: 2003 Utgifter: 189,60 Utlån: 4,25 – 2006 Utgifter: 182,91Utlån: 4,03
Tønsberg/Nøtterøy – Vestfold: 2003 Utgifter: 342,69 Utlån: 8,63 – 2006 Utgifter: 332,08 Utlån: 7,24
Tjøme – Vestfold: 2003 Utgifter:254,01 Utlån: 7,08 – 2006 Utgifter: 270,41 Utlån: 6,75
Os – Hordaland: 2003 Utgifter:176,79 Utlån: 4,64 – 2006 Utgifter: 169,07 Utlån: 5,06
Austevoll – Hordaland: 2003 Utgifter:284,27 Utlån: 3,84 – 2006 Utgifter: 249,15 Utlån: 2,27
Ørsta – Møre og Romsdal:2003 Utgifter: 175,63Utlån: 4,90 – 2006 Utgifter: 191,47 Utlån: 4,83
Stranda – Møre og Romsdal: 2003 Utgifter: 233,64 Utlån: 3,92 – 2006 Utgifter: 285,74 Utlån: 4,80
Skodje – Møre og Romsdal: 2003 Utgifter: 113,52 Utlån: 1,69 – 2006 Utgifter: 124,28 Utlån: 3,30
Sula – Møre og Romsdal: 2003 Utgifter: 173,17 Utlån: 7,84 – 2006 Utgifter: 178,35 Utlån: 7,53
Vestnes – Møre og Romsdal: 2003 Utgifter: 132,96 Utlån: 3,05 – 2006 Utgifter: 151,89 Utlån: 3,43
Fræna – Møre og Romsdal: 2003 Utgifter:151,84 Utlån: 4,05 – 2006 Utgifter: 162,64 Utlån: 4,24
Nordreisa – Troms: 2003 Utgifter: 325,45 Utlån: 7,30 – 2006 Utgifter: 383,61 Utlån: 5,19
Oslo: 2003 Utgifter: 243,26 Utlån: 4,39 – 2006 Utgifter: 244,53 Utlån: 4,08

SV-kommunane: 2003 Utgifter: 214,03 Utlån: 4,94 – 2006 Utgifter: 267,86 Utlån: 4,37
Frp-kommunane: 2003 Utgifter: 215,14 Utlån: 5,04 – 2006 Utgifter: 225,08 Utlån: 4,82
Norge: 2003 Utgifter: 233,89 Utlån: 5,45 – 2006 Utgifter: 245,03 Utlån: 5,20

Når det gjeld ressursar til folkebiblioteka var utgangspunktet nokså likt i 2003 i dag ligg SV-kommunane 20kr over landsgjennomsnittet og Frp kommunane 20kr under landsgjennomsnittet. SV har altså satsa mest i perioden. Når det gjeld resultat er det ikkje framgang korkje i SV eller Frp kommunane. Konklusjonen må bli eit lite forsprang til SV i bibliotekpolitikken, men ikkje overbevisande nok til at ein kan snakke om stor avstand i daglege politikken som føres ute i kommunane.

Advertisements

Entry filed under: Bibliotekpolitikk, Kalender, Subjektivt.

Sommaren 2007 Valekstra – kommuneøkonomien

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Kalender

august 2007
M T O T F S S
« Jul   Sep »
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
2728293031  

Most Recent Posts


%d bloggarar likar dette: