Sommaren 2007

juli 18, 2007 at 8:50 pm Kommenter innlegget

Sommaren er ferietid, før eg sjølv reiser på min sommartur i Norden vil eg i sommarutgåva av kalenderen sjå litt på politiske fenomen i våre granneland i tilegg til vår heimlege arena. Når eg kjem heim er det kommunevalkamp og det kjem sikkert til å prege neste utgåve av kalenderen.

Biblioteka
Dei allmenne
biblioteka er ein borgarleg idè skriv Ingrid Elam i «Dagens nyheter». Universitetet i Gøteborg har nyleg utgitt ein rapport som heiter «Det nye Sverige» i denne rapporten er det og eit kapittel om biblioteka. Blant mange oppdagingar observerar dei òg at bibliotekbruken i folket har falt frå 60 til 57%. Samstundes er det trendar i Sverige for tida som bryt med mønsteret me kjenner frå resten av Skandinavia. Talet på filialar fell ikkje lenger og talet på besøkande går opp. I Stockholm stig jamvel det tradisjonelle utlånet.

Dansk bibliotekforening har laga film om Biblioteka i framtida. I Danmark fell utlånet av bøker og Bibliotekstyrelsen legg vekta på bruken av elektroniske bibliotektenester. Det er mogleg at det er derfor fleire danske bibliotek held på å etablera seg på nettsamfunnet Second life. Samstundes fortsett kampen om bibliotekfilialane ute i det verkelege livet.

Bibliotekstatistikken føreligg nå! Sjølv om vi nå har fått eit eige samarbeidsutval for bibliotekstatistikk med eigen blogg så viser KOSTRA-tala at dei fleste tala for folkebiblioteka gjekk i feil retning i 2006. Det ser likevel ut som den våte sommaren kan endre på noko av dette i år. Andre plassar satsar dei på nybygg sjølv om dei er seint ute.

Medan me er inne på tal, Den Norske Bokhandlerforening har fått laga ei undersøking om kvar folk kjøper bøkene sine, nettsalet fell(!).

Kulturpolitikken
I Danmark har den borgarlege regjeringa gjennomført ordninga med gratis museum og funnet ut at det fører til
fleire vaksne besøkande. I Sverige held den nye borgarlege regjeringa på å avvikla ordninga med gratis museum og talet på besøkande fell dramatisk.

I Sverige blir støtta til «En bok til alla» lagt ned, denne ordninga fremmer ikkje lesinga meiner regjeringa samstundes som ho varslar ei ny brei kulturutredning . Kjenner eg slike utgreiingar rett i desse tider vil svenskane og lage eit eige kapittel om kreative kulturnæringar. Den danske regjeringa har laga eit forlik om ein avtale om styrking av kultur- og opplevingsøkonomi det meiner danske bibliotekarar at biblioteka kan nytte seg av. I Norge har regjeringa lagt fram ein plan for kultur og næring, kan biblioteka her heime hive seg med? For sjølv om dei kommande ordførarane ikkje er opptatt av kulturpolitikk så ser det ut til ikkje noko i vegen for å kombinera opplevingsøkonomi med litteratur.

Den danske kulturnettstaden Søndag aften foreslår at departementet sitt propagandamagasin «Kulturkontakten» blir lagt ned. Ingen har førebels foreslått å gjere det same med propagandaskriftene til ABM-utvikling og Nasjonalbiblioteket her på berget.

Nett nå
Ingen skal lengre diskriminerast på IKT området, nå legg regjeringa fram
krav om universell utforming av IKT. For siste gang skal eg omtale fenomenet «Facebook» (trur eg). I følgje NRK-TV truger fenomenet Norge sin tryggleik, det er likevel ikkje så farleg som det kan høyrast ut Facebook-hypen er over. Statistisk sentralbyrå har lansert ei nettside om offentleg økonomi, det er så vakkert.

Det som ikkje er like vakkert er alle mottoa og slagorda norske kommunar har lagt seg til dei siste åra. God ferie!

Advertisements

Entry filed under: Bibliotekpolitikk, Kalender.

Framstegspartiet og folkebiblioteka Valekstra SV vs Framstegspartiet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Kalender

juli 2007
M T O T F S S
« Jun   Aug »
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
3031  

Most Recent Posts


%d bloggarar likar dette: