Framstegspartiet og folkebiblioteka

juli 14, 2007 at 7:33 pm 5 kommentarar

 I samband med at eg la ut artikkelen «Politisk lesing» tidligare i veka følgde Plinius opp med artikkelen «Kunnskapens B-lag». Samstundes har avisa Klassekampen starta ein artikkelserie om Framstegpartiet sin kulturpolitikk. Eg vil i denne artikkelen sei noko om Frp og folkebiblioteka.

Til landsmøtet i 1988 la styret i Kommunale bibliotekarbeideres forening fram følgjande forslag til bibliotekpolitisk virkeplan: Forsvare gratis offentleg drivne folkebibliotek mot betalingsordningar og Fremskrittpartiet sine trusler om sal til private. I landsmøteprotokollen står følgjande om dette punktet i virkeplanen: framlegg til endring frå Svein Arne Tinnesand: «Forsvare offentleg drevne folkebibliotek mot betalingsordningar og nedskjæringar. KBF må saman med NKF og resten av fagrørsla arbeide fram ein strategi for å stoppa angrepa på offentleg sektor.» Styret trekte sitt framlegg og Tinnesand sitt blei einstemmig vedtatt.

Bakgrunnen styret hadde for framlegget sitt var at det tidligare «ufarlege» Frp var i ferd med å sikre seg ei større oppslutning og dermed makt i kommunane. Partiet hadde tatt til orde for å leggje ned og selje unna folkebiblioteka, samstundes meinte partiet at folk som skulle låne bøker godt kunne betale for det, det var då ikkje det offentlege si oppgåve å subsidiere folk som ønska å lese. Frp og Høgre hadde under revidering av budsjetta i Oslo kommune kutta dypt i bibliotektilbodet i hovudstaden. Ikkje rart at bibliotekfolk vart skremde.

Dette biletet av Framstegspartiet som eit folkebibliotekfientleg parti har blitt hengande med partiet i ettertid, men biletet stemmer ikkje med verkelegheita! Programatisk har ikkje framstegspartiet nokon spesielt bra politikk men heller ikkje spesielt dårleg, her er det som står om bibliotek i partiet sitt «Lokalpolitisk prinsipprogram»:

Biblioteket er en viktig kilde til kunnskap. I et kunnskapssamfunn som vårt er tilgang på informasjon av avgjørende betydning, og bibliotekene har gjennom mange år vært en viktig bidragsyter. Biblioteket bør etablere tilbud om Internett for dem som ikke selv har tilgang til dette.

Teksten er utdypa frå det meir omfattande «Prinsipp og handlingsprogram 2005 – 2009«.

Grunnen til at partiet har gått frå å være eit bibliotekfiendtleg parti til å ha eit heller ordinært syn på biblioteka trur eg kan skyldes to ting. Partiet har forlate den prinsipielle liberalismen som ein nå berre finn i marginale grupper på utsida av Høgre som til dømes gjengen rundt nettstaden «Liberaleren«, der ein gjerne kritiserar Framstegspartiet for å vere tilhengarar av dyre offentlege bibliotek.Framstegspartiet er høgrepopulistisk og for «folk flest» og folk i Norge dei vil at det offentlege skal bruke pengar på bibliotek, det var mellom anna det Svanhild Aabø har funne ut gjennom forskinga si om kva verdi biblioteka har.

Den andre grunnen har samanheng med den første, Framstegspartiet har fått makt mange stader og partiet vil faktisk at kommunane dei styrer i skal vere gode kommunar og bu i. Tønsberg er t.d. ein av dei kommunane som har hatt ordførar frå framstegspartiet dei siste fire åra.

Lokalt utgjer ikkje Framstegspartiet nokon umiddelbar fare for biblioteka, tvert om likt med andre kommunepolitikarar så sett dei pris på biblioteka. Likevel vil meir makt til Framstegspartiet sentralt vere eit alvorleg trugsmål mot biblioteka. Saman med t.d. Høgre i regjering vil partiet føre ein tradisjonell høgrepolitikk der det er kommunane som vil måtte ta ansvaret for å skjære ned på dei offentlege utgiftene. Denne politikken kjenner vi m.a. frå Bondevik 2 regjeringa med Erna Solberg som kommunalminister. Ein vil og kunne tenkje seg at Frp ville svekke sentrale ordningar på kulturfeltet som t.d. kulturfondordninga.

Klassekampen sine artiklar om FrP sin kulturpolitikk:
10. juli : Det nye kulturpartiet?
11. juli : Tenker Tusenfryd
12. juli : Truer Frp kulturlivet? (Ikkje på nett, prøv biblioteket)

Advertisements

Entry filed under: Bibliotekpolitikk, Kulturpolitikk, Subjektivt.

Politisk lesing Sommaren 2007

5 kommentarar Add your own

  • 1. Frode Bakken  |  juli 18, 2007 ved 6:46 am

    Takk for interessant vurdering av FRP og bibliotekene.
    Det har jo skjedd en spennende dreining av FRPs bibliotekpolitikk.
    I en årrekke var partiet kjent for årlige dramatiske kuttforslag for eks i Oslo vedr Deichmanske bibliotek
    Dessuten for jevnlige forslag i Stortinget om å innføre ulike avgifter
    Under lobbyarbeidet med revisjon av Åndsverkloven fra april 2005 kom det klart fram at FRP var blitt et mer «bibliotekvennlig» parti. I kulturkomiteen var FRPs arbeid ledet av Ulf Erik Knudsen. Den politiske rådgiveren til Knudsen påpekte tidlig i lobbyarbeidet: «Har dere lagt merke til at FRP har endret kurs vedrørende bibliotekene?»
    Dette kom ikke minst klart fram i FRPs stillingtagen generelt i de endelige vedtakene om åndsverkloven.
    I kulturkomiteens innstilling (Innst.O.nr.103 (2004-2005))
    (http://www.stortinget.no/inno/2004/200405-103-003.html)
    som også FRP sluttet seg til heter det:

    «Komiteen vil peke på at det lovbestemte gratisprinsippet (bibliotekloven § 1) i folkebibliotekene sikrer at materiale (bøker og annet egnet materiale) stilles til disposisjon gratis i det fysiske biblioteklokalet og at tjenester ytes til brukere samme sted. Ofte innebærer dette også utlån (hjemlån) av materiale der hvor dette er praktisk mulig og kan aksepteres av bibliotekene. I slike tilfeller er også dette gratis etter loven. Loven skiller ikke mellom materiale i papirform og digitalt materiale (jf uttalelse fra Justisdepartementets lovavdeling 13. februar 1995).

    Komiteen vil understreke at avtalelisenser er ment å være et supplement til eksisterende mekanismer der disse ikke fungerer eller er hensiktsmessige. Komiteen mener at å inngå lisensavtaler for å gi utvidet adgang til materiale i biblioteket ikke vil være noe prinsipielt nytt sett i forhold til gratisprinsippet. Det å åpne for avtalelisens i bibliotekene gir ikke grunnlag for å reise spørsmålet om gratisprinsippet i bibliotekutredningen. »

    Her har det skjedd en markant endring av FRPs syn over tid.

    Svar
  • 2. Svein Arne  |  juli 18, 2007 ved 12:14 pm

    Takk til Frode for den utdjupinga, me er sjølvsagt ikkje dei første til å oppdage dette. Erling Bergan skriv om det i Bibliotekaren nr 2/06. http://www.bibforb.no/bibforb/filer/bk0602.pdf

    Framstegspartiet er eit «vanleg» parti i bibliotekpolitikken. Derfor er det mogleg lokalt å lage politiske alliansar og med dette partiet om biblioteksaker. At alle partia er einige om at bibliotek er bra kan nyttast til gode for biblioteka, men det kan og vere ei sovepute. Derfor er det avgjørande viktig at ein ser på politikken ikkje berre på bibliotekområdet men og når det gjeld velferd, fordeling og ikkje minst synet på offentleg sektor, alle disse politikkområda vil påverke framtida til biblioteka vel så mykje som den «reine» bibliotekpolitikken.

    Svar
  • 3. Fredrik Mellem  |  august 23, 2007 ved 11:00 am

    Det er en usedvanlig dårlig ide å sette ulv til å gjete sau. Men i ulvedebatten må vi ta hensyn til at ulven kan ikke noe for at den er ulv. Den er et ukultivert rovdyr – og slik er dens rolle.

    Slik er det kanskje med politiske partier også. Vi skal kanskje ikke klandre FrP for at de ER FrP. Det er imidlertid all grunn til å sette spørsmålstegn ved de partiene som har satt FrP til å gjete kulturpolitikken i Oslo.

    Dette er Høyre, KrF og Venstre. Førstnevnte sitter i byråde. De to sistnevte har innsatt dette byrådet, men mangler kort og godt politisk gangsyn nok til å se at de sitter med det politiske ansvaret for å ha innsatt FrP til å styre Oslos kulturpolitikk. For å sitere Venstres Kjell Veivåg, fra et møte i Oslo i går: «Det er bare i budsjettspørsmål at vi samarbeider med FrP.» Bare i bagatellmessige og helt underordnede spørsmål altså…

    Svar
  • 4. Valekstra SV vs Framstegspartiet « Politisk kalender  |  august 25, 2007 ved 6:45 pm

    […] si historie og program på saksfeltet kunne ein tru at svaret var gitt. Eg har tidligare vist til Framstegspartiet sin snuoperasjon i bibliotekpolitikken her på bloggen. SV har blant anna denne glimrande fråsegna frå landsmøtet […]

    Svar
  • […] Framstegspartiet i Oslo er tilbake. Etter at me hadde funne ut at partiet sin bibliotekpolitikk ikkje skremde nokon og at Framstegspartikommunane ikkje var spesielt dårlege på folkebibliotek så slår dei sterkt […]

    Svar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Kalender

juli 2007
M T O T F S S
« Jun   Aug »
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
3031  

Most Recent Posts


%d bloggarar likar dette: