Juli

juni 30, 2007 at 2:44 pm 2 kommentarar

Kommunane
Medan kommuneøkonomien er betre enn på lange tider og regjeringa med rette skryt av betre kommunale tenester er det nokon som spår død og undergang for kulturen fordi staten med kulturrådet har kutta ei støtteordning til kommunane på 6 millionar kroner. Om det verkeleg er så lita vilje til å satse på kultur i den einskilde kommune er eg verkelig ikkje overtydd om at dei lokale musikktiltaka har livets rett. Dag Ingvar Jacobsen har studert tilhøva mellom lokalpolitikarane og byråkratiet og finn ut at byråkratiet har makt, men byråkratiet blir og oppfatta som lojale mot dei folkevalde.

Bokbransjen
Til forlagsbransjen si store skrekk har Kunnskapsdepartementet satt i gang eit
prosjekt for digitale læremidlar. Samstundes er konkurransen om og selje slike bøker til elevane blitt så sterk at dei små bokhandlarane blir svekka. Nok ein gong kjem det krav frå bransjen om at staten skal ordne opp, Kulturministaren ser heldigvis annleis på det. I følgje Trond Andresen i NFF er det bransjen sjølv som har lagt til rette for denne utviklinga gjennom eit auka kommersielt fokus.Det er vel grunn til å tro at samanslåinga av forlaga Cappelen og Damm ikkje svekkjer det kommersielle fokuset i bransjen.Så medan ein studerer bestselgjarlista kan ein lure på om kven som faller inn under definisjonen god politisk litteratur.

Biblioteka
At det litle folkebiblioteket i Lierne kommune i Nord Trøndelag har fem gangar så stort utlån som biblioteket i storkommunen Namsos i følgje eit oppslag i Trønderavisa kan få ein til å undre om premissane for konsolidering, som er hovudgrepet i bibliotekutgreiinga er det smartaste me kan gjere for å auke bibliotekbruken. Nå har ABM-utvikling laga ei utmerka oppsummering av høyringssvara til utgreiinga. Problemet med ei slik oppsummering er at alle svar står fram som like relevante, og det er dei ikkje.
Folk i Oppdal meiner at opningstidene må aukast for at dei skal ha tilgang til biblioteket. Ein kan vel ikkje foreslå å sette folk i fengsel for å få dei til å bruke biblioteka. Men i fengsla er bibliotektenesta mykje brukt og fangane ser ut til å ha same smak som resten av befolkninga når det gjeld krim. Ei arbeidsgruppe går inn for å etablere eit Kiellandsenter på Sølvberget.Det må dei i så fall forte seg med for i februar 2008 forsvinn alle tilsette på Stavanger bibliotek, og framande (ufaglærte?) overtar drifta.

Kulturelt mangfald står på agendaen i 2008 òg i biblioteka. Det verkar likevel litt stusseleg når den viktigaste oppgåva er å registrere «mangfaldet» i nok ei ny nettside med kulturkalender der matkurs på Sortland blir sidestilt med internasjonal folkemusikkfestival i Førde.

Lesing
Nå har forskarane funnet ut at du godt kan vere god i rekning utan å vere god til å lese. Lekser er urettferdig og gjer at forskjellar blir oppretthaldt, ungar med bokhyller heime gjer det betre enn ungar utan. Eg berre nemnar at samfunnet årleg brukar mange hundre millionar på å gje alle tilgang til «bokhyller». Biblioteka har òg moglegheit til å leggje til rette for lesing. I Aurland kan ungdom som les få seg sommarjobb som kritikarar
Kunnskapsministaren vil satse på meir kultur i opplæringa gjennom ein eigen strategiplan for kunst og kultur i skulen.

Nett nå
Medan regjeringsorganet Nationen skriv om aukinga i breibandsdekninga fokuserar osloavisa Aftenposten på dei plassane i landet der dekninga er dårlegast og det er våre vener i Lierne som kjem dårlegast ut. Plutseleg måtte me læra oss ordet nettnøytralitet, telenor vil ha moglegheit til å bremse farten på nettet og samferdselsministaren må gripe inn. Om ikkje nettet blir laga på nytt før teletilsynet er ferdig med granskinga si.

Medan politikarar prøver seg med valkamp på Facebook er Facebook blitt ein møteplass for dei sjenerte i følgje eit avisoppslag, og dei ikkje fullt så smarte i følgje eit anna. I siste nummer av Prosa skriv Eirik Newth innsiktsfullt om Nasjonalbiblioteket sin digitale satsing, medan Tord Høivik kommenterer den europeiske satsinga på sin blogg Plinius. Leiar Anne Hustad i NBF har satt ned ei arbeidsgruppe med medlemmar frå hovudstyret som skal sjå på og komme med innspel til dei sentrale digitale satsingane på bibliotekområdet, det trur eg me treng.

Advertisements

Entry filed under: Bibliotekpolitikk, Kalender.

Biblioteknorge – postlista vår Politisk lesing

2 kommentarar Add your own

  • 1. David Beadle  |  juli 2, 2007 ved 3:32 pm

    Her, som i andre utgåver av Politisk kalender, finn ein ei oversiktleg, småmorsom og oppdatert situasjonsomtale som er uunverleg for dei som vil og bør følgje med bibliotekpolitikken. Eg vil berre takke Svein Arne Tinnesand for dette!

    Svar
  • 2. Svein Arne  |  juli 2, 2007 ved 5:01 pm

    Takk for det, eg håper jo at litt subjektiv omtale av meir eller mindre bibliotekpolitiske hendingar både er til glede og nytte for folk som har interesse for bibliotekpolitikken.

    Eg vurderte i vinter om eg skulle slutte med «Politisk kalender», men fikk den gongen så mange oppfordringar om å fortsette at eg valgte å gå vidare. Det skriv eg om i artikkellen «Nokre refleksjonar ved overgangen til eit nytt år» https://oliven3.wordpress.com/2006/12/29/nokre-refleksjonar-ved-overgangen-til-eit-nytt-ar/

    Svar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Kalender

juni 2007
M T O T F S S
« Mai   Jul »
 123
45678910
11121314151617
18192021222324
252627282930  

Most Recent Posts


%d bloggarar likar dette: