Biblioteknorge – postlista vår

juni 19, 2007 at 6:29 pm Kommenter innlegget

Eg hadde eigentleg tenkt å skrive ein liten artikkel om bibliotekoffentlegheita som ikkje handlar om bibliotektidsskrifta. Så starta det ein diskusjon på biblioteknorge postlista om postlista vs. facebook og eg publiserte følgjande innlegg den 18.06.07 om kva rolle denne postlista speler i det norske bibliotekmiljøet.  

Det viktigste er gratis:
Det viktigste norske bibliotektidsskriftet er gratis. Det har ingen redaktør og ingen journalister. Tidsskriftet eies av Nasjonalbiblioteket, men fungerer helt frittstående. Det utgis flere ganger om dagen og skrives av leserne selv. Jeg tenker selvsagt på postlisten biblioteknorge@nb.no. (saksa frå plinius april 2005).

BIBLIOTEKNORGE: For generell diskusjon om biblioteksp�rsm�l (2,682 subscribers) (saksa frå nettsida til biblioteknorgelista).

Disse to klippa viser kvifor det er viktig å halde fast på denne lista. Denne lista har ein unik posisjon i bibliotekmiljøet og er ein svært viktig kjelde til fagleg oppdatering, debatt og informasjonsutveksling. Sjølv om Anders Ericsson har nokre vektige og nokre mindre vektige argument for å lage andre debattarenaer enn denne lista, så meiner eg at det vil være ei katastrofe for bibliotekmiljøet om denne lista forvitra og møteplassen blei detronisert. Vi ser dagleg at meldingar som eigentlig skulle ha vore publiserte på andre meir marginale lister som referanselista eller ledigstillinglista likevel blir sendt hit. Det er mange grunnar til suksessen til denne lista, men nokre av dei viktigaste er: «alle» er med, nesten 2700 deltakarar gjer at lista dekkjer alle frå filialstyraren på «den ytterste nøgne ø» til direktørane i dei sentrale bibliotekinstitusjonane. Lista er ikkje dominert av nokon få personar som heile tida gjentar seg sjølv, det er eit stort problem på mange slike postlister. Lista har eit mangfald av meldingar av alle slag og dei fleste er relevante for nokre av deltakarane, dette gjer at det er svært få innlegg om kva som er lov eller ikkje lov på slike lister. Slike debattar har ein tendens til å ta livet av slike lister. Desse kvalitetane er ikkje gitt oss frå oven, dei er resultat av alle folka som les på lista og dei som deltar med å sende innlegg til lista.Facebook er den nyaste «hypen» og blogging den førre, begge disse fenomena (og mange andre nettgreier) er det viktig for bibliotekfolk å kjenne til og delta i (på) men det er ikkje til å komme forbi at skal ein ha med heile fagmiljøet og ein del av nærmiljøet så er disse fenomena marginale. Norge har for tida ein heil masse bibliotekbloggar berre på lista til Tord Høivik sin blogg «Plinius» er det lista opp over 80, i tilegg finnes det bloggar frå andre nærliggande miljø (forfattarar/journalistar/ pedagogar/politikara m.m.) – rekk opp handa alle som følgjer aktivt med på alle disse stadene. Eg reknar meg som litt over middels interessert i biblioteknyhende og følgjer litt med på den slags, men eg gjer det ikkje.

I ein artikkel i vekeavisa Ny Tid med overskrifta «verdiskaping 2.0» skriv Petter Bae Brandtzæg frå Sintef-iktom eit av dei nye nettsamfunna -Underskog:»Ikke bare kan man bygge nettverk der både lokalt og globalt, man kan også markedsføre viktige seminarer, rapporter, hendelser og kunstproduksjon. I tillegg kan man på kort tid få svar på spørsmål man måtte lure på fra andre kompetente mennesker i nettverket. Som deltager i nettverkene får du tilgang på sosial kapital. Når nettverkene blir store nok, vil en møte på grupper med unike kunnskaper og kompetanse som du trenger der og da.Nettverkene fungerer som kollektiv intelligens eller massenes kunnskap.» Nå er bibliotekfolk i den heldige situasjonen at dei har ei epostliste som fungerer på akkurat det viset, la oss passe på at me framleis har det slik.

PS: Eg visste ikkje om «regelen» som Anders viser til sjølv om eg har deltatt på lista i alle år 🙂

Advertisements

Entry filed under: Bibliotekpolitikk, Subjektivt.

Tilbake til start? Juli

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Kalender

juni 2007
M T O T F S S
« Mai   Jul »
 123
45678910
11121314151617
18192021222324
252627282930  

Most Recent Posts


%d bloggarar likar dette: