Tilbake til start?

juni 16, 2007 at 7:38 pm Kommenter innlegget

Då er det klart for «siste» runde i debatten om regionar. Fylka har tatt storleiken på dei nye regionane til vurdering. Mange regiontilhengarar var skuffa over oppgåvene som stortingsmelding 12 og den seinare handsaminga i kommunalkomiteen, dette ser og ut til å prege debatten om samanslåing av fylker til større regionar.

Overskriftar som «Regionmeldingen en tafatt greie«, «Skuffende regionreform«, «Liksomreform«. KS som organisasjon har likevel ikkje heilt resignert, dei følgjer opp stortinget sitt vedtak om at nye oppgåver vurderast for overføring til regionane med eigne brev til «alle» departementa. Dei ulike fylka sine meiningar om storleiken på dei «nye» regionane sprikar i alle retningar. Eit godt eksempel er vedtaket i mitt eige fylke som seier klart nei til vestlandsregion medan Hordaland seier klart ja til ein slik region. Slik fortsett det i fylke etter fylke. Ikkje rart at nokon nå tek til ordet for samanslåing med tvang.Eg trur ikkje at dette kan fiksas ved hjelp av tvang. Kampen mellom sentralmakta og regionane om oppgåver og mellom dei ulike regionane/fylka om storleik er blitt eit spel der alle dreg i alle retningar og resultatet blir at ingenting blir endra. Det kan verke som at me nå er tilbake og kan starte med å lese NOU 2000 : 22  på nytt.

Advertisements

Entry filed under: Regionreforma.

Juni Biblioteknorge – postlista vår

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Kalender

juni 2007
M T O T F S S
« Mai   Jul »
 123
45678910
11121314151617
18192021222324
252627282930  

Most Recent Posts


%d bloggarar likar dette: