Juni

mai 31, 2007 at 8:21 pm Kommenter innlegget

Folk
Trass gode politiske intensjonar om og oppretthalde busettinga, så flyttar folk til sentrale strøk. Innvandringa aukar også mest i dei sentrale strøka. Når ein kjem ned på kommunenivå ser ein at det nå er store endringar når det gjeld folkesamansettinga i enkelte strøk.

Økonomi
I fjor hadde kommunane eit overskot på 15 milliardar kroner, regjeringa meiner ho har grunn til å skryte. På tross av dei gode tidene så er det framleis kommunar som slit med økonomien. I kommuneproposisjonen som blei lagt fram i mai blir det lova ennå meir pengar til kommunane. KS har satt opp ein oversikt over kva det kan gje i den enkelte kommune. I følgje ein uttale frå landstyret vil denne proposisjonen likevel gje ein strammare kommuneøkonomi i 2008. I hovudoppgåva mi i frå 1989 samanlikna eg kommunane si bruk av pengar på folkebibliotek, på kultur og på andre oppgåver. Nå har avisene (endeleg!) følgt opp dette, her med tal frå Kongsberg som visar at dei kjem dårleg ut på kulturområdet.

Lokaldemokrati
Ved universitetet i Oslo har dei satt i gang eit forskingsprogram, som ser på tilhøvet mellom IKT og lokaldemokrati. I tillegg til opplagte funn som t.d. at lokalpolitikarane svarar på e-post, ser dei og på i kva grad ny teknologi kan påverke demokratiet. At veljarane kan straffe udugelege lokalpolitikarar med å la vere å velje dei er vel ikkje så overraskande, men det er likevel konklusjonen i ein doktorgrad frå BI. Høgresida trugar lokaldemokratiet skriv Paul Bjerke i ein kommentar i Klassekampen. Stortingsrepresentant Svein Roald Hansen stiller spørsmål ved om det er så lurt å grunnlovfeste lokaldemokratiet, ei slik grunnlovsfesting kan m.a. vere eit trugsmål mot biblioteklova skriver han i eit innlegg i Kommunal rapport. I følgje Nationen er det bibliotekreforma som utgjer eit trugsmål mot lokalsamfunna.

Offentleg sektor
Senter for økonomisk forsking har laga ein rapport om effektivitet og effektivitetsutvikling i kommunesektoren. Den viser at dette med effektivitet i offentleg sektor ikkje er uproblematisk. Tor Steig i NHO ber det offentlege om å skjerpe seg og meiner at dei har mykje å lære av privat sektor. I Danmark ber oppfinnarane av systemet rundt kontraktstyring av offentlege tenester om orsaking, i staden for å auke produktiviteten har denne styringsforma auka byråkratiet og papirarbeidet til nye høgder. Trass i mas frå NHO og mykje byråkrati brenn offentleg tilsette for jobben sin, og arbeidsgjevarane i kommunesektoren er opptatt av at sektoren skal trekkje til seg kompetente medarbeidarar.

Nett nå
Regjeringa oppretter eit eige forvaltningsorgan som skal arbeide med IKT, leiing og organisering.Samstundes er regjeringa i ferd med å nå målet om breibandsdekning i heile landet.

I Sverige har miljøet rundt den radikale nettstaden «yelah!» starta ein diskusjon om innhaldet i nettleksikonet Wikipedia. Først ut med «Reformera Svenska Wikipedia» følgt opp av eit svar frå Wikipedia sin pressekontakt. Den førebels siste artikkelen har tittelen «Wikipedia: A Neo Liberal Point Of View«. At Wikipedia har stor gjennomslagskraft viser undersøkinga til bibliotekstudent Marianne Skibenes.

Medan enkelte på ny diskuterar nettboka, er det viss «fjesboka» som er det heitaste på nettet nett nå, heilt utan at deltakarane brukar hovudet i det heile skal me tru på det som står i avisene. Det kan hende at hypen tar slutt den 5. juni då vennegruppa » Facebook suicides» melder seg ut. Eller er det verkeleg slik at fjaseboka eig deg til evig tid slik det står i VG?

Bibliotekbygg
Biblioteket er det nye kvardagsrommet slår Svenska Dagbladet fast i ein artikkel om nye bibliotekbygg. Under overskrifta «Idéer av sten» drøftar skribenten Sven Nilsson bibliotekarkitektur i si faste spalte «Framtidsfilerna«. Sosial- og helsedirektoratet er opptatt av tilgjenge på sin nye nettstad – ingen hindring.

Sensur
I barnebok om homofile pingvinar toppar lista over bøker som er foreslått fjerna frå bibliotek i USA.  I Kina stopper styresmaktene barnebøker med forbod, medan «google» får kritikk for å samarbeide med kinesarane om sensur av søkjemotoren sin.

Advertisements

Entry filed under: Bibliotekpolitikk, Kalender.

Nye Bibliotekforum Tilbake til start?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Kalender

mai 2007
M T O T F S S
« Apr   Jun »
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031  

Most Recent Posts


%d bloggarar likar dette: