Nye Bibliotekforum

mai 26, 2007 at 4:16 pm 1 kommentar

Ikkje før var omtalen av bibliotekpressa lagt ut på bloggen, så kom «Bibliotekforum» ut med ein heilt ny bladbunad. Så då må eg vel vurdera «nye» Bibliotekforum òg, når eg først har gitt meg ut på den galeien.  
Framsida gjer eit godt inntrykk, den signaliserer fornying og den signaliserer bibliotekpolitikk. På leiarplass spør redaktøren «Når kommer nye Deichman?». Eit spørsmål i rett tid, men det nye biblioteket i Drammen heiter ikkje «Elvebredden» det heiter «Papirbredden» berre så det er påpekt. Anne Hustad brukar si spalte til å påpeke kva rolle biblioteka kan ha i ei tid då fokuset er retta mot digitale informasjonskjelder og knyt det på ein framifrå måte opp mot stortingsmeldinga om
«eit informasjonsamfunn for alle». Sidene med «smånytt» friskar opp og gjer bladet større moglegheit til å kommentere dagsaktuelle saker.
 
Så kjem dette nummeret si hovudsak, intervju med venstrepolitikaren Trine Skei Grande. Skei Grande er ein politikar som er opptatt av bibliotek og har dei rette meiningane om dette. Likevel er det noko som skurrar når det gjeld venstre si rolle i biblioteksaka. Politikk handlar ikkje om å meine dei rette tinga, politikk handlar om å gjennomføre den rette politikken. Venstre i Oslo støttar det sittande byrådet, inkludert Anette Wiig Bryn frå Frp og Venstre ønskjer seg Erna Solberg tilbake som kommunalministar med dei konsekvensane det får for kommuneøkonomien og folkebiblioteka. Dette er og ein del av bibliotekpolitikken til partiet.
 
Oppslaget om bibliotekar Alf Endre Magnussen er både spanande og aktuelt. Det same er artikkelen «Valg igjen» som er starten på ein serie som skal gå framover mot valet. Men her er det og viktig at journalisten ( i dette tilfellet Espen Ophaug) går «bak» den gode bibliotekpolitikken som alle forfektar. Karl Kalseth drøftar evalueringa av organiseringa ABM-utvikling, det er bra. Eg er likevel ikkje sikker på at han har rett for meg verkar ABM meir som ein politisk/administrativ konstruksjon enn som eit fagfelt.
 
I det hele tatt så har bladet tatt seg opp på mange vis. Eg rosa i min
artikkel om bibliotekpressa Bibliotekforum for ein betre kjønnsbalanse enn «konkurrentane», dette nummeret kan tyde på at det me opplevde i nr. 4 var ein glipp i så måte. Denne gongen er det med unntak av politikarane og folk som er med i NBF sine spesialgrupper, berre menn i bladet. Konklusjonen blir likevel, klarer bladet å følgje opp første utgåva av «nye Bibliotekforum» kjem dei til å ta den plassen dei skal ha i den norske bibliotekbladfloraen, som det viktigaste bibliotekpolitiske tidsskriftet.

Advertisements

Entry filed under: Bibliotekpolitikk, Subjektivt.

Omkamp om regionane? Juni

Éin kommentar Add your own

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Kalender

mai 2007
M T O T F S S
« Apr   Jun »
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031  

Most Recent Posts


%d bloggarar likar dette: