Bibliotekpressa

mai 8, 2007 at 8:43 pm 6 kommentarar

Kvart fagfelt treng ein offentlegheit, der fagfolk kan møtast og lære av kvarandre og der fagfeltet kan dele sine erfaringar med andre. I stor grad er det fagblad og fagtidsskrift som ivaretar denne offentligheita.

I samband med at det eldste bibliotektidsskriftet i Norge, nå har skifta både utgjevar og redaktør kan det være på sin plass med ein liten kommentar om den norske bibliotekpressa.

Bok og bibliotek
Med ny utgjevar og ny redaktør har det vore ein del forventningar til «nye» Bok og bibliotek. Mari Toft eller Syphilia Morgenstierne som ho er betre kjend som har lang erfaring frå skribentverksemd og seier sjølv i leiarartikkelen i bladet at ho skal vidareføre lina frå Chris Ericsson dei siste åra.

«Nye» Bok og bibliotek sin utsjånad skil seg ikkje frå den bladbunaden som har vore dei siste åra. På framsida er det eit bilete av prinsessa og frosken frå opninga av det nye sambiblioteket i Drammen og teksta som skal lokke oss inn i bladet er «Konsolidering i Drammen». Nå handlar ikkje artikkelen på side 24 om konsolidering men om opningsfesten for det nye biblioteket. Samtalen om 2.0 biblioteket kunne vært ei god sak, og sjølv om heile samtalen er lagt ut på bladet si nettside tar ikkje debatten heilt av og eg er heller ikkje sikker på om han gir ny innsikt. Det verkar som den nye redaktøren i større grad enn me er vande med vil legge vekta på bokbransjen enn på biblioteka, ho er i alle fall påfallande opptatt av kva forlag dei har valt Wence Blomberg og «vaktmesteren» når dei kjem med nye bøker. Forlagsrelatert er og artikkelen om å skapa ein forretning av å gje vekk bøkene sine på nettet. Artikkelen av leiaren i Norsk tegneserieforum Morten Harper fortalte neppe noko nytt om tekneserieromanen for dei som har følgt med i sjangeren. Nye er vel heller ikkje kommentatorane Eirik Newth, Tord Høivik eller Ragnar Audunsson i vår samanheng heller. Dessutan spør ein seg, finnes det verkeleg ikkje kvinnelege skribentar og kjelder i vår bransje? Ein ny serie med skattar på fagbiblioteka kan bli morosam, det er mange som ikkje veit kva som er skjult rundt i biblioteka våre. Av faste spalter så synes eg personlig at «blogg og bibliotek» på trykk blir litt feil og bryt med bloggen si eigenart. Oppfordringa blir derfor, inviter heller gode bloggarar til å utvikle ideane sine til artiklar i bladet. Den faste spalta til vaktmesteren er eg veldig glad i, her har me ein forfattar som er på innsida av biblioteka med eit heilt anna perspektiv enn oss jobbar i bransjen og som skriv framifrå. At baksida og blir brukt til reportasje denne gangen frå det nyopna transportbiblioteket på Høydalsmo synes eg og er bra.

Mari Toft seier i leiarartikkelen at ho vil gjere kvart nummer av Bok og bibliotek til eit festmåltid. Det første måltidet ho serverer bærer nok preg av at ho nyttar dei råvarene som står på kjøkkenet og ennå ikkje har fått tid til å gå ut å skaffe seg nye. Det ber måltidet preg av, men eg har likevel tru på at ho kan kokekunsten, og vil være i stand til å skapa gode festmåltid i framtida.

Bibliotekforum
Med den viktigaste bibliotekpolitiske aktøren Norsk bibliotekforening i ryggen skulle Bibliotekforum ha eit godt utgangspunkt for å lage eit spanande tidsskrift. Spørsmålet blir klarar dei det? Bibliotekforum 4/2007 har foretatt ei lita fornying når det gjeld bladbunad utan at ein kan seie at bladet har fornya seg.

Det første som slår ein når ein ser på innhaldssida i Bibliotekforum er at det er fleire kvinner her enn i Bok og bibliotek, noko som betre reflekterer bransjen bladet skriv om. Bibliotekforum verkar som eit blad som ikkje heilt har funne forma si. Det blir ei blanding av eit bibliotek(politisk) tidskrift og eit meldingsblad for organisasjonen. Det siste blir spesielt framheva med at både generalsekretæren og organisasjonssekretæren har levert mykje stoff til dette nummeret. Det tyder sjølvsagt ikkje at dette stoffet er dårleg for det er det ikkje. Tore Kristian Andersen si artikkel om jobbannonsar er tankevekkjande og Espen Ophaug sitt referat frå konferansen om kunnskapsløftet og digital kompetanse forsvarer absolutt sin plass i bladet. Spalta om Espen sine vitjingar rundt om i landet kunne nok med fordel vært flytta over på nettsida, det kunne opna for ein meir direkte kommunikasjon med organisasjonssekretæren og medlemane. Intervjuet med Cecilie Naper var bra, dette er forsking som kunne vært mykje meir påakta i miljøet, heldigvis kjem det nå ut i bokform. Det verkar og naturleg at intervjuet blir følgt opp av eit synspunkt på litteraturformidling ute frå det «verkelege livet» denne gangen frå Bergen. Presentasjonen av herreværelset på Asker er ok, men og når ein har sympati for saka kan det løne seg å stille nokon kritiske spørsmål til denne forma for marknadsføring. Gymnasiebibliotekaren er rappa frå det danske Bibliotekpressen, hadde det vore mogleg å fått inn noko liknande frå Norge nå i disse skolebibliotekLøft-tider. Når det gjeld dei faste spaltene så har det skjedd ei endring til det betre det siste året. Likevel så trur eg at Even si spalte om databasar (eller rettare sagt om nettstader) med fordel kunne vært ei nettspalte og ikkje ei trykt spalte. Nils Pharo si spalte om bibliotekforsking ser eg fram til å følgje vidare, men ser gjerne at ho går laus på formidling av sjølve forskinga som skjer på feltet. Morten på frifot er morosam.

Bibliotekforum kunne vært flaggskipet blant bibliotektidsskrifta i Norge. Med større satsing frå NBF si side og ei strammare redigering kunne bladet saman med nettsida til NBF vært det naturlege omdreiingspunktet for politisk og fagleg ordskifte om biblioteka. Slik bladet er i dag er det relativt lett å sette merkelappen kjedeleg på det.

Bibliotekaren
Bladet til Bibliotekarforbundet har under Erling Bergan si leiing gradvis endra seg frå å vere eit «heimesnikra» medlemsblad for ein ny profesjonsforeining til å bli eit profesjonelt blad for medlemane i BF og for oss andre som har interesse for bibliotek.

Det er like vel ikkje til å komme frå når ein les gjennom Bibliotekaren 4/2007 at det er et medlemsblad for Bibliotekarforbundet. Her er nyhende om tariffoppgjeret og presentasjonar av kva dei ulike delane av organisasjonen arbeider med. Dette er sjølvsagt heilt legitimt og naudsynt i eit blad som dette, har bladet fleire kvaliteter. Bibliotekaren brukar òg framsida til å presentera det nye sambiblioteket i Drammen. Innrettinga er likevel ei anna enn i Bok og Bibliotek, forutan den «obligatoriske» presentasjonen av opninga så er det intervjuet med Hovudbibliotekar Anne Stenshammer frå Høgskulebiblioteket som dominerer. I intervjuet blir også dei meir problematiske sidene av ei slik samlokalisering drøfta, det er veldig bra. Bibliotekaren følgjer opp konferansen om kunnskapsløftet og digital kompetanse som og Bibliotekforum skreiv om utan at det gjer noko anna perspektiv på denne. Intervjuet med Niels Damsgard er heilt ok, men ikkje så mykje meir. Derimot er det veldig spanande å lese om norske studentar som gjer eit arbeid for bibliotekutvikling i slummen i Nairobi. Dette med å trekke inn studentane har alltid vore ei styrke med Bibliotekaren som tidsskrift. Sjølv om det er organisasjonsstoff så er det sjølvsagt viktig å presentera kva BF meiner om bibliotekutgreiinga. Bibliotekaren har valt unge Kim Tallerås som fast skribent, det viser at bladet tør satse på dei unge og politisk har skribenten stått for nye tankar i ei ellers satt bibliotekpresse. Spalta i nr 4/2007 er den siste frå Kim Tallerås. Det er mogleg at redaktøren kan invitera inn sogningen Robert Haugen som spaltist hans hjartesukk over Roger Jøsevold si artikkel i NB21 er kosteleg. Baksida nyttar redaktør Bergan til meiningsytring, denne gongen om Nasjonalbiblioteket, alltid verdt å få med seg.

Bibliotekaren er frykteleg kjedeleg om du berre legg merke til alle organisasjonsartiklane. Samstundes så er det mest spanande alternativet i norsk bibliotekpresse. Erling Bergan er engasjert, kunnskapsrik og subjektiv, spesielt intervjua med ulike folk i miljøet er veldig bra. Eg er motstandar av profesjonsorganisering, men BF gjer ut eit godt blad.

PS:
Eg ha sjølv levert artiklar til alle dei omtalte tidsskrifta og er difor sjølvsagt djupt ugild når det gjelder denne omtala.

Advertisements

Entry filed under: Bibliotekpolitikk, Subjektivt.

Mai Omkamp om regionane?

6 kommentarar Add your own

  • 1. Idunn Bøyum  |  mai 9, 2007 ved 7:39 am

    Takk for interessant gjennomgang av vår tidsskriftflora. Eg er langt på veg samd i din analyse av tidsskrifta og rangeringa av dei.

    Bok og bibliotek er tidsskriftet med best økonomi og fleire journalistar. Difor bør vi stille høgare krav og forventingar til BoB. Bladbunaden er flott. Men innhaldet har endra seg dei siste åra til å likne eit kulturblad. Eg hadde stor sans for Chris Erichsen, og det han har gjort for å løfte bladet. Men eg synes det er trist at bladet gløymer at det er eit fagtidsskrift for bibliotekarar. Eller er det ikkje det lenger? Sjølv om siste nummer har ei slagside mot bokbransjen er det teikn som tyder på at dei har aktivisert ei større breidde av bibliotekfolk enn dei siste åra. Så eg er forsiktig optimist

    Eg gler meg ofte over artiklar i Bibliotekaren. Her er det berre å oversjå billeg bladbunad og hoppe over organisasjonsstoffet. Det er alltid artiklar som treff fagbibliotekaren.

    Eg sit i redaksjonsrådet til Bibliotekforum og vil ikkje utale meg om dei.
    ..idunn

    Svar
  • 2. Top Posts « WordPress.com  |  mai 9, 2007 ved 11:59 pm

    […] Bibliotekpressa Kvart fagfelt treng ein offentlegheit, der fagfolk kan møtast og lære av kvarandre og der fagfeltet kan dele sine […] […]

    Svar
  • 3. Erling Bergan  |  mai 10, 2007 ved 11:25 am

    Som en av redaktørene takker jeg for Svein Arne Tinnesands kommentarer til de tre bransjebladene. Det er deilig med godord og nyttig med kritikk. Jeg merker meg spesielt at det er populært at vi bringer fram nye stemmer, og Idunn Bøyums kommentar om at det er «alltid artiklar som treff fagbibliotekaren» i Bibliotekaren.

    Når det gjelder vår spaltist, så skriver Svein Arne: «Det er mogleg at redaktøren kan invitera inn sogningen Robert Haugen som spaltist hans hjartesukk over Roger Jøsevold si artikkel i NB21 er kosteleg.»

    Her har Svein Arne vært usedvanlig framsynt. Robert Haugen er fast spaltist fra og med det nummeret av Bibliotekaren som folk har i postkassa i disse dager.

    Så må jeg gjøre oppmerksom på at Robert ikke er sogning. Han er sunnmøring, bosatt i Førde, som er fjordane-delen av Sogn og Fjordane. Men det er kanskje ikke så greit med vestlandsgeografien, sett der nede fra Sørlandet, Svein Arne? 🙂

    Svar
  • 4. Svein Arne  |  mai 10, 2007 ved 2:58 pm

    Berre ein liten kommentar til Idunn si siste setning. Det med redaksjonsråda i denne litle verda av tidsskrifter er jo litt spesielt. Kim A. Tallerås som sit i redaksjonsrådet til Bok og bibliotek er fast spaltist i Bibliotekaren, medan Eirik Newth som er leiar av rådet til Bibliotekforum er spaltist i Bok og bibliotek. Sjølv leverer eg som sagt artikkelstoff til alle tri.

    Takk til redaktør Bergan for kommentaren om at eg er usedvanlig framsynt. Når det gjeld spaltisten Robert Haugen så har eg berre helsa på han ein gong, i tilegg har eg lese mastergradsoppgåva han har laga om lesande arbeidsfolk ved århundreskiftet. Men eg tenkte at redaktøren burde gjort oss merksame på at Haugen er tilflyttar og møring når han presenterte styret i Sogn- og fjordane BF på s.29 i bladet. 🙂

    Svar
  • 5. Erling Bergan  |  mai 10, 2007 ved 10:21 pm

    Jeg har sans for den frie flyten av skribenter og lesere mellom tidsskriftene i bransjen. Svein Arne formidler denne åpenheten på en fin måte i sin omtale av bladene.

    Likevel må jeg komme med en liten korreksjon til deg når du skriver at «Kim A. Tallerås som sit i redaksjonsrådet til Bok og bibliotek er fast spaltist i Bibliotekaren». Saken er altså at han avsluttet sin periode som spaltist i Bibliotekaren, og deretter begynner i redaksjonsrådet i Bok og bibliotek.

    Svar
  • 6. Nye Bibliotekforum « Politisk kalender  |  mai 26, 2007 ved 4:17 pm

    […] enn som eit fagfelt.   I det hele tatt så har bladet tatt seg opp på mange vis. Eg rosa i min artikkel om bibliotekpressa Bibliotekforum for ein betre kjønnsbalanse enn “konkurrentane”, dette nummeret kan […]

    Svar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Kalender

mai 2007
M T O T F S S
« Apr   Jun »
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031  

Most Recent Posts


%d bloggarar likar dette: