Mai

april 30, 2007 at 6:48 pm Kommenter innlegget

Kommunane
Fredrik Mellem i «Leser søker bok» vil at bibliotekpolitikken skal bli eit tema i kommunevalkampen i Oslo, som kandidat frå Arbeidarpartiet har han opplagt ei betre sak enn Høgremannen og byrådsleiaren Erling Lae som sjølv innrømmer at dei ikkje fortener ros i bibliotekpolitikken. Nå er det likevel tatt eit skritt nærare eit nytt bibliotek på Vestbanetomta i Oslo. Det er vel grunn til å tru at siste ordet ikkje er sagt i debatten om nytt hovudbibliotek i Oslo.

I Elverum har dei i lange tider krangla om kvar det nye biblioteket skal ligge. Nå har debatten tatt ei ny vending. 3. april meldte Østlendingen at biblioteket ikkje skulle flyttast, dagen etter meldte Høgregruppa i kommunestyret at dette er feil politikk og at arbeidet med nytt bibliotek bør fortsette. Nokre få dagar etterpå kjem følgjande lesarbrev på trykk i same avis. Dagen etter seier eigedomstyret at saka ikkje er lagt på is. Eg reknar med at siste ordet ikkje er sagt i saka om nytt bibliotek i Elverum.
Sauda bibliotek har i rekkje år vore eit sørgjeleg kapittel i eit fylke der det har vore bygd fleire nye bibliotekbygg dei siste åra. Gjennom planane om ein kultur- og fritidspark kan ein og realisera eit nytt bibliotek i kommunen. Gleda var derfor stor hos biblioteksjef Ingunn Kalvik då kommunestyret einstemmig vedtok å gå vidare med planane. Dette vil vere eit stort løft for kommunen og siste ordet om desse planane er nok ikkje sagt med dette møtet.

Etter at Sølvberget – Stavanger kulturhus og Stavanger bibliotek har vore utan tilsett sjef i snart eit år så kunne styreleiaren melde at nå hadde han sju søkjarar på blokka. Når namnet blei offentleg like etter påske så viste det seg at den nytilsette var godt kjend i bibliotekmiljøet, eg gratulerar Marit Egaas med jobben.

Bibliotekutgreiinga
Høyringsrunden om bibliotekutgreiinga blir avslutta i dag. Svært mange høyringssvar er sendt inn, det er likevel ikkje alle som har like sterke meiningar om bibliotekutviklinga. Den største samfunnspolitiske organisasjonen i landet, Landsorganisasjonen i Norge har valt å ikkje meine noko om biblioteka. Det er oppsiktsvekkande at ein slik organisasjon ikkje meiner noko om biblioteka som både er ein viktige arbeidsplassar, og eit viktig velferdstilbod til befolkninga. Nokon som derimot har uttalt seg er fylkesbiblioteksjefkollegiet. Medan me ventar på at bibliotekutgreiinga skal bli konkret og ny bibliotekpolitikk kan det vere lurt å lese på ny igjen NBF si utgreiing med same namn BibliotekReform her er det lagt fram ei rekkje med konkrete framlegg til styrking av biblioteka.

Offentleg sektor
Folk er misnøgde med tenestene i offentleg sektor blir det hevda i ei undersøking frå Norsk kundebarometer. Det er grunn til å spørje som Svein-Yngve Madsen gjer i LO-aktuelt, kan ein samanlikne hummar og kanari. Andre undersøkingar viser at folk er nøgde med biblioteka. I Tønsberg uttaler 7 av 10 at dei er nøgde med biblioteket. I Sunndal rosar biblioteket sin ønskjelånar og han svarar med å rose biblioteket, det er verdt kvar skattekrone seier bibliotekbrukaren. Noko som òg svenskane er einige i, dei meiner at bibliotek er det viktigaste kulturtiltaket skattepengane kan brukast til.

Barn
Dei siste åra med satsing på lesing ser ut til å ha båre frukter avisa VG kan melde at dei yngste barna les betre. Norsk barnebokinstitutt er opptatt av kva barn har å lese og har satt i gang arbeidet for å sikre at barn skal tilgang på ein meir fargerik litteratur. Ikkje berre les dei små betre enn tidligare, dei blir og stadig meir avanserte i si bruk av internett. Sjølv om barna er temmeleg avanserte i bruk av ulike medier, er det viktig at kommunane satsar på betre skulebibliotek. I Stavanger har det vært tatt tiltak for å få skulebiblioteka høgare opp på den kommunalpolitiske agendaen.

Lokalt – sentralt?
Kva som skal skje lokalt og kva som skal avgjerast lokalt har alltid vore ein viktig politisk diskusjon i Norge. Rana Blad kallar det for hovudstadsarroganse den haldninga styresmaktene og media i Oslo viser når det gjeld desentralisering av statlege tenester, og viser til Nasjonalbiblioteket i Rana som ei vellukka etablering utanfor hovudstaden. Ein annan gjengangar har vore kommunestorleiken og kven som skal avgjera kven som skal slå seg saman, nå ser det ut til at framstegspartiet har tenkt å forlate standpunktet om at kommunane sjølv skal avgjerde dette.

Lesbesex
Medan eg i marsutgåva av kalenderen skreiv om at folk hadde seg på biblioteket i New York, så førar lesbesex på biblioteket til svevnlause netter i byen Bentonville i Arkansas.

Advertisements

Entry filed under: Bibliotekpolitikk, Kalender.

Folkebiblioteka i Rogaland 2006 Bibliotekpressa

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Kalender

april 2007
M T O T F S S
« Mar   Mai »
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
30  

Most Recent Posts


%d bloggarar likar dette: