Folkebiblioteka i Rogaland 2006

april 22, 2007 at 12:06 pm 1 kommentar

På biblioteksjefmøtet i Rogaland 23. og 24. april vil bibliotekstatistikken for folkebiblioteka i fylket for 2006 bli lagt fram. I Rogaland har det vore ei auke i kommunane sine løyvingar til folkebiblioteka. Samstundes har mediebudsjetta gått litt attende. Om det er kulturfondordningane eller om det er fordi det er blitt billigare å kjøpe medier er ikkje klart, men tilveksten aukar i 2006.

Når det gjeld utlån, besøkstal og talet på folk som vender seg til biblioteket med spørsmål så har det vore eit fall i frå toppåret som var 2003.
Utlån i 2003 var 7,0 pr. innbyggar og i 2006 var det 6,5 pr. innbyggar.
Besøk i 2003 var 2398( i 1000) og i 2006 var det 2219 (i 1000).
Spørsmål m.m. i 2003 var 308 (i 1000) og i 2006 var det 262 (i 1000).
Spørsmålet blir sjølvsagt står biblioteka framfor eit «fysisk fall»  som Tord Høivik peker på i sin utmerka bibliotekblogg «Plinius» . Eller er det eit tilfeldig utslag av bruken dette året. For å finne ut dette har eg gått gjennom statistikken for Rogaland frå 1988 og fram til i dag  (på nett har me tal tilbake til 1997). Snittet på utlån pr. innbyggar var i denne perioden 6,5. Det lågaste snittalet som kjem fram er talet frå 1988 og 1997 som er 6,2 og det høgaste talet 7,0 kjem fram i 2003 og 2004. I løpet av nesten 20 år så har variasjonen på utlånet på biblioteka i Rogaland vært +/- 0,4 utlån. Det er vanskeleg å peke på nokon tendens innafor så liten variasjon. Når det gjeld talet på besøk så varierar dei i perioden frå 1817 (i 1000) til 2398 (i 1000). Dette gjer variasjon på 581 000 brukarar frå det dårlegaste året i perioden til det beste. Eller sagt på ein annan måte ein variasjon på 1,4 besøk pr. innbyggar i fylket. Når det gjeld talet på vendingar til biblioteket kan det sjå ut som om dette talet følgjer besøkstalet. Førebels klarer eg ikkje å lesa eit «fysisk fall» for folkebiblioteka ut av disse tala. Det tyder sjølvsagt ikkje at eit slikt fall ikkje finn, eller vil finne stad. Eg er sikker på at eit slikt fall vil finne stad om ikkje biblioteka aktivt gjer noko for å møte publikum på nye måtar. Biblioteksjef Ingar Gjerløw Hansen er inne på noko av dette i eit intervju i Sarpsborgavisa om bibliotekutgreiinga.Det handlar om ressursar og det handlar om opningstider. Sjølvsagt gjer det det. Men eg trur ikkje det er nok. Folkebiblioteka må ikkje berre sjå på eigne statistikktal, dei må og sjå på kven brukaren er og ikkje. Bibliotekbrukundersøkinga frå SSB  viser at ca. halvparten av folket bruker biblioteka. Kven er det som ikkje brukar biblioteket, kvifor gjer dei det ikkje og finnes det grunn til å tro at det på same måten som med andre offentlege goder at det finnes klasseskilnader i bruken av biblioteka. Etterkvart som ein finn ut av disse spørsmåla må neste steg sjølvsagt vere å sette i gang med tiltak for å nå breiare ut med tenestene våre. Då må fleire enn Stavanger bibliotek sette i gang «Jakten på ikke brukeren» (her presentert i Bibliotekaren 12/06).

Advertisements

Entry filed under: Bibliotekpolitikk, Subjektivt.

Kommunalkomiteen om regionreforma Mai

Éin kommentar Add your own

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Kalender

april 2007
M T O T F S S
« Mar   Mai »
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
30  

Most Recent Posts


%d bloggarar likar dette: