Kommunalkomiteen om regionreforma

april 17, 2007 at 7:50 pm Kommenter innlegget

I dag føreligg kommunalkomiteen si innstilling om regionreforma . For dei som hadde ønskja seg sterke regionar i retning det som Per Selle la fram i si utgreiing for KS er dette eit klart nederlag. Det er sjølvsagt òg eit nederlag for dei som ønskjer seg ei to-nivå modell. Men høgresida har allreie lova omkamp om dette i neste stortingsperiode om dei vinn valet. Når ein ser på innstillinga frå komiteen blir det i så fall utan støtte frå Kristeleg folkeparti som går langt i vilja til å flytte makt til regionane.

Når det gjeld biblioteka seier innstillinga ingenting om disse. Dette kan skyldast fleire ting men formelt sett skyldes det nok at Kulturdepartementet har flytta
høyringsfrista  for bibliotekutgreiinga til etter handsaminga av Regionalmeldinga . På den måten kunne komiteen med god samvit hoppa bukk over setninga som bli gjentatt fleire gonger i regionalmeldinga at ein vil komme tilbake til biblioteka i samband med handsaming av bibliotekutgreiinga. Dette kan òg lesast som eit løfte om at dei vil komme tilbake til dette, men det er ingenting i bibliotekutgreiinga som gjer at dei skal ha grunn til det.  Det som likevel er verdt å merkje seg er likevel kampen om tippemidla til idrettsanlegg og kulturbygg. Det er her bibliotekbygga vil bli finansiert og dette er eit regionalt ansvar. Så får tida vise kor mykje pengar som følgjer med i den potten.

Reaksjonane mot ein «minireform» har vore sterke, ikkje minst blant tilhengarane av reforma. Erlend Skevik i Kommunal Rapport skreiv den 10.4 ein kommentar med overskrifta «Regioner i spill» der han peiker på at om reforma mislykkast så vil heile det regionale nivået verte pressa. Det same blir sagt i Haugesund avis si leiarartikkel «Havarert regionreform» . Sjølv i regjeringspartia er «regionivrige» representantar skuffa over instillinga. Ikkje minst gjer fylkesvaraordførar i Oppland, Aksel Hagen utrykk for dette i sin kommentar i dag «Reikvams drøm om sterke regioner svinner» – min også.

Lang på veg så er det nok ikkje mogleg å få endra på det regionale forvaltningsnivået i Norge slik utan vidare. Krefter i kvart parti står steilt mot ein annan, retningar i byråkratiet skivast og både fylkeskommunen og fylkesmannen meiner dei har ansvaret for oppgåver som må eller skal løysast. Eg trur heller ikkje at høgresida klarar å endre på dette med neste korsveg, til det er strukturane for sterke.

Advertisements

Entry filed under: Bibliotekpolitikk, Regionreforma, Subjektivt.

April Folkebiblioteka i Rogaland 2006

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Kalender

april 2007
M T O T F S S
« Mar   Mai »
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
30  

Most Recent Posts


%d bloggarar likar dette: