April

april 1, 2007 at 3:03 pm Kommenter innlegget

Økonomien
Arbeidet med statsbudsjettet har starta. Utgangspunktet denne gongen er at kommunane har hatt sitt beste år på svært lang tid kjem det fram av kommunerekneskapet som blei lagt fram av Statistisk sentralbyrå. Noko som langt på veg blir stadfesta av KS i deira dokument om konsultasjonar for 2007. Nationen kommenterer kommuneøkonomien på leiarplass under overskrifta «Glade kommuner» og kommunalministaren seier at nå går «kommunenorge går på skinner«.

Skulane
Nå føreligg første del av den etterlengta rapporten om skulebibliotek som utdanningsdirektoratet har tinga i samband med kampanjen «Gi rom for lesing». I følgje statssekretær Lisbeth Rugdtvedt i Kunnskapsdepartementet vil denne rapporten vere med på å legge grunnlaget for regjeringa si politikk når det gjeld skulebibliotek. Norsk bibliotekforening har gjennom aksjonen SkolebibliotekLøftet kravd betre skulebibliotek. Mangelen på politikk på skulebibliotekfeltet er nok ikkje grunnen til at finansministar Kristin Halvorsen på SV sitt landsmøte truga med sterkare statleg styring over grunnskulen. Medan skulebiblioteka framleis står på vent, er regjeringa i ferd med å innfri eit gamalt valløfte frå skulesektoren, nå kjem lova om gratis vidaregåande skule i følgje Kunnskapsministaren.

Vegbibliotek
Nå har det første vegbiblioteket opna på Høydalsmo i Telemark. Det blir ikkje det siste, tvert om så fortsett transportarbeidarane arbeidet med å etablera fleire. Det er berre å håpe på at det er starten på ei bølgje av gode bibliotek på alle typar arbeidsplassar.

Bibliotekreform 2014
Uansett kva eg personleg trur om moglegheiten til å gjennomføra bibliotekreforma, så er det eit utgreiinga eit svært viktig dokument i ordskiftet om biblioteka si framtid. Høyringsfristen er 1.mai men allreie nå er det lagt inn høyringssvar på nettsida til departementet. Rogaland fylkeskommune har òg vedteke eit høyringsbrev der det m.a. blir registrert at meldinga er svak på barn og unge sine krav som bibliotekbrukarar. I Danmark derimot kjem det ei heilt ny statleg utgreiing om bibliotektilbodet barn og unge.

Nett nå
Fleire enn IT-ekspertane må vera aktive i IT-debatten, vi treng ein generell samfunnsdebatt sa fornyingsminister Heidi Grande Røys under «eForvaltningskonferansen». Talet på folk som har tilgang til breiband heime steig med 25% det siste året. Ein test av nettstadane til ulike ABM-institusjonar avslørar at det er mykje å gå på før ein gang snakke om universell tilgang på nettinformasjonen.

Patriot ACT som gir USA sitt føderale politi lov til å overvake innbyggjarane i kampen mot terror blir misbrukt i følgje ein rapport frå justisdepartementet.  Søkemotoren Google driv og med overvaking av nettbrukarane, bare for å være på den sikre sida. Og tilegg så lurar dei nettbrukarane til å tru at dei gjer relevante treff.

Kommunal litteraturpolitikk
Litteratur står som regel ikkje så høgt på den kommunalpolitiske agendaen, men det finnes unntak og det plasseringa av sentre for litterære heltar. I Rogaland har vi for tida tri slike satsingar på gang i Time skal det byggast eit Garborgsenter, noko som fører til høgrøsta debatt i lokalpressa. I Suldal startar markeringa av Rasmus Løland denne månaden, og det er ei markering som vil gå over fleire år. I Stavanger har Sølvberget fått i oppdrag å finne ut korleis eit Kiellandsenter kan realiserast.

Nord i landet skal sjølvsagt Hamsun inn i eige senter. Petter Dass skal på museum og Arvid Hansen skal dokumenterast i Utviklingshuset. Kjell Aukrust og Alf Prøysen har sjølvsagt eigne hus, medan Henrik Ibsen er representert i tri kommunar. Ivar Aasen er sjølvsagt plassert på vestlandet og Per Sivle skal få sitt eige bibliotek på Fretheim Hotell.

Sjølv om ambisjonane rundt dei ulike satsingane er forskjellige, så er nok tankegangen at slike litterære sentre skal trekkje til seg folk som vil legge igjen pengar i kommunen. Men at dei blir like store pengemaskinar som Lindgrenparken i Vimmerby er det vel få som trur.

Advertisements

Entry filed under: Bibliotekpolitikk, Kalender, Kulturpolitikk.

Stortingshandsaming av forvalningsreforma Kommunalkomiteen om regionreforma

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Kalender

april 2007
M T O T F S S
« Mar   Mai »
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
30  

Most Recent Posts


%d bloggarar likar dette: