Stortingshandsaming av forvalningsreforma

mars 17, 2007 at 8:11 pm Kommenter innlegget

Nå nærmar det seg stortingshandsaminga av regionalmeldinga. Dermed er blir første runde i arbeidet med forvaltningsreforma avslutta.
At den første runden nærmar seg slutten har så langt ikkje stoppa ordskiftet om innhaldet i reforma. Sterke regionar gjer lokaldemokrati slår Sigbjørn Huse frå Rogaland fylkeskommune i ein kronikk som er publisert i fleire aviser. Ein annan Rogalending som går høgt opp på banen er KS-nestleiar Arild Kvaløy som ønskjer at fylkesmannsembedet blir lagt ned. I Møre og Romsdal vil heller behalde einskapsfylket der fylkeskommunen og fylkesmannen er blitt ein organisasjon.
At lokale Arbeidarpartileiarar går til åtak på  kommunalministeren og kallar politikken hennar for skvalder, styrker vel ikkje trua på ein vellukka reform. Om det er riktig som Haugesunds avis skriv på leiarplass at regionane heng i ein tynn tråd står likevel igjen og sjå.

Kva rolle biblioteka skal ha og kva rolle ABM-utvikling skal ha i høve til regionane er i beste fall uklart. KS og fylkesordførarane vil ha ABM-feltet som ei regional oppgåve. Den siste utsettinga av høyringsfristen bibliotekutgreiinga, gjer at denne ikkje blir ein del av grunnlaget avgjerda om nye regionar. I så fall får me håpe at partia i alle fall les uttalen frå fylkesbiblioteksjefkollegiet som blei gitt i forkant av regionalmeldinga.I Sverige er det òg lagt fram ein ei melding om regionane si framtid. Sverigekartet blir teikna på nytt slår nettstaden Norden.org fast. KS følgjer opp og presenterar den svenske politikken på si nettside og seier at utfordringane i Sverige og Norge liknar på kvarandre. Min gode venn varaordførar Aksel Hagen i Oppland uttalar seg svært begeistra for den svenske meldinga på bloggen sin. Ein blogg folk som har interesse for regionalpolitikk bør følgje med på.

Advertisements

Entry filed under: Bibliotekpolitikk, Regionreforma.

Blir reforma avlyst? April

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Kalender

mars 2007
M T O T F S S
« Feb   Apr »
 1234
567891011
12131415161718
19202122232425
262728293031  

Most Recent Posts


%d bloggarar likar dette: