Blir reforma avlyst?

mars 4, 2007 at 10:06 pm 3 kommentarar

Det var sundag ettermiddag det gjekk opp for meg – Bibliotekreforma kjem ikkje til å bli gjennomførd. At denne tanken slo meg akkurat denne ettermiddagen var neppe heilt tilfeldig, tanken har eg vore inne på tidligare men utan at den då har slått særleg rot i mitt ellers så optimistiske syn på verdas framgang. Det var tri ting som gjorde at denne erkjenninga er blitt så handfast at det er på tide å løfta han fram i debatten om utgreiinga.

Den første grunnen er utsetjinga av høyringa. Heile utgreiinga har vore ei historie om utsettingar. Frå då kulturministaren tok altfor lang tid med å sette arbeidet i gang. Til utgreiinga si sluttdato blei endra med nesten eit halvt år. Til då datoen for overleveringa av utgreiinga og datoen for utsending av høyringsbrevet blei på nærare 4 månader. Til nå då høyringsfristen blir utsett med ein månad. Ei melding som alle ønskjer å sette i gang med blir ikkje handsama på denne måten.

Den andre grunnen var at eg i dag på sundagsturen min gjekk innom Narvesen og kjøpte meg nyaste nummer av tidsskriftet Prosa. I dette nummeret står det ein liten artikkel om utgreiinga, førd i pennen av landets mest kjende bibliotekforskarar Svanhild Aabø og Ragnar Audunsson. Dei brukar heile artikkelen sin til å argumentere mot konsolidering av biblioteka. Det er for så vidt interessant nok, ikkje minst påvisinga av manglande politisk forankring for forslaget. Det likevel i beste fall ei bortkasta øving. Ingen i Norge trur på denne konsolideringa – ingen. Konsolideringa er ein konstruksjon ei øving for å sei noko om styrka lokale bibliotek ikkje eit realistisk forslag som skal gjennomførast. LO har avvist forslaget, avisa Nationen der dei allreie på leiarplass 14. dagar etter at meldinga blei lagt fram åtvara kulturministaren mot å arbeida vidare med konsolideringsforslaget. Så lenge konsolideringa er det berande grepet i tiltaksdelen av dokumentet vil ikkje den nåverande regjeringa ta i det med ildtang ein gong.

Den tredje grunnen skyldes lesing og refleksjon rundt boka «Folkebiblioteket under forandring» av dei to danske bibliotekforskarane Henrik Jochumsen og Caspar Hvenegaard Rasmussen. I denne boka som eg vil komme tilbake med ei brei presentasjon av i Bibliotekforum i løpet av våren, tar forskarane pulsen på endringane som skjer og har skjedd på danske bibliotek i løpet av dei siste 40 åra. Sjølv om heile innhaldet i boka er for svært til å komme inn på i ein kort kommentar så trur eg likevel eg kan sei nokså sikkert. Bibliotekreform 2014 inneheld ikkje tiltak som samsvarar med den røynda biblioteka nå står oppe i.

Midt i det første tiåret på 2000-talet så er biblioteka drevne fram av lokal identitet, pluralisme og brukarmedverking. Det er dei lokale politikarane som sett biblioteka inn i ei eiga ramme, rundt omgrep som kreativitet, stadsutvikling og mangfald. Då passar tiltak knytt til ord som Norgesbibliotek (einsretting), konsolidering og særskilde statlige ordningar dårleg.

Det kan hende at eg har feil, eg veit at mange innanfor bibliotekfeltet ønskjer seg mange av tiltaka som reforma legg opp til. Det kan likevel hende at me etter dette igjen sit att med eit velskreve dokument (del II) utan at det lar seg realisera ute i kommunane.

Advertisements

Entry filed under: Bibliotekpolitikk, Subjektivt.

Mars Stortingshandsaming av forvalningsreforma

3 kommentarar Add your own

  • 1. Thomas Brevik  |  mars 5, 2007 ved 10:43 am

    Veldig enig med deg i at sjangsene for at Bibliotekreformen skal bli virkelighet er forsvinnende liten om vi overlater jobben til stat og styring:-) Derimot er jeg veldig opptatt av hva som kan gjøres lokalt. Den «konsolidiseringen» som virkelig har skjedd i form av kommunale samarbeid (jfr. Nordhordlandsprosjektet) er langt mer realistisk og ikke minst oppnåelig enn det som er skissert i BR2014. Jeg tror også at de endringene og den utviklingen som kan/vil skje i biblioteknorge vil skje på det lokale og regionale plan, drevet fram av krefter utenfor bibliotekene. Skal det være håp for noen av tiltakene i reformen så må det være fordi lokale krefter tar tak i disse som gode ideer og realiserer dem etter eget hode. Forskjellene vil øke, og ingenting som står i BR2014 vil være spesielt interessant når vi om 7 år runder 2014. Skal bli gøy å gjøre opp en liten stausrapport og se hvordan virkeligheten faktis ble.

    Svar
  • 2. Kristin Berglid  |  mars 5, 2007 ved 3:27 pm

    Det var da svært, da. For skolesektoren, som jeg jobber ved, tror jeg meldingen kommer til å få stor betydning i forhold til at skolebibliotekene kan bli mer forankret i utdanningssektoren. Mye vil selvfølgelig avhenge av hvordan vi spiller kortene våre. Men nå når det endelig er store nasjonale, politiske prosesser på gang tror jeg det er viktig at vi klarer å være strategiske og tenke framover. Var på konferansen «Kunnskapsløftet, digital kompetanse og skolebibliotekets rolle» på Blindern 1. mars i regi av Biblioteksentralen og ITU –
    http://www.itu.no/Organisasjoner/itu
    Der er første gang ITU har vært med på en konferanse med bibliotekarer. Men hva skjer ? Under et foredrag av amanuensis Gunnar Liestøl fra UiO hvor han trekker fram bibliotekmiljøet som en av maktfaktorene i Norge når det gjelder opphavsrettigheter, begynner hele salen med skolebibliotekarer å le. Ordet «maktfaktor» og «bibliotekar» i samme setning er det som utløser allmenn latter. Vi tilhører tydleigvis en profesjon som er så vant til å ikke bli tatt på alvor, at når vi så endelig blir det, får vi problemer med å ta oss selv alvorlig. Det ble et lite tankekors, i hvert for meg.

    Svar
  • 3. Svein Arne  |  mars 5, 2007 ved 6:57 pm

    Eg trur at Thomas har rett, eg meiner sjølvsagt ikkje at det ikkje kjem til å kje noko i folkebiblioteka i åra framover eg trur berre ikkje at det er denne utgreiinga som blir styrande. Eg har stor tru på lokal skaparkraft og når det bibliotek.

    Til Kristin, eg trur at det vil vere riktig at skulebiblioteka vil kunne styrka ut dei kommande åra. Det synes eg er bra, men eg trur at denne utgreiinga har lita innverknad over dette feltet. Der trur eg både initiativet som NBF har vært målbærar for, om eit skolebibliotekLøft, undersøkinga som nyleg blei offentleggjort frå Utdanningsdirektoratet og det faktum at skulepolitikken generelt kjem til å stå høgare på dagsorden.

    Klart bibliotekfeltet er ein maktfaktor, det så me ikkje minst i kampen om åndsverklova som Gunnar Liestøl refererte til. Eg trur og arbeidet med t.d. skolebibliotekLøftet kan være med på å styrka oss som ein politisk maktfaktor og ovanfor skuleverket.

    Svar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Kalender

mars 2007
M T O T F S S
« Feb   Apr »
 1234
567891011
12131415161718
19202122232425
262728293031  

Most Recent Posts


%d bloggarar likar dette: