Mars

februar 28, 2007 at 7:29 pm 1 kommentar

Tal som tel
Folketalet i Norge aukar som aldri før i følgje tal frå SSB, same byrå meldar og at økonomien går så det susarSkatteinntektene aukar og kommunane har større overskott enn på mange år.
Dei som vil kan nå lese statsbudsjettet slik det føreligg etter stortingshandsaminga i haust.

1.amanuensis Pål Bertling-Hansen ved BI har funnet ut at norske kommunar tapar på privatisering av tenester. Den danske nettavisa «Søndag aften» har funnet ut at folkebiblioteka i Danmark tapar på kommunereforma.

Den norske forlagsbransjen er eit oslofenomen i følgje tal frå den norske bokdatabasen.

Les og lær
Mange har bruk for lesehjelp slår Marianne Vanem frå organisasjonen Leser søker bok fast på ein presentasjon av ordninga med leseombud i Narvik. Sjølv har eg tidligare stilt spørsmål med den måten det nå blir arbeida med opplæringstilboda for vaksne. Nå slår forskarane som har forska på kompetanseutviklingsprogrammet tilbake på kritikarane og seier at kritikarane ikkje har lest deira rapporter riktig.

I samband med regjeringa si stortingsmelding «…og ingen stod igjen»  kjem det eit nytt ordskifte om kva skulen skal og kan gjere for å viske ut sosiale forskjellar. Ikkje minst blir «gratisprinsippet»  tatt fram i debatten. Landsorganisasjonen uttalar at skulen må vere inkluderande. I forlenginga av regjeringa si satsing på sosial utjamning i skulen kjem og kampanjen «Frå ditt bibliotek» som nå har fått namnet skolebibliotekløftet. Legg merke til at nettidskriftet «Utdanning» skriv om skulebibliotek under vignetten «kultur», det forklarar kanskje kvifor skulebiblioteka har så svak stilling i det norske skuleverket.

Høyringar
Det er ikkje berre bibliotekutgreiinga som er ute til høyring for tida. Det same er forslaget om kunstutlån. Nå skal også føreskriftene til åndsverklova handsamast.

Nett nå
Nettet er fullt opp av ulike artiklar om IT, ikkje minst knytt til teknologiske nyvinningar. Derimot er det sjeldnare å finne fram til artiklar som diskuterar dei politiske sidene ved IT-utviklinga. Det var derfor spanande og lese om «Bill Gates versus Che Guevara» i Ny Tid. Det var òg Morten Strøksnes sin artikkel om «Biblioteket i babel«. Tønsberg blad har forresten funnet ut at det er biblioteka og ikkje nettet som konkurrerar ut papiravisene!

Regjeringa slit med å klare å oppfylle løftet om full breibandsdekning i følgje Nationen, medan regjeringa sjølv meiner at løfta står ved lag. Nå vil situasjonen bli kartlagd.

Medan Kunnskapsdepartementet satsar på Donald Duck i kampen for å gjere surfinga på nettet tryggare for born, pågår det store diskusjonar om makt, sensur og ytringsfridom ikkje minst i samband med den auka nettbruken. Datakrimutvalet har lagt fram sitt forslag mot kriminalitet på nettet. Dette er sensur seier kritikarane. 

Kva er det lov til å skrive på eigne bloggar før ein overskrid grensa for ytringsfridom? To saker frå den siste tida kan være med på å finne ut kvar grensene går, Jarle Dahl Bergersen blir truga av søksmål fordi han kritiserer katalogbransjen, ein lærar i Rogaland har blitt pressa til å fjerna ein blogg som av mange blei oppfatta som krenkande.Sjølv om ikkje produsentane på nettet ikkje er ute etter pengar i følgje ein presentasjon i Dagbladet, så meiner stadig fleire at nettet må forsvarast mot sterke kommersielle krefter.

Bibliotekpressa
Nasjonalbiblioteket lanserer eit nytt glansa magasin under namnet NB21. På lik line med andre magasiner der informasjonssjefen i verksemda står oppført som redaktør framstår bladet som offisielt og keisamt. Når me først er inne på offisielle «fagblad», på ABM-utvikling si heimeside finn eg ikkje lengre spor av deira magasin, med det slåande namnet ABM, har det gått inn? Ein frisk pust og fornyar av bibliotekpressa har Chris Erichsen vore, nå har han redigert si siste utgåve av Bok og bibliotek.

Sex
Medan Stig Holmås i si tid var opptatt av «kyssing i biblioteket» så driv folk New York det ennå lengre i følgje «Din side».

Advertisements

Entry filed under: Bibliotekpolitikk, Kalender, Kunnskapspolitikk.

Februar Blir reforma avlyst?

Éin kommentar Add your own

  • 1. Mai « Politisk kalender  |  april 30, 2007 ved 6:49 pm

    […] Medan eg i marsutgåva av kalenderen skreiv om at folk hadde seg på biblioteket i New York, så førar lesbesex på biblioteket til svevnlause netter i byen Bentonville i […]

    Svar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Kalender

februar 2007
M T O T F S S
« Jan   Mar »
 1234
567891011
12131415161718
19202122232425
262728  

Most Recent Posts


%d bloggarar likar dette: