Februar

januar 31, 2007 at 5:37 pm 2 kommentarar

Kommunane
Kven er det eigentlig som bestemmer over kommunane. Vekeavisa Kommunal rapport
har satt i gang ei eiga tevling med dette som tema. Viktigare enn kven som vinn tevlinga er vel likevel kva kommunane gjer nå føreligg det ein undersøking av kva kommunane skal bruke pengane til i 2007. Den viser at pengane går til dei formåla som politikarene ønskjer at dei skal gå til, og at nedskjæringspolitikken frå Erna Solberg si tid som kommunalminister nå er over.Det har skjedd endringar i kommunelova, disse endringane er spesielt viktige for folkebiblioteka med tanke på ei mogleg «konsolidering» i tråd med det som blir foreslått i bibliotekutgreiinga. Lova er eit forsøk på å fange opp at ideen om massive kommunesamanslåingar ikkje lenger er styrande for kommunalpolitikkenI Danmark derimot har dei gjennomført den politikken som den norske høgreregjeringa ønskja seg med massive kommunesamanslåingar. Dette har ført til ei rekkje med problem, men nå blir kommunane skulda for å ha brukt opp alle pengane sine før dei slo seg saman. Det er ikkje biblioteka som har tent på den borgarlege regjeringa i Danmark i følgje tal frå «Søndag Aften».

Biblioteka
Kva er framtida for norske folkebibliotek? I Moss blir publikum og brukarar invitert til å vere med i diskusjonen.Om vi ikkje veit så mykje om framtida så veit vi litt om nåtida, folkebiblioteka er ein plass for litteraturformidling, eit sosialt rom og ein plass for informasjon om samfunnet.

Lesing
I Vestfold blir er det laga eit program som får elevar som har droppa ut av vidaregåande
får lære teori ute i arbeidslivet. Det kan trengast, ting tyder nemleg på at det som blir gjort i samband med EVU-reforma ikkje verkar slik det var tenkt og at han faktisk forsterkar klasseforskjellar. Dette har eg skreve om tidligare, utan at ein tar ein diskusjon om finansiering av livsopphald for den enkelte arbeidstagar vil denne reforma vere ei reform for dei som kan ordne seg innanfor systemet.

Bibliotekutgreiinga
Som dei fleste har fått med seg er bibliotekutgreiinga lagt ut til høyring, i skrivande stund er det ikkje kome inn nokre svar. Til gjengjeld har Ine Bertelsen invitert dei søm ønskjer å diskutera barn og unge si plass i utgreiinga invitert med ein eigen blogg om emnet.ABM-utvikling har endeleg fått
publisert bibliotekstatistikken for 2005. Eg er ikkje imponert over at dei bruker så lang tid på å få denne ferdig. Det som derimot imponerar er Tord Høivik sine kommentarar til statistikken.

Nett nå
Litt (mal)appropo debatten om bibliotek 2.0 som gjekk på postlista i etterdønningane av intervjuet med Knut Hegna på NBF-veven. Nettavisene aukar i følgje nettavisene det same gjør dei såkalla nettsamfunna i følgje dei sjølv. Google og forleggarane jaktar på profitt i «gamle» bøker. Nettstaden YouTube som har vore kroneksempelet på web 2.0 vil betala for innslaga, og eg legg til for eiga rekning og dermed redigera det som blir lagt ut. For fleire år sidan skreiv ein artikkel med tittelen «Politikk i cyberspace» eg trur fortsatt eg kan stå inne for innhaldet i denne. Så sjølv om politikk i cyberspace og kan vere noko meir (?) direkte knytt til sjølve nettet klarer eg ikkje heilt å fri meg frå tanken at det er ikkje der politikken utformar seg og føregår.

Advertisements

Entry filed under: Bibliotekpolitikk, Kalender, Kunnskapspolitikk.

Januar 2007 Mars

2 kommentarar Add your own

  • 1. Svein Arne  |  februar 1, 2007 ved 6:23 pm

    Ein liten kommentar til avsnittet om politikk i cyberspace i følgje ein artikkel på forskning.no med tittelen «Zapatistenes frihetskamp på Internett» http://www.forskning.no/Artikler/2006/desember/1164980432.24 har det bygge seg opp nokre mytar om Zapatistane sin aktivitet på internett på midten av 90- talet. Det er nok desse mytane eg har kolportert i min artikkel frå 1998 «Politikk i cyberspace, virtuelt eller virkelig?» http://www.geirlund.net/tinnesand/poltikkcyberspace.htm

    Svar
  • 2. Mars « Politisk kalender  |  februar 28, 2007 ved 7:30 pm

    […] Leser søker bok fast på ein presentasjon av ordninga med leseombud i Narvik. Sjølv har eg tidligare stilt spørsmål med den måten det nå blir arbeida med opplæringstilboda for vaksne. Nå slår forskarane som har […]

    Svar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Kalender

januar 2007
M T O T F S S
« Des   Feb »
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
293031  

Most Recent Posts


%d bloggarar likar dette: