Januar 2007

januar 6, 2007 at 8:47 pm Kommenter innlegget

På slutten av 2006 lova eg lesarane av biblioteknorge lista at eg hadde laga min siste Politiske kalender i nåverande form. Slik blei det ikkje, i romjula brukte eg litt tid på å tenke gjennom kva eg skal gjere vidare, førebels har eg landa på at eg fortsett med kalenderen i den forma den har i dag. Derfor lesarar i by og bygd, «Politisk kalender» held fram med same grunngjeving som før.

Kommunane
2006 blei eit rekordår for norske kommunar og dei kan nå puste lettare seier KS leiar Halvdan Skard til Haugesunds avis. Kommunalministeren lover at det blir meir festing i kommunane. Den same kommunalministeren refsar også kommunane på dei områda der ho meiner dei er dårlege. Politikarane må ta makta tilbake seier ministeren. Sjølv om kommunane går godt er det ikkje alle som har det like godt, Asker kommune vil gje fattige «kulturrabatt», dei fattige sjølv ønskjer seg nok meir rikdom.

Biblioteka
Gunhild Salvesen har forska på bibliotekarane si adferd i samband med brukarintervju, det er vel ikkje mange som blir overraska av at barn og vaksne får ulik handsaming? I samband med tidligare forsking har det vore diskutert kven brukaren treff når han vender seg til «bibliotekaren», faglært eller ikkje faglært. Ein ting er sikkert i følgje NRK, dei frivillige er på veg ut av biblioteka.

Det blir bygd nye bibliotekbygg over heile landet Anders Ericsson har i samband med det laga ein oversikt over nye bibliotekbygg dette er ein såkalla Wiki og bibliotekmiljøet må sjølv hjelpe til med å gi innhald i oversikten. Arkitektstudent Tone Andreassen frå Molde tenkjer bibliotek som møteplass i si diplomoppgåve.

Lesing
Medan forskarane nå ser klarar samanheng mellom leseevner og arv, så fortsett Rogaland fylkeskommune sitt arbeid med sin leseplan. Det ser òg ut til at arbeidet for å realisera transportbibliotek  kjem seg vidare med gåver frå bokbransjen. Så får me berre håpe at arbeidet med å styrka fengselsbiblioteka ikkje stopper opp.

Nett nå
Sjølv om Time magasin har utropt deg til årets namn fordi du kontrollerar informasjonsalderen, regjeringa har lansert miside og ei ny stortingsmelding om IKT og alle i Fitjar har fått breiband så er ikkje web 2.0 heilt på plass ved inngangen til 2007. Ein ting er sjukdom, andre utfordringar er sensur, opphavsrett, noko som både gjeld musikkbransjen, bokbransjen, og kringkastinga. I spalta si «Framtidsfilarna»  i det svenske tidsskriftet Ikonar skriv Sven Nilsson leseverdig om det såkalla Web 2.0.

Trond Giske
Statsråden for kultur har fått mykje pes i media den siste tida. Kulturrådet klagar fordi får meir(!) pengar i følgje den nye redaktøren i Bok og bibliotek (gratulerer med jobben!) Syphilia Morgenstierne. Pinleg er òg grunngjevinga for å protestere mot nedlegginga av den såkalla LOK ordninga der relativt oppegåande(?) artistar skremmar med at då må kommunane prioritera. Disse sakene viser at både kulturrådsmedlemmer og andre kulturarbeidarar har mykje å lære om demokrati og politikk.

Statistikk
Medan Tord Høivik på bloggen sin Plinius har kommentert bibliotekstatistikken opp og ned, så saknar vi både statistikken frå 2005 og strategi for korleis me kan komme i gang med 2006 talla i frå ABM-utvikling si side.

Boblarar
Handsaming av Regionalmeldinga. Oppfølging av bibliotekutgreiinga.

Advertisements

Entry filed under: Bibliotekpolitikk, Kalender, Kulturpolitikk.

Kommentar: Gje oss pengar, det er synd på oss! Februar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Kalender

januar 2007
M T O T F S S
« Des   Feb »
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
293031  

Most Recent Posts


%d bloggarar likar dette: