Kommentar: Gje oss pengar, det er synd på oss!

januar 1, 2007 at 2:37 pm 2 kommentarar

KS-aktuelt nr. 6. 2006 handlar mellom anna om forventningane til velferdsstaten. Leiaren Halvdan Skard følgjer opp med ein artikkel i Nationen . Dess rikare me blir dess større krav stiller me til dei offentlige tenestene. Dette er først og fremst ei utfordring for det økonomiske fundamentet for velferdsstaten men det er og ei mental utfordring. Dette kravet om auka offentleg innsats på alle områder har gjort oss til ein nasjon der alle er ofre og politikken er forsvunne til fordel ein trong for ei «rettferd» som berre kan løysast av offentlege pengar. Kor dette kravet kjem frå er ikkje godt å seia men det er grunn til å tro at pressa må ta si del av ansvaret.

I Rogaland har me lanser eit «
Kulturkort for ungdom«. For 200 kr. i halvåret kan ungdom i alderen 16 -20 år komme inn for 50 kronar på konserter og arrangement og dei har gratis tilgang til musea og utstillingar. Dette tiltaket kostar fylkeskommunen 3,5 millionar i året og er det største kulturløftet for denne aldersgruppa nokon gong. Eg hugsar ennå fyrste spørsmålet eg fekk frå journalisten i NRK då dette tiltaket var presentert. «Kva med de arrangement som i utgangspunktet kostar mindre enn 50 kroner, vil ikkje ungdommen få rabatt der?». Eller frå journalisten i lokalavisa «Grannar»: «Kva med dei som vil på kino i nabofylket, skal ikkje kortet gjelda der?». Eller oppslaget i studentavisa Hugin «Studenter nektes kulturkort«. Altså, i løpet av tri presseoppslag har kulturkortet som i utgangspunktet var ei formidabel satsing frå fylkeskommunen si side blitt ein urettferdig ordning der uskyldige ofre ligg igjen i grøftekantane og ber om rettferd.

Bransje- og interesseorganisasjonar bidrar sjølvsagt til denne offertenkinga. Herostratisk er sjølvsagt reiarane si kamp for at Norges rikaste ikkje skulle betale skatt fordi det var urettvist i forhold til dei rike i andre delar av verda. Eg har tidligare i ulike utgåver av Politisk kalender kommentert liknande trekk hos organisasjonar i kultursektoren. Tidskriftforeininga som er «offer» for at biblioteka må prioritere innkjøpa sine. Naturlegvis må dei i rettferdas namn ha meir i støtte frå staten. Småbokhandlarane er offer for utviklinga i bransjen og treng direkte statleg tilskott. Musea er offer for manglande oppføljing. Riktig nok må dei presentera eit «kreativt» reknestykke for å få fram akkurat det poenget. Dei presenterer i pressemeldinga si òg ei ny kategori ofre. Forventningsofre kan me kalla dei. Det er dei som ikkje får det dei ønskjer seg. Eit sterkt døme på det hadde me med Nobel Fredssenter i haust . Det same kan òg seiast om oppropet for å styrka forskinga, der ein sausar i hop forventningar til eit statsbudsjett og ber folk medvitslaust skrive under.

Slik kan me fortsette å nemne sak etter sak frå organisasjonar, presse og ulike talspersonar. Heilt utan politisk gangsyn veljar ein å presentera seg som «offer» for omstende som ein sjølv er heilt utan innflyting over. Tiskriftforeininga nemner ikkje at talet på tidsskrift aldri har vært så høgt som nå, at talet på kjøparar av tidsskrift har vore i vekst i ei årrekkje og at tidsskrifta er langt meir synlege i det offentlege ordskiftet enn for berre få år sidan. Bokhandlarane nemner ikkje at det er dei sjølv som har vore med på å endre vilkåra i bransjeavtalen og at det seljast meir bøkar over bokhandlardisen enn nokon gong. Museumsforbundet passar seg for å nemne at musea i heile prosessen rundt konsolideringa har fått mykje med auka midlar i forhold til andre kulturinstitusjonar, dei passer seg og vel for å nemne kor mykje midlar som blir brukt i sektoren lokalt og regionalt.

Denne «offerframstillinga» blir gjerne tatt godt i mot i pressa, men tener saka på at ein framstiller seg sjølv som offer? Ved å framstilla seg som offer vil ein alltid konkurrera med «dei som har det verre» når dei politiske prioriteringa skal tas. Konkurransen om kven som har det «verst» i verdas rikaste land bidrar berre til fragmentering og fordumming av politikken samtidig som han minkar det demokratiske handlingsrommet, den fremjar òg høgrepopulismen slik han framstår hos det såkalla Framstegspartiet. Det tener verken kulturlivet eller me som samfunn på.

Advertisements

Entry filed under: Kulturpolitikk, Kunnskapspolitikk, Subjektivt.

Nokre refleksjonar ved overgangen til eit nytt år Januar 2007

2 kommentarar Add your own

  • 1. Valekstra - bibliotekstatistikken « Politisk kalender  |  september 3, 2007 ved 8:14 pm

    […] og griner, dette likar journalistane og dei populistiske politikarane i alle parti. I ein tidligare artikkel her på bloggen går eg inn på nokre sider av denne tenkinga og konkluderar på følgjande måte: Denne […]

    Svar
  • 2. Kommentar: Folkebibliotek i media « Politisk kalender  |  november 6, 2007 ved 4:45 pm

    […] stadig terpingar på at me er så dårlege. Eg har sagt noko om dette tidligare i artikkelen “Gje oss pengar, det er synd på oss!“. Skal biblioteka ut av elendigheita og bli viktige i samfunnet så må ut av dvalen me har […]

    Svar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Kalender

januar 2007
M T O T F S S
« Des   Feb »
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
293031  

Most Recent Posts


%d bloggarar likar dette: