Nokre refleksjonar ved overgangen til eit nytt år

desember 29, 2006 at 2:28 pm 1 kommentar

Etter siste utgåva av Politisk kalender på biblioteklista så har eg på lista fått mange reaksjonar frå lesarar som skryt av kalenderen, Anders Ericsson, Kari Frodesen, Britt Ellingsdalen, Frode Bakken, i tilegg har Chris Erichsen og Kari Frodesen (igjen) offentleg oppmoda meg om å fortsette med å lage kalenderen. På toppen av det heile så har leiaren i NBF Anne Hustad tatt kontakt for å sjå om det noko bibliotekforeininga kan gjere for at kalenderen skal fortsette.Denne responsen og desse oppfordringane gjer det naudsynt og vurdera kva eg vil vidare med “Politisk kalender”. Eg føler òg eit behov for å fortelje litt om korleis eg har tenkt om kalenderen i den tida eg har drevet på med dette arbeidet.

Bakgrunn
Initiativet til Politisk kalender blei tatt av meg på eit møte med aktivistane frå SFP 13. mai 2004. Då vart me einige om at nå var det bare å sette i gang. Dess fleire aktivitetar som fokuserte på folkebibliotekpolitikk dess betre var det. Sjølv tok eg på meg oppgåva med å sende ut ein oversikt med politisk relevante saker på biblioteklista med ujamne mellomrom. Første utgåva som eg publiserte den 18.mai 2004 handla fyrst og fremst om den prosessen som gjekk føre seg i partia om program fram mot stortingsvalet i 2005. I løpet av 2004 og 2005 blei kalenderen lagt ut på Biblioteknorge lista kvar einaste månad. I tilegg har eg samla kalenderen for dei to første åra på nettstaden min . I 2006 blei e-post kalenderen utvida med bloggen “Politisk kalender” som i tilegg til å presentere nettutgåva av e-post kalenderen òg har laga ein heil del anna stoff.

Redaksjonell line
Det er berre eg sjølv som har bestemd kva som skal kommenterast i kalenderen. Korleis det skal kommenterast og kva holdningar det skal utrykka. Politisk kalender er ikkje og har aldri uttrykt nokon felles haldning frå nokon organisasjon eller gruppe. Målet med kalenderen har vært å finne fram til, og kommentere politiske prosessar som påverkar folkebiblioteka. Gjerne prosessar som ikkje blir like mye kommentert i biblioteka sine fagorgan det vere seg nettstader e-postlister eller fagtidsskrift.

Gjennom Politisk kalender har eg òg uttrykt eigne haldningar i høve til politikk, styring og folkebibliotek. Det er sjølvsagt ei kjend sak at eg er medlem av SV, det gjer likevel ikkje at kalenderen kan lesast som SV propaganda, òg i høve til eige parti vil kalenderen være ein del av den pågåande debatten om folkebiblioteka sine politiske utfordringar.

Eg trur den politiske grunnhaldninga som kan lesast ut av Politisk kalender kan uttrykkast i følgjande punkter:

1. Folkebiblioteka er solidarisk politisk prosjekt. Dette har eg utdypa i min artikkel “Folkeopplysningsprosjektet må utvikles, ikke avvikles!

2. I folkebiblioteka er folk er viktigare enn bibliotek og bibliotek viktigare enn bibliotekarar.

3. Folkebiblioteka er viktige institusjonar i kunnskapssamfunnet. Biblioteka si stilling blir ikkje styrka av å framstille biblioteka som “offer” for feilslått kultur- eller kunnskapspolitikk. Skal biblioteka vere synlege i offentlege ordskiftet må det vere som offensive og viktige institusjonar.

4. Vettet i Norge er jamt fordelt utover det heile. Kommunane er sjølv i stand til å forvalte folkebibliotekpolitikken. Dette har tidligare omtala artikkelen “Folkebibliotekpolitikk – mellom statlig lovgiving og kommunalt selvstyre“. Dette gjer òg at eg er for ei radikal regionalisering av statlege oppgåver, spesielt på kulturområdet. Denne kommentaren blei laga til ein intern SV-debatt om regionalisering. Eg meiner i forlenginga av dette at ABM-utvikling bør òg bør vurderast med tanke på nedlegging.

5. Digitalisering vil endre folk sin kvardag, den vil endre biblioteka men den vil ikkje kunne gjere dei overflødige.

Framtida
På grunnlag av denne gjennomgangen av kalenderen og den responsen eg har fått etter siste utgåve av e-post kalenderen vil eg på nytt vurdere korleis eg i framtida vil arbeide vidare med “Politisk kalender. Eg har iallefall laga ei fil på PCen min som heiter “januar 2007?”.

Godt nytt år til alle lesarar av Politisk kalender.

Advertisements

Entry filed under: Kalender, Sjølvskryt.

Desember Kommentar: Gje oss pengar, det er synd på oss!

Éin kommentar Add your own

  • 1. Januar 2007 « Politisk kalender  |  januar 6, 2007 ved 8:47 pm

    […] Politiske kalender i nåverande form. Slik blei det ikkje, i romjula brukte eg litt tid på å tenke gjennom kva eg skal gjere vidare, førebels har eg landa på at eg fortsett med kalenderen i den forma den har i dag. Derfor lesarar […]

    Svar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Kalender

desember 2006
M T W T F S S
« Okt   Jan »
 123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031

Most Recent Posts


%d bloggarar likar dette: