Desember

desember 10, 2006 at 3:37 pm 1 kommentar

Reformer
ABM-utvikling valte å kalle bibliotekutgreiinga for
«Bibliotekreform 2014». Svært mykje av debatten om reforma har vært knytte til forslaga om konsolidering av folkebiblioteka. I fylgje forskar Jørund Nilsen ved ECON-analyse så vil bibliotekreforma svekka lokaldemokratiet. Det einaste(?) konsoliderte folkebiblioteket i Norge nemleg Tønsberg og Nøtterøy bibliotek er òg dratt inn i debatten.

Kulturlovforslaget er lagt fram, i utgangspunktet handlar denne lova ikkje om biblioteka. Det kan likevel vere verdt å få med seg det høyringsnotatet drøftar om grunnlova si paragraf 100. Nå er det ikkje alle som er like nøgde med lova. I Nationen ønskjer leiaren seg ei konkretisering av lovteksten.

Fredag den 8.12 kom endeleg den etterlengta stortingsmeldinga om forvaltningsreform på bordet.Det er vel verdt å merke seg at verken Kulturministeren eller Kunnskapsministeren fant det naudsynt å gå ut med eigen pressemelding om reforma. Ingen av disse reformforslaga får meg til å miste nattesvevnen, men eg trur det kan vere viktig at folkebiblioteka deltar i ordskiftet om kva slags bibliotekstell me ønskjer oss og korleis det skal vere organisert.

Åndsverk
Bibliotekforeininga
ønskjer seg digitalt utlån, som eit resultat av nasjonalbiblioteket sitt digitaliseringsarbeid. Google books på si side digitaliserar utan og spørje, medan dugnadsbasen Wikipedia kopierar andre sitt arbeid. Nå nærmar det seg datoen då Beatles «fell i det fri», som det blir kalla når opphavsrettigheita ikkje lenger er verna i lova.Alle disse sakene syner oss at svært mykje av det biblioteka driv på med, og skal drive på med i framtida vil vere avhengig av at vi får rettar knytte til åndsverk som både produsentane og konsumentane kan leve med.

Hot spot
Stavanger bibliotek, har fleire gangar satt i gang såkalla «Hot spot». Som er ein metode for å ta opp kontroversielle samfunnspørsmål. Biblioteket ønskte å
retta søkelyset på prostitusjon, ein kan trygt sei at både emnet og presentasjonen var kontroversiell.

Diverse
Kan landets første
trailerbibliotek bli plassert på Høydalsmo? Det blir spanande å følgje utviklinga. Fullt så spanande er det vel ikkje å vente på bøker. Biblioteka meiner det tar for lang tid før bøkene som blir kjøpt inn gjennom innkjøpsordninga for faglitteratur når fram til brukarane. Liberaliseringa av bokbransjen kan føre til bokhandlardød i distrikta  melder Nationen. Likt med resten av bransjen ber nå bokhandlarane staten om direkte økonomisk støtte.

I motsetnad til oss her i Norge så har svenskane klart å legge fram bibliotekstatistikken for 2005. Åre kommune satsar mestpå biblioteka. For dei av lesarane som hugsar godt, var biblioteket i Åre offer for eit av 90 talets raraste privatiseringsforsøk. I 1990 vedtok kommunen at dr4ifta av folkebiblioteket skulle settast ut på «entrepenad» til eit firma i Gøteborg som skulle være profesjonelle bibliotekdriftarar. Etter eit år på «entrepenad » gjekk biblioteket i Åre konkurs som første (og einaste?) folkebibliotek i Sverige.

Avslutting
Eg har nå laga og sendt ut «Politisk kalender» omtrent i denne forma i over to år. Den første utgåva kom i mai 2004. I løpet av den tida som er gått sidan første utgåva har mykje endra seg når det gjeld moglegheitene for å halda seg oppdatert på bibliotekpolitiske nyhende. Norsk bibliotekforeining sin nettstad har t.d. blitt ein plass for nyhende. Arne Gundersen i ABM-utvikling sender ut ei liste over aktuelle saker på biblioteklista. Ikkje minst har bloggarane slått til med over femti bibliotekbloggar  i følgje Plinius.

Politisk kalender slik han har vært går derfor over i historia. Det har vore kjekt, arbeidsamt og lærerikt å driva på med denne forma for nyhendeteneste, det er derfor med et visst vemod eg nå gir meg med dette. Bloggen min «Politisk kalender» vil likevel fortsette, her vil eg når føler for det publisera sterkt subjektive meiningar om ulike spørsmål knytte til bibliotek- og kulturpolitikk og andre emne i same leia.

Advertisements

Entry filed under: Bibliotekpolitikk, Kalender, Regionreforma, Sjølvskryt.

November Nokre refleksjonar ved overgangen til eit nytt år

Éin kommentar Add your own

  • 1. November « Politisk kalender  |  oktober 31, 2007 ved 7:41 pm

    […] jobb I desember 2006 skreiv eg at eg ikkje ville fortsette med Politisk kalender i si nåverande form. Dei blei ikkje […]

    Svar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Kalender

desember 2006
M T O T F S S
« Okt   Jan »
 123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031

Most Recent Posts


%d bloggarar likar dette: