November

oktober 31, 2006 at 6:15 pm Kommenter innlegget

Politikken
Etter ein heller lang pause, så er Stortinget i gang med politiske arbeidet sitt.
Nokon av oss lurer av og til på kva som får stortings og regjeringspolitikare til å gjere akkurat det dei gjer i enkelte saker. I ein kommentar i Nationen blir ein del av dei utspela me nå ser både frå opposisjon og posisjon for «Tabloidpolitikken«. Rune Håndlykken som har arbeida med lokale kulturhus i ei årrekkje viser i ein kronikk i same avisa korleis kulturpolitikken følgjer dei same mekanismane. Sentrale politikare kan sole seg i glansen av eit nytt prestisjebygg i Stavanger men skjønner ikkje heilt korfor me ska bruka pengar på bruksbygg i Vindafjord. Nokon politikare er meir effektive enn andre, svenske el-kulturministaren Cecilia Stegö Chilò blei ikkje sittande lenge. Ho rakk likevel å gjeninnføra brukarbetalinga på musea. Eg har i ei tidligare utgåve av kalenderen vist til at betalbibliotek blei eit heitt tema i den svenske valkampen.

Kommunane
KS uttalar seg om statsbudsjettet. Sjølv om organisasjonen sjølvsagt har kritiske merknader til budsjettet så er tonen overraskande dempa. Det skyldes nok òg at det ikkje berre er overføringane i statsbudsjettet som tel for kommunane sin økonomi. Til dømes auka verkemidlar i distriktspolitikken. Det er ikkje utan grunn at den øvste administrative leiaren for kommunane har den lite kjønnsnøytrale tittelen rådMANN, nå har KS satt i gang eit arbeid for å rekruttere fleire kvinner i disse stillingane. Regjeringa og dei viktigaste organisasjonane i kommunesektoren har satt i gang eit nytt kvalitetsprogram for kommunane. Kan det vere verkemiddelet for å få gjennomført strukturendringane som er foreslått i bibliotekutgreiinga?
Danske kommunar har vært gjennom ein svær endringsprosess, dette har blitt ein tung prosess ikkje minst fordi den borgarlege regjeringa ønskjer å stramma inn på kommuneøkonomien, medan reforma sjølvsagt kostar pengar.

Lesing
Sintef si evaluering av lesekampanjen «Gi rom for lesing» viser at kampanjen har gitt gode resultat. Kampanjen har likevel ikkje hatt nokon tiltak retta mot lærlingane. Det kan derfor verka riktig som Egil Gabrielsen ved Lesesenteret i Stavanger gjer retta søkelyset mot dei vaksne i arbeidslivet sin lesedugleik. Sjølv har i ein artikkel i LO-aktuelt prøvd å setta satsinga på lesing i arbeidslivet inn i ein samanheng med satsing på arbeidsplassbibliotek. Nå er det ikkje berre i arbeidslivet det trengs meir arbeid for å gjere biblioteka meir tilgjengelege om me skal få fleire til å lese.

Digitaliseringa
Regjeringa er i ferd med å nå målet om breiband til heile landet. Og Statsråd Heidi Grande Røys legg fram undervegsrapporten eNorge 2009. Då er det vel på tide å gå vidare med å produsera innhald.  Nynorskfolket ønskjer seg nytt leksikon på nettet. Medan musikkinformasjonssenteret allreie har lagt ut fjorårets salssuksess Norsk Rock- og Popleksikon. Eg synes likevel ikkje at dette leksikonet er det lettaste å søkje i. Forskaren Nils Pharo har forska på søkjevanar på nettet og det kan jo henda at eg har noko å læra.
Nå kjem e-boka (attende) skriv Osloavisa Aftenposten.E-boka har sjølvsagt vært her lenge.  spørsmålet er bare kva leseformat den skal komme i. Til dømes har kunnskapsdepartementet lagt ut over 5000 digitale læremidlar ut på nettet. Dei tradisjonelle lydbøkene blir også ei form for e-bøker. Nå når mogligheitene er til stades så er det nesten bare kampen rundt opphavsretten som bremser (litt) på utviklinga.

Boblarar
: Kommunebudsjetta.

Advertisements

Entry filed under: Bibliotekpolitikk, Kalender.

Innkjøpsordningane, medieval og bibliotek Desember

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Kalender

oktober 2006
M T O T F S S
« Sep   Des »
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
3031  

Most Recent Posts


%d bloggarar likar dette: