Innkjøpsordningane, medieval og bibliotek

oktober 28, 2006 at 7:51 pm 4 kommentarar

Det viktigaste enkeltelementet i norsk litteraturpolitikk er innkjøpsordningane for litteratur. Disse ordningane skal sikre at det er mogleg å gje ut litteratur i eit lite språkområde som det norske. Ordninga har ei firedelt målsetjing: 1. å betre dei økonomiske vilkåra for forfattarane, 2. å få ned utsalsprisen på norsk skjønnlitteratur, 3. å tryggje forleggjarane mot tap ved at dei er garanterte sal av eit visst minimumsopplag også av litteratur som tradisjonelt har synt seg å vere tungtseljeleg, og 4. å få fleire til å lese bøker, dels ved å redusere utsalsprisen, dels ved å gjere bøkene tilgjengelege i biblioteka over heile landet. For biblioteka er det sjølvsagt det siste punktet som er det viktigaste. Innkjøpsordningane fungerar derfor som ein del av folkebiblioteka si eigen innkjøpspolitikk. I ein kronikk i Aftenposten i vår gjekk den kjende forleggar og anarkist Syphilia Morgenstierne til åtak på heile ordninga. Noko som ho seinare følgde opp i form av ein sommarserie på bloggen sin der ho skreiv meldingar om dei fleste bøkene som blei kjøpt inn i ordninga førre året. Ho meinte at dei fleste ikkje skulle vært kjøpt inn under ordninga.

Sjølv om Syphilia Morgenstierne står fram som ei einsleg svale i kritikken av innkjøpsordninga er det mange som har meiningar om han. Dei fleste meiner at akkurat deira bok eller tidsskrift burde vært omfatta av ei innkjøpsordning. Ikkje minst er den relativt nydanna tidsskriftforeininga aktiv på dette feltet. Krava frå tidsskrifta blir og støtta på av leiaren i Klassekampen. Eg la spesielt merke til følgjande setning i leiarartikkelen: «På grunn av dårlig kommuneøkonomi er mange bibliotek tvunget til å si opp tidsskriftabonnement». Krystallklår logikk frå klassens avis der altså. Får kommunane for lite pengar, så må me gje dei til tidsskrifta. Ny Tid kan melde at innkjøpsordninga for faglitteratur ikkje alltid går til dei mest populære bøkene. Sjølv har i min naivitet trudd at innkjøpsordninga var ei slags tøtteordning for faglitteraturen og ikkje ei premiering av tyngde. Forlaga meiner tydelegvis at uansett kor godt bøkene seljer ute i marknaden så må dei få ta del i støtteordningane, alt anna er jo urettferdig. Sjølv om regjeringa nå legg meir pengar inn i innkjøpsordninga enn nokon gang så meiner leiaren i forfattarforeininga at ordninga er «sprengd» og at det trengs meir pengar.
Forfattarforeininga sin leiar, ottast òg for tilstanden i bokbransjen i ein kronikk i Dagbladet tidligare i haust. Det kan det være grunn til. På eit seminar som Rogaland fylkesbibliotek og Stavanger bibliotek arrangerte under kapittel 06 var det Cecilie Naper som tok opp denne tråden. Ho meinte at biblioteka hadde tilpassa seg bokmarknaden. Marknaden får ikkje fram eit mangfald men aukar likskapen mellom dei ulike aktørane, slik det blir gjort i etermedia. Alle forlag satsar på same type skjønnlitteratur. Biblioteka må skilje seg ut frå bokhandlaren i utvalet og der er det innkjøpsordningane kjem inn. Biblioteka må ha tilgang til heile bredda i litteraturen. Om innkjøpsordningane medverkar direkte eller indirekte til den same tendensen til nivellering av  litteraturen som konkuransevilkåra i bransjeavtalen så er det ekstra grunn til at bibliotekarane skal ta medvetne medieval. Boka «Velge og vrake – samlingsutvikling i folkebibliotek» som blei utgitt i haust, og som eg sjølv deltek i kan være med å skape debatt om dei vala biblioteka må foreta kvar einaste dag. Som bloggaren Hjorten seier det: «Så hva mener Hjortheblogg? Hvis vi på kinoen kun viste film for kultureliten, med 15-20 stykker i salen, så ville vi ganske kjapt miste enhver legitimitet i folket. Derfra er veien kort for politikerene til å stramme inn på tilbudet. Vi er redt og slett nødt til å vise Klodenes Kamp og Harry Potter når vi har sjansen. Bibliotekene må av samme grunn også kjøpe inn populærkulturen. Et bibliotek som nekter å ta inn Dan Brown med begrunnelsen av at det er underlødig litteratur vil ikke bli særlig populært i befolkningen og jeg synes hele debatten om verdig og uverdig litteratur er ganske tullete. Det er imidlertid ikke bibliotekenes hovedoppgave å dekke etterspørselen etter enhver litterær døgnflue. De som ikke orker å stå på venteliste får heller kjøpe boka hos Libris«.

Advertisements

Entry filed under: Bibliotekpolitikk, Kulturpolitikk, Medieval, Sjølvskryt.

Innhald & storleik November

4 kommentarar Add your own

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Kalender

oktober 2006
M T O T F S S
« Sep   Des »
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
3031  

Most Recent Posts


%d bloggarar likar dette: