Innhald & storleik

oktober 22, 2006 at 10:30 am Kommenter innlegget

Regionalmeldinga lar vente på seg, i mellomtida ser det ut som ordskiftet om reforma fortsetter på ulikt vis. Kommunal og regionaldepartementet sitt nyheitsbrev om distrikts- og regionalpolitikken Regionalnytt er sjølvsagt mest opptatt av å skryte av statsbudsjettet. Ei av satsingane som blir nemnt frå departementet er omgrepet «kultur og næring». Dette omgrepet har vore eit slags mantra dei siste åra. Det mest påfallande med det har vore at ein i satsingar på «kultur og næring» i stor grad har sett vekk frå det offentlege sine bidrag til kulturlivet. Analytikar Søren Liby Clausen og siviløkonom Thorstein Selvik, som driver finansrådgivingsselskapet Artesia Capital har sett offentleg innsats retta mot kulturlivet i Bergensområdet. Deira konklusjon er at Kultur er har lite å seie som næringsgrein, «Uten staten stopper Kultur-Bergen» konkluderar bt.no. Fylkesbiblioteka blir ein del av regionreforma, på kva måte veit vi ikkje ennå. Førebels tar diskusjonane utgangspunkt i bibliotekutgreiinga. Det er ikkje sikkert at det er den som legg føringane for regionalpolitikken, fylkesbiblioteksjefkollegiet har òg spelt inn omtrent same innlegget både til Bibliotekutgreiinga og ordskiftet om regionalreforma.

«Regionreform i motbakke» kallar professor Nils Aarseter frå Tromsø sin kronikk i Nationen 2.10. Der tar han til ordet for ein regionreform som tar utgangspunkt i dagens fylkeskommunar. Det same gjer professor Stein Østre frå Høgskolen i Hedemark i same avis den 10.10. Ordførarane tar i dette oppslaget i Dagsavisen derimot til orde for at det må bli færre regionar. Klassekampen- redaktøren derimot drøymer den 14.10 om ein regionreform som kan kallast ein «konsolidering» av kommunestrukturen. Dette er vel likt med draumen om 7 kjemperegionar òg ein teoretisk skrivebordsreform som strandar når den møter røyndommen i kommune-Norge.

Advertisements

Entry filed under: Bibliotekpolitikk, Kulturpolitikk, Regionreforma.

Kampen om Den kulturelle skulesekken Innkjøpsordningane, medieval og bibliotek

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Kalender

oktober 2006
M T O T F S S
« Sep   Des »
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
3031  

Most Recent Posts


%d bloggarar likar dette: