Kampen om Den kulturelle skulesekken

oktober 18, 2006 at 7:29 pm 2 kommentarar

I Aftenposten sitt helgemagasin A-magasinet som kom ut den 6.oktober står det ein lengre artikkel under overskrifta «Kulturkollisjonen» * om Den kulturelle skulesekken. Sjølv om teksten i artikkelen både er sjølvmotsigande og mykje av det som står i artikkelen er henta frå «Forfatteren» 0305, er det heilt klart at journalist Ola Henmo har ein sak. Saka er at skulen har blitt påtvinga ei mengde med kulturinnslag som lærarane ikkje har noko ønske om. At lærare som ikkje gidd å bruka tid på å førebu elevane på det som skal skje i skulen blir framstilt som offer for tvilsame kulturtiltak er ei litt uventa vinkling, men det er journalisten sitt val. Det interessante ved artikkelen er likevel ikkje vinklinga, men at han har fått «eigarane» av ordninga Øystein Djupedal og Trond Giske til og uttala seg. Uttala seg om spørsmål det har vore strid om heilt sidan «Den kulturelle skulesekken» blei eit landsdekkande tiltak.Historia om den kulturelle skulesekken har frå fyrste stund vore ein kamp mellom to ulike departement med ulike tradisjonar. Det har vore ein kamp mellom forvaltingsnivåa, stat, kommune og fylke om makt. Og det har vore ein kamp mellom kommunane om fordeling av midlar. Det har vore ein kamp mellom ulike kulturinstitusjonar og ulike kunstnargrupper. Sist men ikkje minst har det vært ein dragkamp mellom ein tradisjon som legg vekk på at ungane skal lære noko nyttig på skole og ein tradisjon som meiner at ungane òg kan lære noko gjennom kreativ utfalding og kunstnarisk oppleving. Når forskingsinstitusjonen NIFU-step i vår lagde sin evalueringsrapport om DKS så gjenspeiler den mange av dei motsetnadene som finnes i tiltaket og det er dette statsrådane etter fattig evne prøvar å gje eit svar på ovanfor A-magasinets journalist. Evalueringsrapporten har heller ikkje gått fri for kritikk.  Før eg går inn på dei løysingane som statsrådane etter journalisten si gjengjeving legg opp til er det på tide å rekapitulera litt av historia. Sjølvsagt sett frå min subjektive ståstad som leiar for Den kulturelle skulesekken på fylkesnivå.

Dei to departementa som eig skulesekken gav sumaren 2003 ikkje ut ei, men kvar sin stortingsmelding om kultur i skulen. Medan stortingsmeldinga frå Kulturdepartementet bar tittelen » Stortingsmelding 38 – Den kulturelle skulesekken» var namnet på meldinga frå Undervisnings-departementet talande : «Stortingsmelding 39 – Ei blott til lyst». Desse meldingane gjekk gjennom Statsråd med ei vekes mellomrom. Etterpå risla meldinga ned gjennom systemet frå kultur-departementet til kulturlivet at det var meldinga med nr. 38 som eigentleg gjaldt, medan signala nedover mot skolesystemet var at det var melding nr.39 som var den gjeldande. Slik klarte Bondevik-regjeringa og den norske departementskulturen å sementera ei motsetning mellom skule og kultur frå fyrste spadetak. Sumaren året etter blei ordninga igjen endra som ein del av maktkampen mellom dei to departementa. Ordninga med fylkesvise tildelingar falt høgrefolka i undervisningsdepartementet tungt for brystet. Deira prosjekt var å svekkja fylkeskommunen som forvaltningsnivå, då kunne dette nivået få nye oppgåver. Dette førde til at fylkeskommunen fekk melding om at 1/3 av pengane som blei tildelt skulesekken skulle sendes vidare til kommunane. Kommunar eller samarbeidande kommunar som representerte over 30.000 innbyggarar kunne få heile tilskoddet til den kulturelle skulesekken. At berre fire kommunar valte å gå inn på denne løysinga viser vel på sitt vis at fylkeskommunane si handsaming av ordninga og fungerte godt for den enkelte kommune.

Nå varslar altså statsrådane omkamp om skulesekken det gjer dei på grunnlag av ein såkalla evaluering som ikkje gjer nokon konklusjonar og på grunnlag av ein i beste fall tendensiøs artikkel i ei osloavis. Det ingen av statsrådane har tatt seg tid til, og aller minst Djupedal er å sjå på dokumenta som skulestyresmaktene har produsert dei siste åra t.d kunnskapsløftet, i form av læreplanar og dokument av ulike slag frå Utdanningsdirektoratet. Der vil dei ikkje finna mange forsøk frå kunnskaps-departementet på å forankra Den kulturelle skulesekken inn i elevane sin kvardag. Ikkje rart at enkelte lærare då føler seg overkøyrt.  Statsrådane for skule og kultur framstår i intervjuet som kunnskapslause og historielause når det gjeld skulesekken. Derfor blir det vel berre å vente på omkampen framfor å bygge vidare på eit system som faktisk fungerar både i skulen og for eit blomstrande kulturliv.

PS
: Eit oppsiktsvekkjande utsegn i intervjuet er at Djupedal og Giske ikkje bryr seg om tilstanden på norske skolebibliotek. Biblioteka driv nemleg reklame for enkeltforfattarar(!). Sitat frå artikkelen: «Eneste skåret i gleden er at hun ikke kan styre de oppspilt inspirerte elevene i retning av skolebiblioteket når de flokker seg rundt henne og sier at nå akkurat nå! vil de lese bøkene om Tim Brentloff. For der fins det ikke en eneste bok av Sylvelin Vatle. Feil svar. Akkurat det har ikke Djupedal og Giske tenkt å gjøre noe med. Den kulturelle skolesekken skal ikke fungere som noen salgsturné for kunstnere.» Ikkje visste eg at forfattaren seljer bøkene sine på biblioteka, men kanskje Aftenposten, Giske og Djupedal veit noko som eg ikkje veit.

*
Artikkelen frå a-magasinet er ikkje lagt ut på nettet, men gjennom å søka via søkemotoren «sesam» så finn ein fram til artikkelen på A-tekst. Då kan ein både lesa han og skriva han ut.

Advertisements

Entry filed under: Bibliotekpolitikk, Kulturpolitikk, Kunnskapspolitikk.

Statsbudsjettet, bibliotekutgreiinga og framtida for ABM-u Innhald & storleik

2 kommentarar Add your own

  • 1. hugen  |  oktober 19, 2006 ved 3:14 pm

    Eit privilegium som eg har fått oppleve, er å vere litt av innhaldet i ein kulturell skulesekk, ikkje alle pensjonerte lærarar er så heldige, vil eg tru!
    Om ein ikkje hadde hatt opplegg som den kutlurelle skulesekken, ville ein med ein gong fått høyre klagene over at det ikkje finst tilbod. Det bør også vere eit poeng at med denne ordninga så prøver det offentlege å setje i verk ei praktisk lokalisering av eit ANSVAR som det høyrer til for dei å ta, – desse tre: stat, fylke, kommune!

    Svar
  • 2. 2. luke. Politisk julekalender « Politisk kalender  |  desember 2, 2007 ved 4:38 pm

    […] ei stortingsmelding om “Den kulturelle skulesekken“  . Eg har tidligare kommentert den politiske kampen rundt denne satsinga her på politisk kalender . Stortingsmeldinga om Den kulturelle skulesekken råker innom mange politikkområder, […]

    Svar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Kalender

oktober 2006
M T O T F S S
« Sep   Des »
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
3031  

Most Recent Posts


%d bloggarar likar dette: