Statsbudsjettet, bibliotekutgreiinga og framtida for ABM-u

oktober 10, 2006 at 5:09 pm 2 kommentarar

Statsbudsjettet for neste år blei lagt fram på fredag. I følgje pressemeldingsmeldinga frå NBF-leiaren så er det ikkje mye å ropa hurra for. Det kan eg vere einig i, for biblioteka isolert er det ikkje et spesielt godt statsbudsjett. Dei av lesarane som kan peka på eit statsbudsjett i moderne tid som skiljar seg ut positivt i så måte kan sende meg melding om dette. For folkebiblioteka har dei ulike postane på kulturbudsjettet yttarst lite å sei for korleis dei handterar den daglege drifta rundt om i landet. Folkebiblioteka si framtid blir ikkje avgjort i Kyrkje- og kulturdepartementet men i Kommunal- og regionaldepartementet og i den enkelte kommune. Sjølv om KS ennå ikkje er nøgde med aukinga i kommunane sine frie inntekter så må det vere lov og nemne at kommunane har vore den store budsjettvinnaren under den nye regjeringa.Det at bibliotekpolitikken blir utforma i kommunane er ei stor utfordring for bibliotekfeltet og for NBF som organisasjon. Som profesjon og som landsdekkande organisasjon er det mykje lettare for oss å lage ein nasjonal politikk som me presenterer for nasjonale styresmakter av ymse slag enn å vere tilstades i kommunane der folkebibliotekpolitikken blir utforma. Dette forholdet har eg tidligare kommentert i artikkelen » Folkebibliotekpolitikk – mellom statlig lovgiving og kommunalt selvstyre» frå 2004 og ikkje minst var det eit tema på vår konferanse i januar i år «Nytt løft for folkebiblioteka? Folkebibliotekpolitikk – mellom statleg lovgiving og kommunalt sjølvstyre» som fylkesbiblioteka i Hordaland og Rogaland arrangerte i Bergen. Denne konferansen blir frå vår side fylgt opp den 8. november med ein ny konferanse med tittelen «Strukturendringar i biblioteksektoren – Bibliotekutgreiinga under debatt» som nettopp skal handle om bibliotekstrukturen og kommunane si rolle.At  dette er eit aktuelt tema ser på den siste avisoppslaga frå den siste uka. Med heile framsida dekka med overskrifta «367 små bibliotek står i fare for å bli nedlagt» har regjeringsorganet Nationen satt standard for debatten. Både gjennom ein relativt stor artikkel og med omtale på leiarplass der dei åtvarar mot utviklinga. Eg trur at dette oppslaget kjem til å legge føringar for ordskiftet om bibliotekutgreiinga sjølv om bibliotekfolk som uttalar seg som t.d. Ruth Ørnholt i Hordaland og biblioteksjef i Vinje, Heikki Knutsen prøvar å nyansere kva ei slik konsolidering skal vere. Eg trur ikkje ein gong det hjelper at Jon Birger Østby i ABM-u er ute og seier at småbiblioteka er liv laga. Norge er eit land der lokaldemokratiet og kommunalt sjølvstyre står sterkt, det må me ta omsyn til òg i debatten om bibliotekstruktur.

ABM-u er òg sjølv under press for tida. Torsdag handsama styret ein evalueringsrapport frå Statskonsult om verksemda. Fredag var statsråden ute å varsla at han ville krympe det sentrale kulturbyråkratiet. Det er ikkje sikkert at desse to nyheitene heng saman, men det som er sikkert er at Giske i samband med regionreforma har eit sterkt press på seg for å gje frå seg kulturoppgåver til dei nye regionane. ABM-u er ein ny konstruksjon, fram til nå er det fleire grunnar til å stilla spørsmål med innsatsen. Konstruksjonen ABM har frå starten hatt problem med å definera seg i det landskapet det organisasjonen skal operera i. A-en i ABM har heile tida vært der fyrst og fremst av fonetiske grunnar. I Norge har me eit utbygd arkivverk under Statsarkivet som og arbeider under ei eiga lov. M-en i konstruksjonen har vore vinnar i kvart einaste budsjett dei siste åra, men det ser ut til å vere styrt direkte frå departementet. B-en slit med at ABM-u ikkje klarer å levere så pass basale tenester som bibliotekstatistikk i tide og at Nasjonalbiblioteket har ein klarare strategi og ser ut til å vere budsjettvinnar på bibliotekområdet. At institusjonen òg huser sekretariatet for den kulturelle skulesekken  som i siste nummer av A-magasinet blir skulda for å vere topptung taler vel heller ikkje til fordel for ABM-u når forvaltninga skal reformeras.

For Giske kan dette bli et dilemma. Han kan velje å gyve laus på forslaga i bibliotekutgreiinga, der ABM-u er pålagt (påfallande) mange oppgåver. Eller han kan òg la utgreiinga forsvinne ut i det blå, fordi motstanden mot strukturendringane er så store at kommunane neppe vil gjennomføra dei. Statsråden har dei siste dagane vist seg som ein tøff kar som ikkje lar seg presse av institusjonane. Det tyder på at han faktisk meiner det når han seier at dei sentrale aktørane skal saumfaras med tanke på korleis kulturmidla skal brukast.

Advertisements

Entry filed under: Bibliotekpolitikk, Regionreforma, Sjølvskryt.

Oktober Kampen om Den kulturelle skulesekken

2 kommentarar Add your own

  • 1. Gunhild Gjevjon  |  oktober 11, 2006 ved 7:13 am

    Hei Svei Arne

    Det er med glede jeg leser dine synspunkter. Dessverre har jeg av tidsmessige grunner dette året ikke anledning til å delta i noen form form debatt, men det kommer år etter dette. Lykke til.

    Gunhild G.

    Svar
  • 2. Svein Arne  |  oktober 12, 2006 ved 7:31 pm

    Takk til deg Gunhild og takk til alle andre som har gitt tilbakemelding på e-post eller SMS.

    NBF-veven har nå lagt ut evalueringsrapporten frå Statskonsult. Dette er ein intern evaluering av ABM-u. Ei slik evaluering vil vere nyttig i alle typar organisasjonar. For oss som i det daglege prøvar å leie ei tverrfagleg gruppe er òg rapporten lærerik.

    ABM-u er berre i liten grad evaluert ut i frå omsynet til omverda. Kva rolle har ABM-u for norske arkiv, bibliotek og museum? Kva rolle har ABM-u i utviklinga av politikken som departementa utviklar på desse felta? Det gjer ikkje denne evalueringsrapporten nokon gode svar på.

    Evalueringsrapporten gjer lite til eller frå i høve til mi analyse om ABM-u si moglege framtid. Det er likevel mogleg å lesa rapporten som skrifta på veggen for organisasjonen. Det er veldig uheldig for ABM-u at Kulturdepartementet ikkje fylgjer opp det tverrfaglege perspektivet som institusjonen representerer. Det største problemet er likevel at Kunnskapsdepartementet er heilt fråverande. Det kan tyde på at «eigaren» av størstedelen av biblioteksektoren i landet ikkje har ein link til det faglege utiklingsorganet for denne sektoren.

    Eg har fått kritikk for at eg stadig nemner dette med den uteblivande bibliotekstatistikken. Eg er klår over at det kan vere einvist og nemne dette kvar gong. etter mitt syn så er det slik at levering (og mottaking) av statistikktal er den einaste felles aktiviteten ABM-u har for alle landets bibliotek. Det er ikkje så mange bibliotek og bibliotektilsette som søkjer om utviklingsmidlar og det er heller ikkje så mange som deltek på møter og konferansar m.m. i ABM-u regi, men alle leverer statistikk og der klarer ikkje ABM-u å levere tilbake.

    Svar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Kalender

oktober 2006
M T O T F S S
« Sep   Des »
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
3031  

Most Recent Posts


%d bloggarar likar dette: